Odda kyrkje og Berjaflot kapell

Fra Norges Kirker

(Omdirigert fra 122800201)
Hopp til: navigasjon, søk
Odda kyrkje og Berjaflot kapell
FylkeHordaland fylke
KommuneOdda kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.070199,6.547818
FellesrådOdda kirkelige fellesråd
Kirke-id122800201
Soknekatalognr07040201
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Odda kyrkje ligg inne på ein tange eller ein odde mellom botnen av Sørfjorden og elva Opo. Omkring kyrkja er det parkområde, parkeringsplass og kyrkjegard. Nordaust for kyrkja ligg soknehuset som er kyrkjesenter for Odda kommune og har kontor for dei tilsett ved kyrkja i tillegg til forsamlingsrom. Den første kyrkja ein kjenner frå Odda var ei steinkyrkje, truleg frå andre halvdel av 1200-talet. Ein kan ikkje sjå bort frå at det før denne kan ha stått ei trekyrkje på staden. Steinkyrkja, som stod noko lengre nord, vart riven på 1870-talet etter ein lang diskusjon om ein skulle utvida henne eller byggja ny kyrkje. Ei ny tømmerkyrkje vart oppført i 1870. Kyrkja vart vigsla 4. nov. av biskop Peder Hersleb Graah Birkeland. Ho gjennomgjekk eit omfattande arbeid i 1955 under leiing av arkitekt Torgeir Alvsaker. Kyrkjegarden rundt kyrkja vart etter kvart for liten, og løysinga vart å opparbeida ein ny kyrkjegard på Berjaflot på eit høgdedrag vest i bygda. Gravplassen vart teken i bruk i 1932, og to år etter stod gravkapellet på Berjaflot ferdig, også det etter teikningar av Torgeir Alvsaker.

Steinkyrkja frå andre halvdel av 1200-talet

Kyrkja vert først nemnd i 1309 og seinare fleire gonger, særleg i første halvdel av 1300-talet. Det var ei gråsteinskyrkje med hjørne og innfatningar av kleber om dører og vindauge. Opningane var spissboga. Skipet var etter arkitekt Chr. Christies oppmåling 13,2 m langt og 10,7 m breitt, koret 6,3 m langt og 7,5 m breitt.[1] Etter oppmålingar i 1686 (og 1721) var kyrkja 24 (20) alner lang og 19 (19) alner brei. Koret var 12 (12) alner langt og 13 (12) alner breitt. Framfor vestinngangen stod eit tømra våpenhus som var 4,5 alner langt og 6 alner breitt.

Gjenstandar som finst på museum

Bergen Museum

Klebersteinshovud a, Klebersteinshovud b, Kross frå mønet, Altarfrontale

Nasjonalmuseet, Oldsakssamlinga

Krusifiks.[2]

Kyrkja frå 1870

Bygningen

Kyrkja er ei langkyrkje av tømmer med tre skip under eitt saltak. Koret er smalare enn skipet, men like høgt, og saltaket strekkjer seg til om lag midtveges av korets lengde og dekkar siderom til koret med sakristi på sørsida og det som opphavleg var rom for dåpsfølgje på nordsida. Austre delen av koret er avslutta med brotne hjørne under smalare og lægre saltak med tredelt valming mot aust. Vest for skipet står eit tårn med kvadratisk plan. Kyrkja gjennomgjekk ei omfattande fornyingsarbeid i 1955, etter plan av arkitekt Torgeir Alvsaker. Arbeidet omfatta mellom anna ei utviding nordover av siderommet nord for koret som no fungerer som forsamlingsrom med kjøkken. Det er seinare sett inn toalett i første høgda i tårnet under tårntrappa.

Vegger

Kyrkja har vegger av lafteplank. Langveggene i kyrkjerommet er inndelte i fem fag ved hjelp av fire opplengjer. I kvart fag er det eit høgt, smalt vindauge. Opplengjene korresponderer med mellomstolpar som parvis flankerer midtskipet i kyrkja. Mellomstolpane var tidlegare avstiva mot bjelkeverket med formskorne kne. Desse vart i 1995 fjerna og stolpane fekk kapitel av plater med ulike kristne symbol på sidene (kross, alfa-omega, chi-rho, chi-jota og fleire). Koret har tre sider i tillegg til langveggene. Veggene er også her lafta opp i plank, med vindaugsopningar aust i langveggene og i skråveggene, alle høgt plasserte. Dei opphavlege sideromma til koret er også av lafteplank, medan det sekundære tilbygget i nord er i moderne bindingsverskonstruksjon. Veggene i kor, skip og tårnfot vart i 1955 kledde innvendes med ståande vekselpanel med karnissprofil. Opplengjene vart også innekledde. Veggene i korets siderom er kledde med plater og tapetserte. Utvendes er veggene kledde med glattkanta, sulagde bord. Opplengjene er ikkje markerte. Hjørna er innkassa. Under takskjegget er veggen avslutta med enkel innkassing av bord og plate. Nede over grunnmuren er veggen avslutta med eit vatnbord av ein mest horisontal planke med rette hjørne (nyare). Kyrkja er måla bleikt gul utvendes, med kvite lister og gerikter og brune dører.

Dører

Inngangsdøra frå mellomalderkyrkja står i våpenhuset. Døra er sett saman av to breie plankar som er samla med fas. På tvers har døra vore samanbunden med to labankar festa med trenaglar. Dei to ganggjerna av smijarn er avslutta med liljeform som går inn på den andre planken. Spor i døra viser at gangjarna og andre mellomalderske jarnbeslag har vore flytta eller har forsvunne. Dørflata har eit mønster av trekte profilar. På øvre halvdel er det slått ein sirkel i døras breidde. Sentralt i sirkelen finst kryssingspunktet for ein spissa andreaskross som går ut til dørhjørna nede og til midtveges på plankane i overkant. Nede er det slått ein halvsirkel mellom krossbeina. Mønsteret kan tolkast slik at plankane kan ha stått i ein annan samanheng tidlegare. I tillegg til dette gjennomgåande mønsteret er det rissa inn ei mengd merke, mest bumerke. Hovudinngangen har fløydører vest i tårnfoten og tilsvarande fløydører vest i skipet. Desse og dører frå koret til sideromma er originaldører med tre fyllingar i ramme, den øvre og nedre nærast kvadratiske, den i midten liggjande. Innvendige gerikter er sløyfa ved arbeida i 1955, eit tverrstilt bord skil mellom dør og vegg. Dørene mellom korets siderom og kyrkjegarden er frå arbeida i 1955 eller seinare, med enklare fyllingar og utvendes kledning av teak.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip er markert ved at golvet er eit steg høgre i koret og at koret er smalare. På steget flankerer låge brystningar frå 1955 midtgangen med tre fyllingar på kvar side. Hjørna mellom kor og skip har innkassa laftehovud til begge sider. Innkassingane mot koropninga ber ein tverrliggjande gesims på kapitel. Over denne er eit bogefelt under skipets tønnekvelv. Her er monterte motiv skorne i tre: ein latinsk kross over sol og tre stjerner.

