Forskjell mellom versjoner av «Testlizy»

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
(Ny side: Sogn og Fjordane Årdal Øvre Årdal Bjørgvin Indre Sogn Mur Etter 1950 2008 <center><nowiki>[Fylke]</nowiki> Sogn og Fjordane</center> <center><nowiki>[Kommune]</nowiki> Årdal...)
 
(Tømmer siden)
 
Linje 1: Linje 1:
  
Sogn og Fjordane
 
 
Årdal
 
 
Øvre Årdal
 
 
Bjørgvin
 
 
Indre Sogn
 
 
Mur
 
 
Etter 1950
 
 
 
2008
 
 
<center><nowiki>[Fylke]</nowiki> Sogn og Fjordane</center>
 
 
<center><nowiki>[Kommune]</nowiki> Årdal</center>
 
 
<center><nowiki>[Stedsnavn]</nowiki> Øvre Årdal</center>
 
 
<center><nowiki>[Bispedømme]</nowiki> Bjørgvin</center>
 
 
<center><nowiki>[Prosti]</nowiki> Indre Sogn</center>
 
 
<center><nowiki>[Materiale]</nowiki> Mur</center>
 
 
<center><nowiki>[Periode]</nowiki> Etter 1950</center>
 
 
<center><nowiki>[Publiseringsår]</nowiki> 2009</center>
 
 
<center>Farnes kyrkje</center>
 
 
Anne Marta Hoff
 
 
Bakgrunn
 
 
Sjå Årdal kyrkje.
 
 
Bygningen
 
 
Farnes kyrkje er orientert med altaret i aust. Ho er plassert i eit område med skule, barnehage, den gamle kyrkjegarden og bustadhus som nære naboar, og skil seg ved orienteringa ut frå retningane i den eldre bygningsmassen. Vinklane i snitt og plan er rette, og ved materiale og form, ikkje minst det høge tårnet (30 m), merkjer kyrkja seg ut i bygda. Kyrkja har plass til … Ho vart vigsla av … den …
 
 
Bygningen har ei tilnærma kvadratisk grunnflate med utbygg nord på vestsida, aust på sørsida, sentralt på austsida og eit mindre utbygg på nordsida. På første plan er kvadratet todelt i lengderetning. Nordre del omfattar våpenhus, Konfirmantrom (peisestove), kyrkjelydssal, kjøkken og opphaldsrom for dåpsfolk og gang til desse romma. Utbygget mot nord har trapp ned til kjellarhøgd. I nordre halvdel av austtilbygget er det sakristi (prestekontor) og bårerom med eigen inngang frå aust.
 
 
Søndre halvdel av kyrkja omfattar sjølve kyrkjerommet med tilhørande dåpskapell i utbygget mot sør. I den søndre delen av tilbygget mot aust er eit ekstra kontor, lite kjøkken, garderobe og toalett og eigen inngang til kontora frå sør.
 
 
Det er kjellar under nordre halvdel av bygningen. Kjellaren inneheld garderobe og toalett, diverse lager og boder og rom for tekniske instalasjonar, og eit tilfluktsrom som også vert nytta i ungdomsarbeidet.
 
 
Murar
 
 
Kyrkja er murt opp av tegl og betong der teglsteinen dominerer både i eksteriør og interiør. Einskilde stader er den råe betongen brukt som markør, t.d. ved etasjeskiljet i trappa til galleriet der det er lagt inn ei betongstripe i teglmuren.
 
 
Dører
 
 
Hovudinngangen har fire dørblad av tre gjennombrotne av kasettverk med små, kvadratiske ruter. Tilsvarande dører, men smalare, fører frå våpenhuset til kyrkjerommet og til gangen framfor kyrkjelydssalen og andre rom. Dørene til desse romma er kledde med ståande bord. Dørene elles i kyrkja er enkle finérdører. Arkitektkontoret har levert teikningar til dørhandtak av massing.
 
 
Korskiljet
 
 
Altarrommet er markert med eit podium som er tre låge steg høgre enn kyrkjegolvet. Podiet held fram aust i ein nisje bak altaret. Koret er elles ein integrert del av kyrkjerommet, men plassert i aust.
 
