Hernar – mogeleg tidlegare kyrkjestad
Fra Norges Kirker
Anne Marta Hoff
Utfrå to stadnamn på øygruppa Hernar nord i Øygarden kommune, "Kyrkjesundet" og "Kyrkjeøyne", har spørsmålet vore reist om det tidlegare kan ha stått ei kyrkje her. Det er ingen skriftlege kjelder som gjev grunnlag for å svara på spørsmålet, og det er heller ikkje spor etter kyrkje på staden. Rygh skriv at "De under GN. 11 omtalte navne Kirkøen og Kirkosen ere ikke tilstrækkelige til at godtgjøre, at der engang har været Kirke paa Hennøen". (s.401, jfr. s. 389. Sjå elles Aspehaug s. 168.)
I 1944 vart det funne ein ring, truleg ein bispering, i jorda på Kyrkjeøya på Hernar. Ringen kom inn til Bergen Museum i 1950. (MA 309.) (Norges kirker, Bergen, bind 3, s. 13, ill.)
Bedehuset på Hernar vart oppført i 1953. Det er vigsla til kyrkjeleg bruk og det vert halde gudsteneste her eit par gonger i året.
Kjelder
Trykte kjelder
- A. Aspehaug, Øygarden 1850-1885, Tjeldstø 1992.
- Norges kirker, Bergen 3.
- O. Rygh, Norske Gaardnavne, XI, Kra. 1910.
Utrykte kjelder
- Bergen museum, Dei kulturhistoriske samlingane, Kortkatalog.