Vindauge

Kvar av langveggene i skipet har fem høge, smale vindauge. Også i korets siderom har opphavleg hatt slike vindauge. Vindauget i sakristiet er der framleis, innafrå er berre nedre del synleg under himlinga i rommet. På nordsida er vindauget teke vekk i samband med tilbygget. Koret har vindauge i skråveggene og lengst aust i langveggene. Vindauga sit høgt på veggene, underkanten ligg om lag 175 cm over golvhøgd. Ytre vindauge er originale. Dei er inndelte med to vertikale og ein horisontal post, og elles med horisontale sprosser i små ruter. Den lågt gavlforma øvre avsluttinga har diagonalt kryssande sprosser. Ekstra vindauge vart sette inn på innsida i samband med arbeida i 1955.[3] Vindauga vart leverte av G. Rognaldsen, Bergen.[4] Desse har to rammer og er elles inndelte som originalvindauga. I staden for tresprosser er inndelinga med blyband. Glaset er ”katedralglas”. Innvendige gerikter er sløyfa og erstatta av tverrstilte bord i samband med panelinga i 1955. Vindauga i koret skil seg noko frå vindauga elles. Dei er mindre og underkanten ligg høgre enn i skipet. Dei indre vindauga i koret har ei anna inndeling enn vindauga elles. Dei har ei ramme med to horisontale sprosser. Glaset er inndelt med bly i små ruter og med glasmåleri i midtglaset (sjå nedafor under Interiør). Dei ytre glasa er tilpassa dei indre og har no tre ruter.

Golv og fundament

Fundamentet er av naturstein. Utvendes er grunnmuren pussa. Golvet i midtgangen låg opphavleg lægre enn golvet under benkene. Dette vart endra i samband med arbeida i 1955.[5] Skip og kor har no golv av breie golvplankar som er lagde i jamne skift i lengderetning. Tilsvarande golv i sakristiet er dekt av nålefilt. Rommet nord for koret har teppegolv.

Tak

Det slake saltaket dekkar skipet og vestre del av koret med siderom. Austre del av koret har lægre og smalare saltak avslutta i aust med valming i tre delar. Takutstikket er kort. Taket er eit enkelt sperretak med sperrer, hanebjelke og bindbjelkar som korresponderer med opplengjer og mellomstolpar i skipet og kviler på desse. Over mellomstolpane kviler også ein dragar i lengderetning. Mellom bindbjelkane går det stikkbjelkar med synlege bjelkehovud frå raftehøgd inn over dei langsgåande dragarane. Sperrene er dekte med sulagde bord som underlag for ruteheller.

Himlingar

Ved arbeida i 1955 vart himlingane underkledde med plater. Himlingane i sideskipa er horisontale og inndelte i felt ved smale slisser i platene. Det er tre felt i kvart fag i tillegg til eit stokkebreitt felt mellom opplengje og mellomstolpe. Tønnekvelven over midtskipet er inndelt på tilsvarande måte, men har også fire langsgåande måla striper avgrensa innafor kvart fag. Langsgåande og tverrgåande striper dannar åtte kryssingspunkt i kvart fag, punkta er markerte med stjerne. I koret er det lagt flat himling av plater med kryssande lister som dannar kvadratiske felt. Himlingane er i overkant festa til formskorne trebogar.

Tårn

Tårnet er oppført i bindingsverk med kvadratisk grunnflate med same flatemål i tre høgder. Over dette nivået skrår eit lågt, pyramideforma skjørt inn mot ei åttekanta lanterne som er dekt med inntrekt, åttekanta hjelm avslutta med kule og kross. Tårnkonstruksjonen har hjørne- og mellomstolpar avstiva med andreaskrossar. I tillegg er konstruksjonen styrkt med fire kraftigare indre tårnstolpar frå grunnen og opp under indre ramme for skjørtet. Desse indre stolpane er i dei ulike nivåa bundne til ytterveggene. Første høgda har inngang gjennom våpenhus, oppgang til andre høgda på nordsida og sekundært innebygt toalett og vask under trappa. I andre høgda er ein gang med dør til galleriet, eit sekundært oppført arbeidsrom, og sekundært avdelt gang i sør til loftstrappa som går opp på vestsida av tårnet. Tredje høgda er klokkerom med klokkestol og tilgang til loftet. Utvendes er veggene kledde med sulagde bord som kyrkja elles. Innvendes har veggene same ståande panel frå 1955 som skip og kor, det same gjeld oppgangen til andre høgda og gangen der. I gangen til loftstrappa viser den gamle kledninga av liggjande bord spikra til bindingsverket. Veggene i klokkerommet er ikkje kledde innvendes og viser konstruksjonen. Øvre hjørne er avstiva med sjølvvaksne kne. Skjørt, lanterne og hjelm kviler på øvre ramme i tårnet. Tårnet har opphavlege dører vest i første høgda (sjå ovafor under dører) og mellom skip og våpenhus. Det er også opphavleg fløydør mellom gallerihøgd og orgelgang. Dørene elles er sette inn ved seinare ombygging. Vindauge og andre opningar er originale og omfattar eit høgt vindauge på kvar av sidene i første og dels andre høgd, eit lite, rektangulært vindauge over vestinngangen i andre høgd og lydluker med gavlforma overdekking til tre sider i klokkerommet. Den åttekanta lanterna er utvendes markert med hjørnelister og listverk oppe og nede. I tillegg er det på kvar side festa gerikter for eit høgt, smalt blindt vindauge. Spiret på den åttekanta hjelmen har kule og kross.

Tilbygg

Siderommet på nordsida av koret vart utvida i samband med arbeida i 1955 ved at det høge vindauget i nordveggen vart fjerna og eit rom med tverrstilt saltak og med austvegg i flog med austveggen i kyrkja (før austre del av koret) vart oppført. Tilbygget har vindfang og dør ut mot vest og eit kvadratisk vindauge på gavlveggen i nord. Eit tilsvarande vindauge er teke ut i mot aust i den gamle kyrkjeveggen, her var det truleg tidlegare dør inn frå kyrkjegarden tilsvarande døra inn til sakristiet. Innvendes er tilbygget kledd med plater og tapetsert. På golvet ligg heildekkande teppe på plater. Breidda på den tidlegare tømmerveggen er markert med eit sprang i austveggen.