 
Vindauge
 
 
Vindauga i kyrkja er plasserte som vertikale lysopningar i serie eller einskildståande. I tillegg er det fleire stader i bygningen overlys i form av kuppelforma glas i takflata. Der vindauga er plasserte i teglmur er det ikkje synlege rammer, med unntak av ein liten kvadrat nede som kan opnast. I kontorfløyen er rutene sette inn i rammer. Kyrkjerommet har åtte slike spalter i serie i sørmuren i dåpskapellet og ein tilsvarande serie i andre høgd i sørmuren over inngangen til kapellet. Her er det også to spalter på galleriet i vest. Under galleriet er det fire dørforma opningar i muren med uttrekt vegg med lysinnslepp i spalter på kvar side. Altarnisja har overlys som kjem inn frå vest, nedst på sørsida i nisja er det eit horisontalt vindauge. Kyrkjelydssalen har to høge spalter aust i nordmuren. Kjøkkenet har tre, og kvart av kontora tre spalter. Mindre, vertikale vindauge gjev lys til oppgangen i tårnet.
 
 
Golv og fundament
 
 
Fundamentet og kjellaretasjen er støypt i armert betong. Dette gjeld også golvet i første høgd, veggene i inngangspartiet (kledde med tegl) og golvet over våpenhuset og på galleriet.
 
 
Tak
 
 
Taka er i hovudsak flate og kviler på limtredragarar på tvers av murkronene. Dei er kledde ovapå med sveisa belegg dekt med singel. Kyrkjerommet har dobbel høgde under taket. Altarnisjen er noko høgre. Enkelte stader har taket beslag av kopar.
 
 
Himlingar
 
 
Himlingane er kledde mellom dragarane med smale, perforerte metallplater.
 
 
Tårn
 
 
Tårnet har kvadratisk grunnflate og går i alt åtte høgder opp frå kjellarfundamentet med våpenhus i andre høgd. Over galleriet har det fire tregolv og betonggolv under den øvste høgda som er kokkerom med fire opne hjørne med utstikkande kvadratiske takflater over kvart hjørne. I kvar høgd under klokkerommet er det lysopning vest i søndre vegg. Frå gallerihøgd er det oppgang via vindeltrapp i stål, vidare er det tretrapp med repos mellom kvar høgd.
 
 
INTERIØR
 
 
Altaret står fritt på podium framfor nisje i fondveggen med kyrkjas altarmotiv festa til veggen. Knefall på begge sider og sentralt framfor altaret, med godt rom innafor. På nordsida står preikestol med himling. Bak preikestolen er det montert klokkarstol mot nordre del av austmuren. Søraust for kyrkjerommet er det eit eige dåpskapell der skiljet mot kyrkjerommet er markert med to søyler og lægre takhøgd. Benkene i kapellet står på tvers. Sjølve kyrkjerommet har to benkeparti med sentral midtgang. Over vestre del går eit tverrgalleri med orgel. Nedre del av nordveggen i kyrkjerommet er faldevegg. Denne kan opnast mot kyrkjelydssalen. Det har ikkje skjedd viktige endringar i interiøret etter at kyrkja vart bygd.
 
 
Fargar
 
 
Kyrkjerommet framstår som mørkt, og materialbruken er dominerande. Veggene er av mørk raud tegl med innslag av betong med spor etter forskaling. Golvet er av grå skifer, himlinga mørk grå på brunbeisa limtredragarar. Altar og døypefont er kvite, medan preikestol med himling, benkene og lampane har lys trefarge (lakka). Altarpodiet har gulbrunt teppe.
 
 
Lys og varme
 
 
Elektrisk lys og varme.
 
 
INVENTAR
 
 
Altar
 
 
Altaret er murt opp i sement med innslag i offerdals-granitt med glattslipt altarplate og meisla sokkel. Det har kjerne av Leca armert med jarn og er teikna av Arnebergs arkitektkontor. Altarplata er 240 cm brei, 96 cm djup og 33 cm høg. Med den smalare og grunnare sokkelen er altaret 100 cm høgt.
 
 
Altarbilete
 
 
Materialbilete av Victor Smith (seinare Sparre). Tavla inneheld tre skilde element. Det største er laga innafor eit rektangel og er samansett av felt omkransa av metallskilje. Felta er utfylte med trebord, for det meste dekte av plater av massing og kopar, eller av glasmosaikk. Hovudfeltet viser Kristus framfor krossen med naglemerke, men med beina til sides for krossen, armane heva og fast og ope blikk mot tilskodaren. Under krossen på Golgatahaugen ligg tornekrona av piggtråd. Golgatahaugen, draperi (likklede?) eller skyer som heng ned frå Kristusfiguren, tverarmane og felt bak Kristi hender går ut i full breidde i rektangelet.
 
 
Øvst på veggen heng Faderens auga i sirkel med strålar innfatta i ein vertikal figur, nærast stjerneforma.
 
