Bolstadøyri bedehus

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Kyrkjelyden på Bolstad og dei kringliggjande bygdelaga soknar til Evanger kyrkje, og dei døde vart tidlegare gravlagde i Evanger. Evangervatnet, som var kyrkjeveg før det kom bilveg mellom Bolstad og Evanger, var ofte vanskeleg framkommeleg vinterstid. I januar 1864 vart det difor oppretta eigen gravstad i Teigen på Bolstadøyri.

Bolstadøyri bedehus vart oppført 1889 på Øyri og vigsla som bedehus av prost Hansteen 7. desember same året. Huset hadde, og har, inngang i aust og altar i vest. I 1922 vart det laga småsal og eit lite kjøkken. Gravplassen ved bedehuset vart opparbeidd, og i 1926 vart bedehuset vigsla til kyrkjeleg bruk.

I 1960 vart det utført omfattande endringar i det det vart laga kjellar og matsal, nytt kjøkken og toalettrom. Kyrkjerommet vart samstundes pussa opp.[1] Huset er eigd av Bolstadøyri Indremisjon, og drifta vert i hovudsak dekt av foreningsarbeid. Administrasjonen av huset ligg reint praktisk under kommunen og kyrkjeverja. Det vert halde gudsteneste her om lag ti gonger i året.

Bygningen

Vegger

Kyrkjerommet har vegger av lafteplank avstiva med fire opplengjer på kvar langvegg. Innvendes er nedre del kledd med brystvern av ståande faspanel avslutta oppe med profilert listverk. Øvre del av veggene er sekundær kledd med stråtapet. Veggene er avslutta oppe under himlinga med profilert listverk. Utvendes er kyrkjerommet kledd med liggjande staffpanel.

Dører

Kyrkjerommet har fløydør til gangen og enkle dører på begge sider av altaret til ekstrarom. Dørene er flate med stjerneforma fyllingsmotiv av listverk.

Korskiljet

Eit høgdenivå i golvet på eitt steg skil mellom kor og skip som elles er like breie og høge.

Vindauge

Kyrkjerommet har krysspostvindauge med fire ruter i dei øvre og seks i dei nedre rammene. Vindauga er kopla, og dei indre vindauga har berre ei rute i kvar av dei fire rammene.

Golv og fundament

Det er støypt kjellar under huset. Golvet i kyrkjerommet er av tre, i skipet er det kledd med vinyl, i koret med nålefilt.

Tak

Kyrkjerommet har slakt saltak. Det vesle tilbygget i vest har saltak i same vinkel. Taket over kyrkjerommet er utvida fram over den nyaste delen av bygningen med inngangspartiet. Det går lengre ut mot sida i sør over møterommet, på nordsida er det noko kortare enn over kyrkjerommet. Over gavlen står ein liten takryttar med låg pyramideforma hjelm. Inngangsdøra er overdekt med eit lite saltak utvendes.

Himlingar

Kyrkjerommet har opphavleg tønnekvelv. Fire bindbjelkar som korresponderer med opplengjene går på tvers av rommet under himlinga.

Tårn

Bygningen har ein låg, firkanta takryttar dekt med flat pyramideforma hjelm.

Interiør

Altar på vestveggen med lesepult og preikestol på nordsida og orgel på sørsida av dørene som flankerer altaret. Rett knefall framfor altaret. Døypefonten og pianoet står i skipets sørvestre hjørne. Skipet har elles stolar på begge sider av ein midtgang.

Fargar

Himlinga og bindbjelkane er måla mellomblå. Veggbrystningar og opplengjer er varmt grøne, stråtapeten gulbrun. Vinylen på golvet er grønleg, nålefilten i koret vinraud og midtgangsløparen i bouclé er lys grå. Altar, knefall, lesepult, preikestol og døypefont er luta, orgelet lakka, stolane er trekvite.

Lys og varme

Det kom elektrisk lys i kyrkja i 1931.

Inventar

Altar

Breitt og smalt kassealtar med kristogram, alfa og omega skore i tre og festa til framsida. Truleg frå 1960.