Interiør

Veggene i koret utgjer fem sider av ein åttekant, og den åttekanta altarringen med altar og altartavle fyller det meste av austre del av koret. I norvestre hjørne er det sitjeplass og bord for medhjelparar og i sørvestre hjørne oppgang til preikestolen etter veggen. Preikestolen står aust i skipet ved hjørnet mellom kor og skip. Døypefont i nord og lesepult i sør flankerer midgangen i koret. Skipet har benkeparti på begge sider av midtgangen. Det er fri passasje på sidene med veggbenker. Eit breitt tverrgalleri dekkar vestre del av skipet. Her er orgelet plassert sentralt under midtskipskvelven, spelepulten er tverrstilt ved galleribrystvernet. På sidene har galleriet benker.

Fargar

Veggpanelet frå 1955 er umåla og har mørkna. I 1955 vart heile golvet slipt og lakka. Sidan er det lakka fleire gonger og no er det brunleg. Fargesettinga elles er også frå 1955. Himlingane i koret og i midtskipet er gråblå, i skipet med gullfarga stjerner på svart rutenett. Sideskipshimlingane er bleikt varmraude. Stolpar og listverk er måla lyst grågrøne med grøn marmorering og grøne fasar. Benker, preikestol, brystvern på galleriet og i korskiljet, altar og altarring er haldne i lyst og mørkare grågrønt. Med gråblå innslag og staffering i raudt, gull og mørk blått. I midtgangen og framfor benkene ligg ein melert mørkt plommeraud løpar i nålefilt. Ved steget opp til koret er denne avløyst av eit like breitt handvove brureteppe i ull på linrenning. Teppet har symbola kross, anker, hjarte, lysestake og timeglas. Botnen er lyst blå, endeborder er raude og symbola er utførte i kvitt og svart. Teppet vart vove av Odda Bondekvinnelag og var tenkt brukt ved brurevigsler.

Glasmåleri

Glasmåleria i skråveggene i koret står i samanheng med altartavla som sentralt har ei framstilling av Krossfestinga. Til venstre for altaret viser biletet Inntoget i Jerusalem med ein ung Jesus med lyst hår og krossglorie er vist på eselet og tre personar breier klede og palmegreiner på vegen. Glasmåleriet til høgre for altartavla viser Oppstoda der Kristus, framstilt med vengjer som bryt overkant av biletflata, stig ut av grava og skubbar steinen til sides. Dei tre kvinnene ved grava er framstilte undrande i nedre del av biletet. Dominerande fargar er raudt og blått. Glasmåleria er signerte Frøydis Haavardsholm nede i høgre hjørne og vart monterte i 1961.[6]

Lys og varme

Elektrisk lys og varme. I samband med arbeida i 1955 vart dei gamle vedomnane i kyrkja fjerna og det vart lagt inn elektrisk oppvarming med varmeplater i sete og rygg på benkene og i taket i koret.[7]

Inventar

Altar

Kassealtar av ståande eintoms bord med not og fjør festa til ramme nede og oppe. Oppe er sidene avslutta med profilert list under totoms bordplate, nede med profil som del av sokkel. På kortsidene har ramma losholt mellom hjørnestolpar som støtte for indre hylle. Baksida har dør til altaret. Altaret er 192 cm breitt, 92,5 cm djupt og 100/107 cm høgt. Ein kopi av Odda-frontalet, måla av Bjørn Kaland 1970, er no sett inn i front av altaret.

Altartavle

Snekkararbeid frå renessansen i ei høgd med predella og toppstykke. Tavla har i ein periode vore ute av bruk og delar av tavla er vekke og i seinare tid erstatta av nytt arbeid. Dette gjeld i hovudsak toppfeltet og elles mindre element som konsollar etc. Predella har tre sidestilte, kvadratiske biletfelt i rammer. Hovudpartiet har eit sentralt, rektangulært billetfelt og sider med to biletfelt over einannan, det øvste høgst. Alle biletfelt innramma. Midtfeltet og sidefelta er flankerte med i alt fire pilastrar med enkle basar og kapitel med innsette diamantformer. Pilastrane står på og ber arkitrav. Hovudpartiet har sidestilte vengjer. Øvre arkitrav ber gesims som base for toppfelt med sentralt biletfelt flankert av søyler som ber gavl med tannsnitt. Dette er flankert av tilsvarande, men mindre, gavlar på gesimsen. Predellaen har ei framstilling av Nattverden sentralt, flankert av Lukas til venstre og Johannes til høgre. Det sentrale biletfeltet i hovudfeltet viser Krossfestinga. Til venstre for dette er Moses vist i den øvste ramma over evangelisten Matteus, begge vende mot den krossfeste, Moses peikar på Jesus. Til høgre for Krossfestinga er Aron vist over evangelisten Markus, begge vende mot Jesus på krossen. Toppfeltet har sekundær måling og viser Oppstoda i det sentrale biletfeltet. I dei tre gavlane er biletframstillingar av sigerslammet til venstre, Guds auge sentralt og kvit due i sky til høgre. Fargane er i hovudsak raudt og grått med innslag av andre fargar som blått, gull og fleire. På baksida av predella og hovudpartiet under biletfelta er ei opphavleg måla innskrift:

TILL GUDS ÆRE OC HANS HUSIS PRYDELSE HAVER DENNE CHRIST:ELSKENDE MENIGHED UDI ODDE SOGN HUER EFFTER SIN STand EFFNE OC FORMUE AFF KIERLIGHED TILL GUD OC HANS ORD FORÆRET OC BEKOSTET DENNE ALTERTAFFLE MED SIN SKILDER atz FORGYLDNING OC MALING BEKREFTER DERIS SOGNEPREST HENRICUS TOBIÆ DOSSIUS ANNO 1688. BOTHOLPHI Dag som er den 17 Juny.

Bak på toppfeltet er det festa ein lapp med følgjande innskrift:

Alle dele merket x er nye. Snekkerarbeidet er utført av Knudsen i Marken, polykromering av Bjørn Kaland, Oppstandelsen malt av Lars Grundt.

Då kyrkja var ny i 1870, vart den gamle altartavla montert inn i ei nygotisk ramme og fargane til dels endra. Toppfeltet vart då teke vekk og skal ha vore sendt til Nordiska Museet i Stockholm.[8]

Altarring

Altarringen og altaret står på eit åttekanta podium der altarets bakside tangerer den austre kanten. Det er opning, tidlegare port, i ringen ved altarets sørside. Kvar side har ramme med tre fyllingar i ramme under og over knefallet. Under som ytre vegg og over som brystvern. Knefallet er stoppa og trekt med lyst raud fløyel kanta med gul frynsesnor. Flat handlist og indre hylle for særkalkar. Ved altaret står ein kneleskammel med svungne bein, beina er høgre bak enn framme. Kneleputa er stoppa og trekt med ein biletvev som viser krossen mot stjernehimmel.