 
Mellom desse to felta er eit lite felt som viser ei due som symbol for Den heilage Anden. Tavla var ei gåve frå Sigvald Øvstetuns legat og Utladalen kyrkjering.<ref name="ftn1"><sup>Opplysning i Gåvebok i kyrkja.</sup></ref>
 
 
Knefall
 
 
Fast knefall av enkle jarnelement og med knelepute av skinn på øvste steg av altarpodiet. Knefallet dekkar dei to kortsidene og i tillegg er det eitt element sentralt framfor altaret.
 
 
Døypefont
 
 
Døypefonten er av same materiale og konstruksjon som altaret med glattslipt øvre del og meisla sider. Fonten står sentralt i ei nedsenka ”dåpsgrav” med enkelt rekkverk av jarn sentralt på kvar av dei fire sidene.
 
 
Arkitektkontoret laga også teikningar til piscinaen på søndre del av skipets austmur, ved døypefonten. Piscinaen er forma i massing og murt inn i tegl som står ut frå veggmuren.
 
 
Preikestol med oppgang
 
 
Kasseforma preikestol med tre tette sider og opning mot aust. Stolen har stolpar i hjørna, øvre og nedre ramme og felt med kassetteverk i kvar av dei tre sidene. Hjørnestolpane går nedafor ramma som bein. Nedre ramme går ut mot aust som eit andre steg, medan første steg er av skifer murt fast i golvet. Lesebrett på sørvestre hjørne.
 
 
Preikestolshimling
 
 
Himlinga over preikestolen heng frå himlinga i kyrkjerommet. Ho har kvadratisk flate større enn flata på preikestolen og er inndelt i kasettar med innlagt lys.
 
 
Lesepult
 
 
Lesepulten har rektangulære sider med kvadratiske hol tilpassa kasettarbeidet elles i kyrkja. Skrått lesebrett innafor sidene i overkant. Tverrtred nede i framkant. Truleg sekundær.
 
 
Benker og faste stolar
 
 
Klokkarstolen ved veggen på nordsida av altarpodiet er tilpassa kasettarbeida i preikestol og dører. Han har tette sider mot sør og vest og dels mot nord der det er opning ved veggen.Stolen vart teken i bruk i januar 1994.<ref name="ftn2"><sup>Gåver til Farnes kyrkje</sup></ref>
 
 
Galleri
 
 
Vestgalleriet er breitt og djupt og rommar orgel og plass til songarar, musikarar og anna. Galleribrystninga er i massiv armert betong med synleg forskalingsmønster. Vestmuren på galleriet er av tegl, men er pussa med sement innvendes. Himlinga under galleriet er flat og kledd med perforerte, smale plater.
 
 
Skulptur
 
 
Trerelieff i inngangspartiet, ”Dagen etter”, 1994. Laga og gjeve av Terje Norheim. Relieffet framstiller Golgata med tomme krossar.
 
 
Måleri
 
 
''Skisse'' av Victor Sparre. På bakgrunn av skissa er det i 1976 laga ein stor ''biletvev'' som heng på austmuren i kyrkjelydssalen. Teppet er vove av Johs Færøy.<ref name="ftn3"><sup>På kyrkjeferd 2, s. 271</sup></ref>
 
 
''Snitt'' av Victor Smith på prestekontoret. Signert Victor Smith -65.
 
 
Tavler
 
 
Enkle, kvitmåla nummertavler med stiftar omgitt av enkel treramme.
 
 
Rituelle kar
 
 
==== Kalk ====
 
# Kalk, standard sølvsmedvare. Vid, runda kupa med nebb, åttedelt nodus og utsvinga fot. Latinsk kross på kupa. Stempel 830 S, kalk i oval og TH. MARTHINSEN. Høgde 18,5 cm, diameter kupa 13,5 cm. Stempel ALPAKKA, høgde 10,3 cm
 
# Kalk, truleg brukt tidlegare i samband med soknebod. Utskrådd kupa, flat nodus under skaftledd, utsvinga fot,
 
 
==== Vinkanne ====
 
Kanne, truleg brukt som vinkanne i einskilde høve. Standard sølvsmedvare med pæreforma korpus og vid hellekant. Latinsk kross på korpus. Stempel: 830 S, TH. MARTHINSEN. Høgde 26,2 cm, diameter fot 11,3 cm.
 
 
==== Disk ====
 
Fat, standard sølvsmedvare med runda rand, nedsvinga side mot svakt konveks botn. Stempel 830 S, Kalk i oval og TH. MARTHINSEN. Diameter 17 cm.
 
