Hernar – mogeleg tidlegare kyrkjestad

Fra Norges Kirker

Sideversjon per 27. okt. 2020 kl. 14:52 av Kjartan (diskusjon | bidrag)
(diff) ← Eldre sideversjon | Nåværende sideversjon (diff) | Nyere sideversjon → (diff)
Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Utfrå to stadnamn på øygruppa Hernar nord i Øygarden kommune, "Kyrkjesundet" og "Kyrkjeøyne", har spørsmålet vore reist om det tidlegare kan ha stått ei kyrkje her. Det er ingen skriftlege kjelder som gjev grunnlag for å svara på spørsmålet, og det er heller ikkje spor etter kyrkje på staden. Rygh skriv at "De under GN. 11 omtalte navne Kirkøen og Kirkosen ere ikke tilstrækkelige til at godtgjøre, at der engang har været Kirke paa Hennøen". (s.401, jfr. s. 389. Sjå elles Aspehaug s. 168.)

I 1944 vart det funne ein ring, truleg ein bispering, i jorda på Kyrkjeøya på Hernar. Ringen kom inn til Bergen Museum i 1950. (MA 309.) (Norges kirker, Bergen, bind 3, s. 13, ill.)

Bedehuset på Hernar vart oppført i 1953. Det er vigsla til kyrkjeleg bruk og det vert halde gudsteneste her eit par gonger i året.

Kjelder

Trykte kjelder
  1. A. Aspehaug, Øygarden 1850-1885, Tjeldstø 1992.
  2. Norges kirker, Bergen 3.
  3. O. Rygh, Norske Gaardnavne, XI, Kra. 1910.
Utrykte kjelder
  1. Bergen museum, Dei kulturhistoriske samlingane, Kortkatalog.