Døypefont

Døypefonten har kum, skaft og fot, alle delar med åttekanta form. Kummen har nedsenking for dåpsfat innafor åttedelt ramme som kviler på utsvinga list over innskrådde sider mot nærast flat botn. Rett skaft og utskrådd fot. Nede på skaftet skilt med innskrift: Gåve frå Odda Sparebank 1955.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har åttekanta form og seks fag. Kvart fag har to fyllingar i ramme og er kledd innvendes med ståande bord. Handlista er stoppa og den og lesebrettet er trekt med raud fløyel kanta med gullfarga frynser. Oppgang i sju steg og med ope gelender mot nord ved sørveggen i koret. Botnen har åtte sider som svinga inn mot åttekanta skaft på kvadratisk fot.

Preikestolshimling

Botn av åttekanta preikestolshimling oppbevart i tårnet i kyrkja.

Benker

Benkene i kyrkja er frå arbeida i 1955 og vart leverte av Ulvik Trevarefabrikk.[9] Dei har rette vangar og heile, skrå ryggar og er i tillegg til vangane støtta av ein bukk under midten. Vangane har fylling med påsett kannelert felt som ber kross. I tillegg til desse benkene er det montert veggbenker i kyrkja.

Galleri

Kyrkja vart oppført utan galleri, i 1889 vart det vedteke å løyva midlar kr til galleriet.[10] Tverrgalleriet vest i kyrkja er halde oppe av to tverrgåande bjelkar, ein ved vestre opplengjepar, denne er også understøtta av vestre par mellomstolpar og av stolpar ved midtgangen, og ein under fronten, denne kviler på veggstolpar og på stolpar som flankerer midtgangen. Over desse to bjelkane er det ved stolpane kløfta ned fire bjelkar i lengderetning. Himlinga er underkledd med plater (1955) med smale striper som på himlingane elles. Stripene markerer festepunkt for moderne lysarmatur med ei lampe i kvart av dei vestre felta. Golvet på galleriet er avtrappa i fire nivå. Det nedste med god plass til spelepult, kor og anna. Golvet er kledd med teppe. Brystvernet på galleriet er ei einsarta rekke med mest kvadratiske fyllingar i ramme.

Måleri

Presteportrett, olje på lerret, signert på venstre side: Lars Osa. Lysmål 63 x 52 cm. Måleriet framstiller Olav Martin Sortland som var prest i Odda frå 1916 til 1955, frå 1937 også prost i Hardanger og Voss prosti.[11]

Rituelle kar

Kalk

a) Kalk med høg kupa med forsterka kant, skrådde sider og runda botn, øvre skaftledd over flat, alderdommeleg nodus med seks tungeformer over og under midten som har seks diagonalstilte knoppar. Nedre skaftledd og foten går i eitt, svingar sterkt ut ned og rundar ned og ut mot smal standkant. Nodus og innsida av kupa er gylte. Inngravert stripe under øvre kant. Innskrift med skriveskrift på nodus: Odde Kirke 1870. Stempel: Sju kuler (Bergen), 13 1/3, SOELBERG, 4 M og (18)70. Høgde: 24,6 cm, diameter fot: 12,4 cm. Det er skaffa innsats med nebb til kalken. Innsatsen er gylt innvendes. Stempel: 830 S, meisterstempel og M. AASE. Diameter 11,9 cm, høgde 11,1 cm.

b) Kalk (som i Skare). Kalken har runda kupa med kvelva lok med isett tut. Loket har knopp i form av kløverkross på halvkule. Rundt øvre skafltledd, runda nodus med rille sentralt og jamt utsvinga fot. Kalken er dekorer med siselert bord nede på loket, oppe på kuåa og nede på foten. Innskrift på sida av kupa: Odda Kyrkja 1924. Latinsk kross på motsett side. Stempel: M. AASE, 830 S. Høgde med kross ca 26 cm.

c) Særkalkane er alle av tilnærma lik form. Halvrund kupa som truleg har vore gylt innvendes, kort øvre skaftledd over runda nodus som går direkte over i utsvinga fot som i ytterkant svingar ned i to steg. Dei er av sølv, produserte av M. Aase. Alle er om lag 8 cm høge og foten har diameter 6,1 cm.

Vinkanne

Kyrkja har to rebekkakrukker i porselen frå Bing og Grøndahl. Krukkene er svarte med gylt kløverbladkross på korpus og med gullkant på loket, rundt foten og kring den kløverbladforma munninga. Krukkene er ikkje i bruk. Stempel: B&G, høgde om lag 32 cm ved hanken.

Disk

a) Disk med nedsenkt og svakt runda botn og smal rand. Fullstempla med Bergensstempel, 13 1/3, AIS, 4 M og (18)70. Diameter 14,7.

b) Liten disk, truleg til glutenfritt brød. Disken har nedbøygd rand mot flat botn med latinsk kross. Dekorert kant. Stempel: 830 S og Lo. Diameter 9 cm.

Oblatøskje

a) Oblatøskje i porselen frå Bing og Grøndahl, sylinderforma med kvelva lok. Øskja er svart med gylt kløverbladkross på loket og med gullkant rundt loket og på kanten nedst. Stempel B&G, høgde om lag 7 cm med lok, diameter 13,5 cm.

b) Oblatøskje for brød utan gluten, sylinderforma med latinsk kross på loket. Stempel: Tårn, TH. MARTHINSEN, N i kvadrat og 12, høgde 6 cm, diameter 4 cm.

Soknebodssett

Kyrkja har eit lite soknebodssett med kalk, disk, vinkrukke og oblatøskje. Settet er bevart i originalt etui.

a) Kalk av sølv med gylt kupa med rette, utskrådde vegger og runda botn og forsterka kant. Øvre skaftledd er avgrensa med snodde band mot kupa og nodus. Nodus er rund og avgrensa med snodd band også i underkant mot utsvinga fot på standkant. Rundt kupa går ei siselert bølgjerand flankert av striper. Kalken har driven dekor under kupa. Rundt øvre skaftledd er ein tornekrans, på nodus druer og vinlauv, foten er firdelt med vinstokkar som veks opp frå signingskrossar. Krossane er bundne saman med eit skriftband ytst på foten: ODDA KYRKJA 1916. Stempel: MH (Hammer), 830 S og Hammers meisterstempel. Høgde: 12 cm, diameter oppe: 7 cm.

b) Disk av sølv, gylt. Diskens rand svingar ned mot flat botn. Dobbel bølgjekant ved kanten, signingskross i botnen. Stempel: MH, Hammers meisterstempel og 830 S. Diameter 6,6 cm.

c) Vinkrukke. Nedre del er glatt og forma som kupa og er plassert i kupa ved oppbevaring. I overkant bogar krukka opp og inn mot sentral opning med gjenger til skrukork. Korken har snodd band nedst under sikksakkbord og signingskross i overkant. I den boga oversida rundt opninga er eit drive mønster av druer og vinlauv. Stempel: MH, 830 S og Hammers meisterstempel. Høgde om lag 6,7 cm, diameter om lag 7 cm.

d) Oblatøskje av sølv innvendes gylt. Sidene er innsvinga mot vulst med drive mønster av aks(?). Oppe og nede er sidene avgrensa med snodde band. Loket går flatt inn før det kvelvar seg mot ein ståande latinsk kross, omgjeven av drive mønster med strålande tornekrone. Krossen er gylt. Stempel: MH, 830 S og Hammers meisterstempel. Diameter 6,8 cm, høgde med kross om lag 4,6 cm. Kyrkja har også eit nyare soknebodssett som no er i bruk. Ustempla.