 
==== Oblatøskje ====
 
Oblatøskje, sylinderforma med svakt konvekst lok med sider i same vide som korpus. Innskrift på korpus: MRS. ANNA HÆREID MIDTHUN 8.2.1964, MINNE FRÅ VENER I AMERIKA. Lainsk kross på korpus. Stempel: 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN.
 
 
==== Dåpsfat ====
 
# Dåpsfat av sølv brukt i interimskyrkja i Ungdomsheimen. Standard sølvsmedvare. Fatet har forsterka kant og svingar ned mot lett runda botn. Ytst på randa innskrift: GÅVE TIL FARNES KYRKJE FRÅ KYRKJEFOREININGA I Øvre årdal 1954. Due på sky med stråleglans i botnen. Stempel: 830 S, TH. MARTHINSEN. Diameter 37,7 cm, Høgde 5,1 cm.
 
# Dåpsfat laga til kyrkjas døypefont, Teikna av Arnebergs arkitektkontor.<ref name="ftn4"><sup>Teikning nr 117</sup></ref> Fatet har parabolform med flat kant som ytst er bøygd ned og kviler på fonten. På ei side er laga ei nedsenking i overgang mellom kant og skål som hellekant. Innskrift under randa: GÅVE TIL FARNES KYRKJE FRÅ DEN ELDRE KYRKJEFORENINGA 1970. Dekor i botnen på skåla due med olivenkvist. Ustempla. På arkitektteikninga står det at fatet skal utførast i børsta massing, det er i tilfelle forsølva. I gåveboka i kyrkja står det at fatet er laga av 4,5 kg sølv. Diameter 68 cm, høgde 8,5 cm, randa er 6 cm brei.
 
 
==== Kanne ====
 
Kanne til dåpsvatn. Standard sølvsmedvare. Pæreforma korpus med vid hellekant. Rille under halsen. Due på sky med stråleglans på korpus. Innskrift på foten: GÅVA TIL FARNES KYRKJE FRÅ KYRKJEFOREININGA I ØVRE ÅRDAL 1954. Stempel: 830 S, TH. MARTHINSEN.
 
 
Parament
 
 
==== Altarduk ====
 
Som altarduk vert brukt ein løpar i kunststoff med innvovne signingskrossar, levert av Slabbinck, Belgia.
 
 
==== Messehaklar ====
 
# Raud messehakel. Innskrådd form med rett nedkant. Vinraud grov ullkypert med stripeeffekt. Fôr av vinraud kypertvariant. Forsida har ein innvoven stolpe i lyst gulbrunt med grått senter, ryggsida har tilsvarande stolpe med ein kort vertikal stolpe på kvar side i brysthøgd som fungerer som krossarmar. Festa med glidelås på ei skulder. Hakelen er merkt STATENS LÆRERSKOLE I FORMING OSLO FORSØKSAVDELINGEN. Høgde 112/117 cm, breidde 113 cm.
 
# Grøn messehakel. Som raud messehakel, men i grøn ull i botnen og med fôr av gul silkesteng. Høgde 109/120 cm, breidde 108 cm.
 
# Fiolett messehakel. Som raud messehakel, men med fiolett ull i botnen og stolpe av raudt med gult senter. Fôr som raud messehakel. Høgde 110/119 cm, breidde 110 cm.
 
# Kvit messehakel. Som raud messehakel, men stoffet er ikkje så grovt. Botnen i dempa kvitfarge og stolpen har gult senter med gulltrådar på orange botn. På ryggsida er stolpens botn trekt ut til sidene ved krossarmane. Gult fôr. Hakelen er umerkt (sjå note 5). Høgde 117 cm, breidde 119 cm.
 
 
==== Stolaer ====
 
# Raud stola. Kypert med renning i to raudfargar, lysare striper sentralt, og grønt innslag. Over stripene er brodert kross på kvar side i form av vertikale striper i raudt, svart og gull og horisontal stripe i lyst raudt. Brodert gaffelkross i nakken. Fôr av raud silke. Merkt Marit Anny’s Vevstogo. Breidde 11,5 cm.
 
# Kvit stola. Grov ullkypert med gule og gylte kanttrådar og vertikale tråar for kross på kvar side i brysthøgd. Tverrarmar og likearma kross i nakken brodert med same tråd. Merkt Marit Anny’s Vevstogo. Breidde 11 cm.
 