Dåpsfat

a) Dåpsfat av massing med smal rand med skrå, forsterka kant og runda skål. På eine sida har kanten oppheng av ring festa med massingband som er nagla fast gjennom ytre del av randa. På motsett side er fatet reparert ved at eit segmentforma massingstykke er fjerna og erstatta med eit nytt som er nagla fast til randa. Diameter 41 cm, høgde om lag 11,5 cm. Fatet kjem frå den tidlegare kyrkja.

b) Dåpsfat i sølv med forsterka kant og svakt skrådd rand med innskrift og emaljeornament, nedsenkt botn med svakt skrådd side og svakt konsveks botn med driven dekor. Innskrift: LAT SMÅBORNI KOMA TIL MEG / HINDRA DEI IKKJE! / FOR GUDS RIKE HØYRER SLIKE TIL. Mellom delane av innskrifta er det skrudd fast tre trekanta felt med blå emalje og motiv og rand i sølv. Motiva er due med glorie, Guds signande hand og kross og krone. Motivet i botnen er livsens tre og likearma kross med strålar i krosshjørna. Under botnen har fatet innskrift: GÅVA FRÅ ODDA SPAREBANK 1955 og stempel: 925, meisterstempel og M. AASE. Diameter 41,4 cm, høgde 6,5 cm.

Kanne

Kanna har dråpeforma korpus på brei fot. Kanten er skrått avskoren og går over i stort nebb, den skrå lina held fram ned i overkant av haken som er festa i korpus. På den eine sida er festa eit rundt sølvfelt med laurbærkrans kring due med glorie på blå emaljebotn. Innskrift under botnen: GÅVA FRÅ ODDA SPAREBANK 1955. Stempel: 830 S, meisterstempel, N i kvadrat, M. AASE og Håndarbeid. Høgde ved nebbet: 24,1 cm. Diameter fot: 10,5 cm.

Parament

Av liturgiske klede som no ikkje finst i kyrkja nemner Bendixen:

Et skulderstykke af sort fløiel med guldfrynser og dobbelkors med slyngninger omkring tilhører formodentlig 17. aarh. Endelig findes der et violet overstykke af silke med rødt for. Alterdugen har broderet rand, alterklædet er rødt med sølvbord.[12]

Altarduk

a) Altarduk brodert med kvit lintråd på kvit lin. Duken har ei 29 cm brei bord av hardangersaum på tre sider og ei smalare bord på den fjerde sida. Hovudborda viser vekselvis chi-rho og kross med anker og hjarte i gavlforma felt og er avslutta i ytterkant med tungekant. Duken er sliten og broderiet er sekundært montert på nytt linstoff.

b) Altarduk med ei 13 cm brei bord i hardangersaum på tre sider. Borda er sydd med kvit lintråd på kvitt linstoff. Ho viser åttekanta felt skilde med andreaskrossar (oxo-motiv). Felta har vekselvis krossar og chi-rho med alfa og omega i form av A og O.

Messehaklar

a) Raud, skjoldforma messehakel. Seint 1800-tal (?) – stoffet er truleg fornya. Hovudstoffet er djup raud fløyel, fôret er av mørk raud silke, forsterka under skuldrene med ny fiolett fôrsilke. Festa på venstre skulder med tre hekter. Hakelen er kanta med eit 5 cm breitt gullband med eikelauvmønster. Framme i halsen går kantinga ned i spiss. På framsida er påmontert eit fylt gullbroderi med stråleglans kring trekanta felt med dei hebraiske teikna for Jahve. På ryggsida er gullbandet lagt dobbelt og bretta inn i hjørna og dannar ein kross med dekorative trekantfelt ved endane av krossarmane og i krossmidten. I sviklane er det strålekrans i same teknikk som på framsida. Under krossen er også montert eit fylt gullbroderi som viser kryssande palmegreiner. Fløyelen er lite slitt i forhold til dei fylte broderia, og desse er truleg flytta frå ein eldre messehakel. Høgde 104 cm, breidde ved skuldrene 56 cm.

b) Grøn messehakel med innsvinga, spissa form. 1941. Stoffet er eit grønt silkestoff (eller viskose) i fantasibinding, kanta med tynn, grøn silkesnor. Fôret i gult lerret av silke (eller viskose). Hakelen har eit applikert band som formar y-kross på ryggsida og som i front har tilsvarande form, men her er midtstopen avslutta under krossmidten. Bandet har broderi av stiliserte vinranker. Krossmidten på begge sider har applikert sirkel med brodert motiv omkransa av broderte liner. Ryggsida har ei framstilling av pelikan som matar ungane sine med sitt eige blod. Forsida har Chi-rho med alfa og omega. Merkt ODDA KYRKJA, DNH, 1941. Høgde 110 cm, breidde ved skuldrene 73 cm.

c) Kvit, rettsida messehakel. Truleg 1957. Stoffet er av damask (i viskose eller silke?) og viser likearma, lysande krossar i sirklar. Fôret er av gult lerret (viskose?). Hakelen er kanta med eit smalt gullband i halsen og rundt kanten og er festa med (to av) tre hekter på venstre skulder og med (sekundær) glidelås. På forsida er brodert chi-rho med gulltråd i leggsaum, på ryggsida er applikert ein turkis kross i silke. På og kring denne er det broderi med gulltråd i leggsaum. Broderiet utgjer kontur kring krossen og ein kross på det turkise stoffet. Bak krossen sol med strålar i same tråd og teknikk. Merkt DNH. Høgde 105 cm, breidde 61 cm.

d) Fiolett, rettsida messehakel. 1957. Stoff og fôr som kvit messehakel, sjå ovafor, men med ulik farge. Fôret er lyst beige. Hakelen er kanta med eit smalt sølvband i halsen og rundt kanten og festa med tre hekter på venstre skulder. Framsida har stolpe med breitt sølvband i midten og smale på kvar side med brodert, broten line i sølvfarga tråd mellom. I brysthøgd er stolpen broten og dannar ein kross med korte tverrarmar og med broderte stjerner i sviklane. Ryggsida har latinsk kross i same materiale og teknikk. Merkt DNH. Høgde 105 cm, breidde 62 cm.

Fire messeskjorter er oppbevarte i kyrkja.

Lysstell

Altarstakar

To forsølva massingstakar, truleg frå 1600- eller 1700-talet. Stakane har fått tilsett lyspipe til altarlys, medan ev pigg er fjerna. Under lyspipa har dei vid lysskål over balusterforma skaft som står på ein vid, profilert fot med høg kant. Foten kviler på tre runde kuler, i overkant forma som bein som er festa på undersida over standkanten. Kring det tjukkaste leddet på skaftet er det eit band med symmetrisk plasserte innprikkingar på ujamn botn. På ei side er bandet utan slikt mønster, her kan det ha vore feste for skjold eller liknande. Høgde om lag 37 cm, diameter fot 21,6 cm.

Lysekroner og lampettar

a) Lita barokk lysekrone med balusterforma skaft og stor kule med knopp. Krona har seks s-forma lysarmar med skjellforma lysskåler og med lyspiper for levande lys. Over lysarmane er seks c-forma armar som endar i klokkeforma reflektorar. Bendixen beskriv krona som ”meget vakker”.[13]

b) Nyare lysekrone i barokk form med balusterforma skaft, kule med knopp og tre høgder med s-forma lysarmar. Elektrisk lys. Krona heng framfor galleriet.

c) Nyare lysekrone i barokk form med balusterforma skaft, kule med ring og fire høgder med s-forma lysarmar, av minkande breidde oppover. Elektrisk lys. Truleg den lysekrona som vart skaffa i samband med arbeida i 1955.

d) Samstundes (1955) vart 20 messinglampettar i barokk form plasserte langs veggene og på mellomstolpane.[14]

e) Standard lysglobe i smijarn.

Klokker

Det vart skaffa to nye klokker til kyrkja i 1896. Den eine av dei to gamle vart då teken i byte hjå klokkestøypar Nauen, den andre vart kjøpt av ein englendar og opphengd ved Odda folkeskule.[15] Denne siste er no kommen attende til kyrkja og heng i våpenhuset.

a) Klokka i våpenhuset. Klokka har innskriftsband mellom riller på halsen: CONRADT (VON?) AACH BERGEN 1756. Diameter 42,5 cm, høgde ca 30 cm utan krone og vel 39 cm med krone.

b) Klokke frå Nauens klokkestøyperi 1896. Innskrift: TIL ODDE KYRKJE. Kyrkjeverja hadde også fått namnet sitt støypt på klokka, men dette er meisla vekk. Diameter 62 cm, høgde 54 cm med krone og om lag 43 cm utan.

c) Klokke frå Nauens klokkestøyperi 1896. Diameter 74 cm, høgde 67 cm med krone, 53 cm utan.

Orgel og andre instrument

Orgel

a) Det første orgelet i kyrkja var eit husorgel som vart nytta første gong 24. juli 1887.[16]

b) Neste orgel var laga av Olsen & Jørgensen orgelfabrikk. Lars Søraas laga disposisjonen med 19 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Fasaden vart teikna av T. Alvsaker. Orgelet vart teke i bruk 30.01.1923.[17]

c) Nytt orgel vart skaffa frå Norsk Orgel-Harmoniumfabrikk A/S. Orgelet, som vart teke i bruk 27.10.1968, har 36 stemmer fordelte på 3 manualar og pedal. Orgelet har 2304 piper og er eit sløyfeladeorgel med elektrisk traktur og registratur.[18] Fasaden er symmetrisk med rette liner kring brystverk og tårn .Orgelet har følgjande disposisjon:

Piano, Schimmel, nordaust i skipet.

Cembalo, umerkt, søraust i skipet.

Bøker

Ikkje registrerte

Møblar

Kyrkja har to avlastingsbord som er laga i same stil og med same fargesetting som anna inventar frå 1955. Borda har bordplate med brei sarg der det er skore ut signingskrossar som dels går nedafor sargen, to på kvar langside og ein på kortsida. Plata kviler på to åttekanta bein som står på sokkelplate med avtrappa sider.

Brurestolar i eik i barokk form med stoppa sete og rygg trekt med gyllenlêr. Stolane har akantusskurd på bindigsbrett og toppstykke. Hovudmotiv i gyllenlêret er blomeurne under drapert krone. Stolane er umerkte.

Forlovarstolar i eik i barokk form med stoppa sete og rygg trekt med gyllenlêr. Stolane har akantusskurd på bindingsbrett og toppstykke. Hovudmotiv i gyllenlêret er blomar mellom akantuslauv. Stolane er umerkte.

Offerutstyr

Eldre bøsse (1600-talet?) er opphengt på stolpe ved utgangen, montert på nyare konsoll av smijarn. Bøssa har jarnbeslag og lås og spalte for pengeinnkast i loket. Høgde 19 cm, breidde 18,4 cm, djupn 17,7 cm.

Offer ved altaret vert lagt i nyare kiste av eik. Kista har lok med hank og to spalter. Lås i forkant. Alle sider er inndelte i rutemønster, og rutene ved hjørna har påsette krossblomar i massing. Umerkt. Høgde om lag 33 cm med hank, breidde 50 cm, djupn 26 cm.

Standard kollekthovar med ring med motstilte handtak av tre og grøn pose med brunleg fôr.

Blomstervasar

To blomstervasar med trektforma korpus som under eit band av fem riller svingar inn mot ring i skiljet mot foten. Foten har kvelva overkant broten av åttesida form som svingar ut og endar glatt mot kort standkant. Innskrift på kupa: Odda kyrkja 1937. Stempel: 830 S, M. Aases meisterstempel, N i kvadrat og 828. Høgde 24 cm, diameter oppe 12,6 cm.

Diverse

Vievasskar. Det er oppbevart ei skål av kleberstein, truleg frå mellomalderkyrkja, som kan ha fungert som vievasskar. Skåla er åttekanta med vulstar i ytterkant. Diameter 18 cm, høgde 8,3 cm. Skåla er montert på ein stolpe på sørsida ved inngangen på ein nyare konsoll av smijarn.

I ein periode frå slutten av 1880-åra var det svært mange turistar i Hardanger-bygdene, og desse har sett merke etter seg i fleire kyrkjer. I Odda finst eit reiseskrin med skoren innskrift på loket: The Society for the Propagation of the Gospel 19 Delahay St London. I kista finst utstyr til feiring av katolsk messe: Kalk, disk, vinflaske, kalkduk, altarduk, messeskjorte og dei nødvendige bøker.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegarden ved kyrkja

Kyrkjegarden strekkjer seg nordetter og austetter og har smalare passasjar mot vest og sør. Mot sør, nord og vest har kyrkjegarden tørrmura steingard, medan austsida ikkje har noko form for gjerde. Hovudinngangen er gjennom overdekt port rett vest for hovudinngangen i kyrkja. I nordaust ligg soknehuset og sør for dette står det store tre mellom kyrkja og vegen.