# Grøn stola. Grov ullkypert med tre gulbrune og gullfarga aks broderte på kvar side og likearma kross forma som aks i tilsvarande broderi i nakken. Merkt Marit Anny’s Vevstogo. Breidde 10,5 cm.
 
# Fiolett stola. Grov ullkypert med svarte kanttrådar i renningen. Grå trådar for vertikale krossbjelkar på kvar side er også lagde inn i veven. Horisontale bjelke og kross i nakken er brodert. Merkt Marit Anny’s Vevstogo. Breidde 10 cm.
 
 
==== Preikestolklede ====
 
Preikestolklede i raudt, kvitt, grønt og fiolett av same stoff som messehaklane og med tilsvarande krossmotiv som desse har på ryggsida. Det raude, grøne og fiolette er merkte STATENS LÆRERSKOLE I FORMING OSLO FORSØKSAVDELINGEN. Det kvite kledet er umerkt.<ref name="ftn5"><sup>Den kvite messehakelen og det kvite preikestolkledet kan vera ein modell utarbeidd (av Grethe Lein Lange?) til bruk for Statens Lærerskole i forming.</sup></ref> Høgde 95 cm breidde 29 cm.
 
 
==== Kalkdukar og dåpsserviettar ====
 
Kyrkjene i Årdal brukar kalkdukar med maskinbrodert nattverd-motiv og dåpsserviettar med maskinbrodert due. Dei døypte får servietten i gåve saman med dåpslyset.
 
 
Lysstell
 
 
==== Altarstakar ====
 
# To like stakar laga til altaret i kyrkja. Stakane har vid lysskål med sylindrisk, hengjande kant, smalt og kort sylinderforma skaft og høg, sylinderforma fot. Lyspipene er integrerte i skaftet, dei er dekte av enkle metallok. Innskrift under lysskåla: GÅVE TIL FARNES KYRKJE FRÅ SYNNEVA, HERMANN, OLAV OG SØREN MIDTTUN. Stempel: 925 S, drikkekanne i kvadrat, J. TOSTRUP, JT i oval og OSLO. Høgde 12,2 cm, høgde fot 6 cm. Diameter oppe 20 cm, diameter fot 14 cm.
 
# To like stakar brukte i interimskyrkja. Standard sølvsmedvare med lyspipe integrert i lysskål som svingar inn mot sylindrisk skaft over utsvinga fot. Latinsk kross på foten, innskrift med skriveskrift på motsett side av foten: Til minne om foreldri mine Ole P. Hæreid og Ranveig Jørgensdatter f. Vetti. Anna Hæreid Midthun 1959. Stempel. 830 S, meisterstempel (M. Aase?), Ni kvadrat og 203.
 
 
==== Andre stakar ====
 
Tre trearma og fleire enkle sølv lysestakar av barokk form til bruk i kyrkjelydssalen. På den eine av dei trearma er det ei innskrift: Minne om Jørund og Olav Øren. Dei andre stakane skal vera gåve frå kyrkjeforening. Stakane er produserte av Th. Marthinsen.
 
 
==== Lysglobe ====
 
Lysgloben har standard form og er laga av elevar på maskin og mekanikarlina ved Årdal vidaregåande skule.
 
 
==== Lysekroner ====
 
Firkanta lysekroner forma av furubord med sinka hjørne som ramme om inndelte felt, fire x fire i hovudkronene, med ei lyspære i kvart felt. Fire på kvar side over benkene og fire mindre over galleriet. Elles enklare armatur.
 
 
Klokker
 
 
# Klokke (a) frå Olsen og Nauen, Tønsberg. Innskrift på ei side med versalar: Farnes kyrkje 1970. På den andre sida relieff med kross i akantus med krone og innskrift: AV GUDS NÅDE TIL GUDS ÆRE. Diameter 110 cm, høgde 105 cm med krone, 85 cm utan.
 
# Klokke (b) frå Olsen og Nauen, Tønsberg. Klokka har innskrifta Farnes kyrkje 1970 på den eine sida. På den andre sida relieff med due med olivenkvist og innskrifta: TIL FRED, TIL TRØYST / GÅR UT MI RØYST. Diameter 92 cm, høgde 87 cm med oppheng, 73 utan.
 
# Klokke (c) frå Olsen og Nauen, Tønsberg. Innskrift på den eine sida: Farnes kyrkje 1970. På den andre sida relieff av oppslegen bok med kross og innskrift BIBLEN (sic) og innskrifta LAND, LAND, LAND, HØYR HERRENS ORD. Diameter 74 cm, høgde med oppheng 74 cm, høgde utan oppheng 58 cm.
 