Gravminne og minnesmerke

Det er kun to graver og eitt minnesmerke att på kyrkjegarden ved kyrkja. Dei to gravene ligg aust for koret, minnesmerket sørvest for inngangen til kyrkja. I tillegg er det bevart fem runde endesteinar for mellomaldergraver i kleberstein, tre (a, b og c) inne i våpenhuset og to (d og e) på kyrkjegarden der dei er monterte på sokkel av betong. Gravminne a har også bevart skaftet som har stått ned i jorda. Det er sekundært rissa årstal og initialar inn i steinane. Minnesmerke. Ein høg, tukta stein med innskriftsplate og skjold er sett opp i sørvestre hjørne på kyrkjegarden. Han er omgitt av skiferheller innafor innhegning med fire hjørnesteinar sammanknytte med kjetting. Øvst på vestsida av steinen står: 17 MAI 1914, nedafor innskrifta er hogge ut eit skjold med den norske løva og nedst er eit rektangulært ståande felt med innhoggen innskrift: BYGDI REISTE STEINEN TIL MINNE UM DEI ODDINGAR SOM FOR HUNDRAD AAR SIDAN STRIDDE FOR HEIM OG FEDRELAND.

Kyrkjegarden på Berjaflot

Kyrkjegarden på Berjaflot vart første gongen teken i bruk i 1932. Han ligg inntil ei bergrekkje som går nord – sør på vestsida av Odda, og utvidingar må i hovudsak skje mot nord og sør. Felta er til dels skilde med planta hekkar av ulike slag. Det meste av kyrkjegarden er avgrensa mot vegen i aust med glattpussa og kalka mur dekt med skiferheller. Hovudinngangen er gjennom mura, rundboga portal søraust for kapellet. Portalen er glattpussa og kalka og er dekt med saltak med rektangulære lappheller. På sørsida er det i tillegg mura ein mindre rektangulær inngang under tverrstilt saltak. Begge opningane har feste for tidlegare nytta portar. I gavlfeltet på begge sider er årstalet 1934 i smijarn sett inn i muren. Kyrkjegarden har også inngangsport mot sør og i nordaust. Porten i sør er i smijarn hengsla til dei innsvinga murvangane. Også ved inngangen i nordaust er muren svinga inn mot kyrkjegarden, men her er det også mura opp portstolpar i upussa stein til feste for porten. Portstolpane er samanbundne i overkant av pergola av tre. På kyrkjegarden er det laga vatnpostar i form av små basseng. Det eldste er truleg det åttekanta bassenget som ligg nær inngangen til kapellet og tek opp forma ved inngangstrappa.

Gravminne og minnesmerke

Dei eldste gravminna ligg sør og søraust for kapellet (del 2 og 3),[19] og delar av dei eldste felta må no nyttast oppatt. På feltet rett aust for kapellet, 3F, er det ein del eldre barnegraver, dels med skulpturerte gravminne. Sør for inngangen er det bygd opp ein terrasse og i bergveggen på vestsida her er det laga eit minnesmerke over falne frå Odda under andre verdskrigen. Det sørlegaste feltet er avsett til urnelund, og dette er markert med ein eigen stein.

Berjaflot gravkapell

Gravplassen på Berjaflot vart teken i bruk i 1932 etter mange års planlegging. Gravplassen ligg eit stykke frå kyrkja og terrenget opp dit er bratt. Dette gjorde det tungvindt å ha gravferdene frå Odda kyrkje og alt i 1934 var det reist eit eige kapell i samband med gravplassen. Arkitekt Torgeir Alvsaker teikna kapellet med inspirasjon frå den tidlegare steinkyrkja i Odda. Det økonomiske løftet vart letta ved at 14-15 år gamle elevar ved Odda fagskule bygde kapellet under leiing av læraren murmeister Olaf Jensen.[20]

Bygningen

Kapellet står utan tårn, med kyrkjerom og inngangsparti frå sør under eitt saltak og korparti med apside innafor nordinngang og to siderom under eit smalare og lægre saltak.

Veggene er mura opp og glattpussa utvendes og innvendes. Nordmuren har apside med kvartkuleforma kvelving over halvsylindrisk vegg. Utvendes mot sideromma er veggene i apsiden skrådde. Dørene frå kyrkjerommet inn til sideromma står i rundboga opning, og saman med apsiden gjev dei nordveggen eit triumfbogemotiv som også speglar seg i galleriveggen over utgangsdøra der galleriet er tredelt med ein stor boge flankert av mindre rundbogar.

Golvet er av smale golvbord lagde i lengderetning på golvbjelkar.

Inngangsportalane i sør og i nord er begge rundboga. Hovudinngangen i sør har fløydør med to rektangulære dørblad i rundboga, tredelt ressess med støypt, likearma kross i tympanonfeltet. Portalen er flankert i ytre murliv av flate pilastrar avslutta oppe med klebersteins-urner i relieff. Frå døra går ei trapp i tre steg ned til eit åttekanta platå omgitt av låg mur med utgangar til sør og via trapp mot vest og aust. Platået er skiferdekt og forma som stjerne sentralt. Stjerna og åttekanten har truleg symbolverdi i samband med bruken av huset som gravkapell. Døra i nord er rund som opninga i muren. Dørene i kapellet er gjennomgåande fyllingsdører med fem liggjande fyllingar. Ytterdørene har færre og større fyllingar, utvendes er dei dekte med eit diagonalt rutemønster. Apsiden er flankert av mindre rundboga ressessar med rektangulære dører til sideromma. Frå sideromma er det også dører til gang som har utgang mot nordvest.

Kapellet har korskilje i form av høge brystvern som flankerer midtgangen. Brystverna har fyllingar med faldeverk i ramme og er avslutta mot midtgangen med snodd meklar avslutta oppe med korintisk kapitel.

I 1958 vart det bygd opp eit krematorium(sjå nedafor) knytt til kapellet gjennom gang på nordvestsida. Krematoriet har dør til gang som også fungerer som handikapinngang inn til kyrkja. Dørene her er glatte, finerte fløydører.

Kapellet har smale og høge vindauge som dels står åleine, dels kopla saman i seriar på to eller tre. Vindauga har nærast elipseforma øvre avslutting. Dei er plasserte i ytre murliv og innvendes har dei skrå smiger og sålbenk. Vindauga er eirams og inndelte med sprosseverk. Hovudportalen er flankert av eit lite vindauge på kvar side. Over portalen er det tre større vindauge og i loftshøgd to små. Kvar av langveggene har to små vindauge i inngangspartiet og tre store i sjølve kyrkjerommet. Vindauget lengst framme i vestveggen er sekundært fjerna på grunn av ombygging. Kordelen av kapellet har to kopla små vindauge i langmurane og eitt på kvar side av inngangsdøra i gavlmuren.

Dei to saltaka er tekte med rektangulære lappheller. Takkonstruksjonen er ein sperreverkskonstruksjon.. Kyrkjerommet har tønnekvelv bygd opp av strå og festa til bogar av tre. Kvelven er trekt ned over øvre del av vindauga og går over i veggen utan markering av anfanget.