 
Orgel og andre instrument
 
 
''Orgel'' frå Vestlandske Orgelfabrikk, 1970. Orgelet har 20 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Fasaden har rette vinklar og slette flater med metallpiper i alle opningar. Sidetårna er lægre enn midtfeltet som er inndelt i tre felt stigande mot midten. Svellverk over spelepulten.
 
 
Disposisjon:
 
 
 
{| style="border-spacing:0;"
 
| style="border-top:0.5pt solid #000000;border-bottom:0.5pt solid #000000;border-left:0.5pt solid #000000;border-right:none;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| Brystverk
 
| style="border-top:0.5pt solid #000000;border-bottom:0.5pt solid #000000;border-left:0.5pt solid #000000;border-right:none;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| Hovedverk
 
| style="border:0.5pt solid #000000;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| Pedal
 
 
|-
 
| style="border-top:0.5pt solid #000000;border-bottom:0.5pt solid #000000;border-left:0.5pt solid #000000;border-right:none;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| Tremolo
 
 
Kromhorn 8’
 
 
Principal 2’
 
 
Spillfløyte
 
 
Cymbal 3 fag
 
 
Kvint 1 1/3’
 
 
Kvintatøn 4’
 
 
Gedakt 8’
 
| style="border-top:0.5pt solid #000000;border-bottom:0.5pt solid #000000;border-left:0.5pt solid #000000;border-right:none;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| Tremolo
 
 
Trompet 8’
 
 
Mixtur 1 1/3’ (?), 4-5 fag
 
 
Octav 4’
 
 
Sesquinter 2 fag
 
 
Hullfløyte 2’
 
 
Spissfløyte 4’
 
 
Rørfløyte 8’
 
 
Principal 8’
 
| style="border:0.5pt solid #000000;padding-top:0cm;padding-bottom:0cm;padding-left:0.191cm;padding-right:0.191cm;"| Fagott
 
 
Prins.-bass8’
 
 
Skalmay 4’
 
 
Nachthorn 6’ (?)
 
 
Subbass 16’
 
 
|}
 
''Piano'','' ''Jacob Knudsen.
 
 
''Harmonium'', Vestre.
 
 
''Flygel'', Petrof
 
 
Bøker
 
 
Bibel, Chr. 1900. Gåve.
 
 
Møblar
 
 
Fire stolar til bruk i korpartiet.
 
 
Offerkar
 
 
Treskål på altaret
 
 
Kollekthovar av standard type med motstilte handtak og brunspetta stoff med vovne band over skøytane.
 
 
Blomstervasar
 
 
# Blomstervasar, to like. Traktforma korpus på usvinga fot. Den eine slått skeiv i overgangen mellom korpus og fot. Stempel: 830 S, kalk i oval og A. Høgde 22,3 cm, diameter oppe: 11,7 cm.
 
# Blomstervasar, to like. Konisk korpus på rilla, kort skaft over utsvinga fot. Innskrift på korpus: MINNE OM FORELDRI MINE PEDER SØLFESTSON ØVSTETUN * 12.9.1861 + 26.2.1938, MALENE ERIKSDOTTER F. MOEN * 15.5.1860 + 8.4.1945 FRÅ KARL ØVSTETUN, SOLDIERS GROVE, AMERIKA. Gåva vart gjeven i 1970. Stempel: 830 S, kalk i oval og B. Høgde 22,7 cm, diameter oppe: 11,6 cm.
 
# Blomstervasar, to like. Pæreforma korpus på flat fot. Gjevne til bruk i kyrkjelydssalen og peisestova. Innskrift på korpus: FARNES KYRKJE FRÅ ÅRDALSKLUBBEN I OSLO STARTET 1947. Stempel: D-A (David-Andersen), 830 S og skålvekt. Høgde 20,1 cm, diameter fot 9,4 cm.Stempel: DAVID-ANDERSEN, NORWAY STERLING 925 S. Total høgde 20 cm, høgde korpus 11,8 cm, Diameter korpus 17,6 cm.
 
# Blomsterurner, to like. Sylinderforma korpus på smalare, sylinderforma fot. Innskrift oppe på foten: MINNEGÅVE FRÅ MALENA HJELLE + 1-1-1984.
 
 
Diverse
 
 
Biletvev, Tullik Simensen i bårerommet. Jesus på krossen med kvitkjortel og opna, framstrekte armar. Tullik Simensen også i Stille rom?
 
 
 
KYRKJEGARDAR
 
 
Kyrkjegardar
 
 
# Den eldste kyrkjegarden i Øvre Årdal vart teken i bruk i … og ligg mellom Storevegen og kyrkja. Denne vart utvida mot aust i … .
 
# Framfor kyrkja er det laga ein kyrkjebakke eller –torg, steinlagt og med tilplantingar i bed. Plassen er omgitt av teglsteinsmur og har gjennomgangsveg i nord-sørleg retning. Kring kyrkja er det elles eit parkområde med tre og plen. Skulptur i parken sør for kyrkja av Leif Anders Larsen. ’Kvinnedraumen i treet frå jordas indre’.
 
# I … vart det laga ein ny og større kyrkjegard lengre vest på den andre sida av Storevegen og under Ravneberget. Denne kyrkjegarden er hippodromforma med brei grusgang kring og med jordvoll i ytterkant. Kyrkjegaraden er også ved hjelp av grusgang delt i to med sentral gang i lengderetning og kvar halvdel er igjen inndelt med fem(?) tverrrgåande grusgangar og med høg rosehekk i kvart felt. På jordvollen i endane av sentralaksen er det reist tre krossar i austenden og klokketårn i vestenden. I nordvestre hjørnet er det eit sirkulært felt i høgde med jordvollen og med grusgang kring. '''Det er truleg for nedsetting av urner. I …''' vart kyrkjegarden opprusta med ny portal, benker, vatnpostar med meir under leiing av anleggsfirmaet Svein Boassen.
 
 
Bygningar knytte til kyrkjegardane
 
 
# Sentralt på den eldste kyrkjegarden står ein klokkestøpul med konvergerande hjørnestolpar kledd med liggjande staffpanel og med lågt pyramideforma tak toppa av kross. Dør på nordsida. Ev klokke er ikkje registrert. Det vart laga klokke til støpulen i '''19..'''
 
# Klokkestøpul på den nye kyrkjegarden. Støpulen er av betong med rektangulære sider av betong. Forsida er opi, baksida er opi i nedre del, i øvre del bak klokka er det sett inn eit panel Over klokkeopphenget er støpulen dekt med betong. I den opne, nedre delen er det vindeltrapp i metall avstengt med metallgitter. Klokka er eldre enn kyrkjegarden og kan vera kommen frå den eldste kyrkjegarden. Mellom ringar på halsen står det at ho er ”GEG. V. BOCHUMER VEREIN og på korpus har ho følgjande innskrift: KALD PAA GAMMEL OG PAA UNG MEST / DOG PAA SJÆLEN TRÆT OG TUNG SYG FOR / DEN EVIGE HVILE.
 
# Utafor inngangen til kyrkjegarden er det eit lågt, panelt båre og reiskapshus.
 
 
KJELDER
 
 
Utrykte kjelder
 
 
Arnstein Arnebergs arkitektkontor. Det finst omfattande dokumentasjon med eit detaljrikt teikningsmateriell til kyrkja på kyrkjekontoret. Det har ikkje vore tid til å gå gjennom dette.
 
 
Protokoll i kyrkja med oversyn over gåver.
 
 
Trykte kjelder
 
 
Oppmålingsteikningar og fotografi
 
 
 
Hovudprinsipp for beskriving av inventardelar
 
 
 
Gjenstand, meister, år, materiale, kort karakteristikk og utdjupande beskriving, mål og ev. personalhistoriske opplysningar i tillegg til beskrivinga. Ofte er meister og år ukjende og ein tek då berre med den korte karakteristikken, t.d. ”snekkararbeid frå renessansen”.
 
 
 
Gjenstandane skal beskrivast ovafrå og ned, bortsett frå altartavlene der ein tek til nede slik billetprogrammet i altartavla er ordna.
 
 
 
Gjenstandane skal beskrivast kronologisk innafor kvar gjenstandsgruppe.
 
 
 
Snekra og skorne delar skal omtalast samla, deretter følgjer opplysningar om fargar/måling.
 
 
 
Måla som vert oppgjevne er alltid største mål dersom ikkje noko anna vert opplyst. Måla vert nemnde som følgjer: høgde, breidde, diameter eller djupn. Ved kyrkjeklokker, dåpsfat og disk nemner ein diameteren først.
 