Kjellaren har kjølerom, arbeidsrom og nedre del av katafalk. Inngangen er gjennom fløydør aust i sørveggen.

Interiør

I apsiden er det bygt opp eit to steg høgt podium med trapp opp på begge sider. Sentralt på podiet står ein stol for ledaren av gravferdritualet. Stolen er flankert av pidestallar med blomeurner og framfor stolen er podiet avslutta med eit kateter eller ein talarstol med lesebrett og med kort og låg skranke med knelepute mot inngangen. Sentralt framfor skranken er ein innebygd katafalk. Katafalken strekkjer seg mot midtgangen i skipet, men på kvar side er det markert eit korskilje. Skipet har midtgang med benkeparti på sidene. Over inngangspartiet er det galleri med orgel og med oppgang på austsida.

Murverket er kvitmåla eller kalka medan treverk som dører, vindauge, benker, korskilje og liturgiske møblar er mørkt gråblå med klutmarmorering. På golvet i kyrkjerommet ligg det brune nålefiltfliser.

Vindauga i langmurane i kyrkjerommet og det tredelte vindauget sentralt på galleriet har blålilla, farga glas med ulik fargestyrke.

Kapellet er oppvarma med elektrisitet, lyset er også i hovudsak elektrisk, men i apsiden er det også fleire stakar for levande lys.

Inventar

Det er ikkje noko altar i kyrkja i dag, med det finst oppbevart inventar, m.a. altar, med den same marmoreringa som i kapellet i tårnet i Odda kyrkje.

Apsiden er kvitfarga og utan motiv, på gavleggen på vestsida vart det tidleg på 1980-talet sett inn ein figur forma som ein strekfigur i smijarn. Figuren viser Jesus med opne armar framfor krossen.

Framfor talarstolen står eit enkelt, rett knefall med stoppa og skinntrekt knelepute og med fyllingar i ramme. Bak og under handlista er ei hylle for særkalkar.

Kateteret eller talarstolen har tre sider med fyllingar i ramme. Fyllingane har faldeverk i relieff og fronten har snodde halvsøyler med korintiske kapitel ved kvart hjørne. På kateteret er festa eit lesebrett.

Benkene i kyrkjerommet har i utgangspunktet rette vangar som er innsveifa over og under setehøgd. Sekundært er undersida av vangane avskåren i bakkant slik at vangane no skrår. Formskorne setefjøler og heile ryggar med fyllingar i ramme. Kvar benk har eit ekstra bein i midten som i bakkant går opp over setehøgd som støtte for ryggen.

Galleriet har brystvern av traleverk under handlist i dei tre opningane i muren. Golvet ligg i eitt nivå.

Orgelet er frå J. K. Jørgensen. Det har enkel, rektangulær fasade med tre opne felt med metallpiper. Spelepulten står på tvers vest på galleriet og resten av instrumentet har plass bak spelpulten. Orgelet har følgjande disposisjon fordelt på to manualar og pedal:

Av parament og andre klede til kyrkjeleg bruk er det oppbevart to albaer, ein fiolett stola og ei gravferdskappe i kapellet.

Lysstell. To sølvstakar på kateteret. Stakane har høg, innskrådd fot med tre riller som svingar inn mot sylindrisk skaft under smal krage under høg, utsvinga lyspipe med tre riller. Innskrift på foten: KTS (t-en størst). Stempel: drikkekanne, 830 S, J. TOSTRUP, OSLO og N i kvadrat. Høgde 34,1, Diameter fot 18 cm.

To høge stakar av smijarn framfor kateteret. Stakane har tre snodde bein samla oppe med trekanta plate og nede ved trekant og med utsvinga føter. Kvart bein ber ei lyspipe. Mellom beina er det oppe festa ein ekstra lyshaldar for tre lys. Denne har ei sentral stong og tre utsvinga lysarmar med lyspiper. Frå midtstonga går det bogar ut mot underkant av lyspipene og frå desse heng likearma krossar. Vegglamper. Kapellet har fire vegglamper, to på kvar langvegg, av tilsvarande form som smijarnslampene (sjå ovafor), men med eitt bein og to lys. Elektrisk lys. Klokka i kapellet er frå Olsen og Nauens klokkestøyperi og har innskrifta: ”Odda 1930” på korpus og produsentnamnet mellom to riller på halsen. På korpus er også innstøypt ein medaljong med figurmotiv i relieff.

Klokka er 58 cm i diameter og 50 cm høg med krone og 41 cm utan.

Stol i barokkform, men med renessansebein. Stolen er måla med skuggeeffektar og har stoppa sete og rygg trekte med gyllenlêr. Stolen er merkt 375.

Krematoriet i tilknytting til kapellet vart oppført i 1958 etter teikningar av arkitektkontoret Alvsaker og Vaardal-Lunde. Det står på nordvestsida av kapellet og har lengderetning nord – sør, er dekt med saltak og har mura vegger blenda med skiferheller og rektangulære vindauge mellom dører sør og nord i austmuren.

På kyrkjegarden står ei reiskapsbu av tre under saltak med garasjetilbygg i sør og i aust.

Kjelder

Trykte kjelder
  1. Bendixen, B.E., Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904-13
  2. Blindheim, M., ”Triumfkrusifiks frå middelalderen i Bjørgvin bispedømme”, i Juvkam 1970
  3. Hardanger Historielag, Hardanger, årbok
  4. Hoff, A.M., ”Mellomaldersk inventar frå kyrkjene i Hardanger”, i Hardanger, årgang 2004
  5. Juvkam, P. (red), Bjørgvin bispestol, Bergen-Oslo-Tromsø 1970
  6. Koltveit, Olav, ”Odda kyrkjesoge”, i Odda kyrkje 100 år s. 7-100
  7. Odda sokneråd, Odda kyrkje 100 år, Odda 1970
Oppmålingsteikningar
  1. Planteikning av kyrkjegarden, Kyrkjeverja i Odda.

Bilete Odda kyrkje


Bilete Berjaflot kapell


Fotnotar

  1. Bendixen 1904-13, s. 531
  2. Jf blindheim 1970 s. 161 og Hoff 2004 s. 82
  3. Kolltveit 1970, s. 47
  4. Kolltveit 1970, s 48
  5. Kolltveit 1970, s 47
  6. Kolltveit 1970, s. 49
  7. Kolltveit 1970, s. 47
  8. Kolltveit 1970, s. 49
  9. Kolltveit 1970, s. 47f
  10. Kolltveit 1970, s. 41
  11. Kolltveit 1970, s. 83
  12. Bendixen 1904-13, s. 538
  13. Same staden
  14. Kolltveit 1970, s. 47f
  15. Kolltveit 1970, s 39
  16. Kolltveit 1970, s. 41
  17. Kolltveit 1970, s. 42f
  18. Kolltveit 1970, s. 43
  19. Kopi av kart over kyrkjegarden, sjå foto
  20. Same staden, s. 65