 
 
Døme på beskriving, altartavle frå Ørskog: ''Altartavle'', truleg utført av Peter Nagelsen i 1640-åra. Eik(?), bilthoggararbeid i to høgder med predella, kroning og vengjer, rikt utstyrt med relieff, friskulptir og ornamentikk. På predella nattverden mellom søylepostament med englehovud. Storfelt med krossfestingsgruppe, flankert av nisjer med apostlar: Jakob den yngre til høgre og Fillip til venstre. Mot storfeltet søyler ornerte med blomar og englar, På sidene pilastrar med apostelhermer, Matias til høgre og Tomas til venstre, i tillegg masker og frukter. Gesisms med englehovud, blomar og frukter og konsollar med englehovud. Vengjer med bruskverk og profilstilte englehovud. I øvre høgd måleri av Oppstoda med kvinnene ved grava, flankert av apostlar i bogefelt, Matteus til høgre og Bartelomeus til venstre. Vengjer med bruskverk. Ytst på kvar side Lauresius til høgre og Andreas til venstre. Ornerte søyler og hermepilastrar. Gesums med englehovud og masker, konsollar med englehovud. Krone med Chr. IVs krona monogram i bruskverkkartusj, på toppen Salvator mundi, på sidene Jakob den eldre til høgre og Simon til venstre. (Er ein usikker på identiteten kan aattributtet likevel nemnast.)
 
 
 
Når det gjeld ''målinga'', skal ein, om det er råd, gjera greie for om fargane ligg på kritgrunn og om det er lim- eller oljefargar, og om tavla har fleire lag med farge. Vanlegvis kan ein ikkje gjera greie for fargane i detalj, men må konsentrera seg om hovudfargar, t.d. ”Raudt ramverk med grøn staffering, blåmarmorerte søyler med gylte kapitel”.
 
 
 
''Altarring''. Gjer greie for planform, ev. port med plassering, forma på rekkverket (baluster, spiler eller bord), handlista og knefallet med trekk.
 
 
 
''Døypefonten''. Delane i ein døypefont vert nemnde som kum, skaft og fot. Dersom det er tapphol skal dette takast med i beskrivinga.
 
 
 
I beskriving av ''preikestolen ''skal ein ta med kor mange fag (sider) han har. Fyllingsfelta på ein vanleg renessansepreikestol vert kalla storfelt og øvre og nedre smalfelt. Storfelta er ofte utstyrte med portalforma ramverk.
 
 
 
''Benkene.'' Endestykka vert kalla vangar.
 
 
 
Avskjæringar i ''portrett'' vert omtalte med orda: skulderbilete, brystbilete, halvfigur, hoftebilete, knebilete, heil figur.
 
 
 
''Dreiingar'' vert omtalte sett frå tilskuaren. ”Dreiing mot høgre”. Når ein beskriv ein figur, må ein derimot sjå det frå figurens synsstad: ”Han held ... i høgre handa”.
 
 
 
''Møblar''. Her skal enkle tekniske detaljar nemnast. Når det gjeld kister, skal det takast med om dei er sinka eller gjerda, eller om dei berre er haldne saman med trenaglar eller jarnband.
 
 
 
I omtale av ''stolar'' brukar ein nemningane toppstykke, ryggbrett, (akterstav)l frambein, armlenstøtte, sarg, beinsprosse og bindingsbrett (mellom frambeina). Ein skil vidare mellom baksprosse, sidesprosse og framsprosse. H-kryss er også ei nemning som vert nytta. Det vert gjort greie for om sprossene sit høgt eller lågt.
 
 
 
Under ''rituelle kar'' nemner ein begeret i kalken som kupa, kuleleddet i skaftet som nodus. (Nodus har ofte seks koppar med gravert innskrift: IHESUS). I omtalen av foten brukar ein nemninga sekssida (rette sider) eller sekspassforma (boga sider). Vidare brukar ein nemninga seksblada for å beskriva ei avsetting, t.d. over ein vulst. På gotiske kalkar vert det ofte tala om ein standkant, ofte forsynt med gitterbord.
 
 
 
Dersom ein gjenstand har ''meisterstempel ''er det nok å nemna meisteren ein gong og då i samband med stempelet, t.d.: ”Sekspassforma fot med vulst som ber stempelet MFH (Morten Finchenhagen) og krona C med talet 712 (Christiania 1712)”. Ta nærbilete av alle gamle stempel.
 
 
Bergenssølv – stemplar frå laugstida
 
 
 
Utdrag frå Thv. Krohn-Hansen og Robert Kloster: ''Bergens gullsmedkunst fra laugstiden'', Bergen 1957.
 
 
 
Scan!
 
 
 
 
 
----
 
<references/>
 

Nåværende revisjon fra 21. mai 2012 kl. 09:34