Altartavle

a) Altartavle ca. 1900. Den første altartavla er eit biletfelt med rektangulær form som oppe er avslutta med inntrekt gavl. Feltet er innramma av profilert, lakka list av tre og måla med olje på plate. I øvre del er måla to biletfelt mellom draperi mot lys botn. I det øvste feltet er ei framstilling av Oppstoda. Det nedste har to sidestilte framstillingar under skriftfelt. Til venstre: Jesus som den gode hyrdingen, til høgre: Krossfestinga. Over begge med gotisk trykkskrift: Jeg er Oppstandelsen og livet. Joh 11,25. Under måleria er det to skriftsitat, eitt med kvit gotisk skrift på svart botn: Se det Guds Lam som bærer Verdens Synd! Joh. 1,29 og eitt med gul latinsk skrift: Mit Hus skal kaldes et Bedehus. Mark. 11,17. Tavla, som var ei testamentarisk gåve frå Begga Andersdotter Horvei i 1900, heng no i kyrkjerommet på veggen over inngangsdøra.[2]

b) Altartavle 1974. Biletvev av Else Marie Jakobsen, 1974. Teppet er Y-forma med ei sol med kristogram (chi og jota) mellom dei øvre armane. Teppet er signert EMJ og har ei voven innskrift nedst: PER ARDUA AD ASTRA. I overkant heng veven etter renningstrådane.

Altarring

Rett knefall med skinntrekt knelepute og handlist med hylle for særkalkar av tre boren av fire stenger av metall. Truleg 1960.

Døypefont

Åttekanta døypefont med innsvinga, liten kum, rett skaft avgrensa med profilerte lister og utsvinga fot på rett standkant. Fonten har tidlegare vore måla og vart truleg avluta i samband med oppussinga i 1960.

Preikestol med oppgang

Enkel preikestol med tre sider kledde med ståande panel og med skoren kross festa til framsida. Lesebrett på innsida. Stolen står på eit podium med eit steg opp frå korgolvet.

Stolar

Sitjeplassane i kyrkjerommet er jærstolar med armlene på annankvar stol.

Orgel og andre instrument

Orgel

a) Kyrkjerommet fekk det gamle orgelet frå Evanger i 1922.

b) Nytt orgel 1937.

c) Nytt orgel i 1977. Orgelet har eitt manual og pedal og desse stemmene: Gedakt 8’, Prinsipal 4’, Valdfløyte 2’, Mixtur 1’ og Bordun 16’.

Piano, Aspheim, gåve frå kvinneforeningen 1987.

Rituelle kar

Kalk

a) Kalk i plett med halvrund kupa, runda nodus og utsvinga fot. Kløverbladkross på kupa. Høgde 19, 5 cm, diameter 11 cm. Stempel: MAGNUS AASE P.

b) Kalk i sølv med halvrund kupa med nebb, runda, flat nodus med midtring, utsvinga fot. Latinsk kross på kupa. Høgde 18,3 cm, diameter 13, 3 cm. Stempel: 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN.

Særkalkar i sølv, høgde 7,9 cm, Stempel 830 S, M.Å. i oval (Magnus Aase) og N i kvadrat, 393.

Disk

a) Tallerkforma disk i plett. Diameter 13,8 cm. Stempel MAGNUS AASE P.

b) Tallerkforma disk i sølv. Lett konveks rand. Diameter 16,6 cm. Stempel 830 S, kalk i oval og TH. MARTHINSEN.

Oblatøskje

a) Oblatøskje i plett. Øskja har sylinderforma korpus på tre ornamenterte føter og avtrappa lok med rosemønster sentralt. Høgde 4,4 cm, diameter 9,2 cm. Ustempla.

b) Oblatøskje i sølv. Sylinderforma korpus og lok med latinsk kross innrissa sentralt. Høgde 4,3 cm, diameter 10,7 cm. Stempel: 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN og 4.

Dåpsfat

Åttekanta dåpsfat i kopar, med runda nedsenking for dåpsvatn. Vidde 39 cm, høgde: 7,5 cm.

Kanne

Koparkanne med lett konisk korpus med nebb, innvendes fortinna. Rett, sylinderforma hank festa til korpus med to sylinderforma stykke. Kanna står på fire små løveføter av massing. Høgde 22,8 cm, diameter botn 12,7 cm.

Parament

Altarduk

Linduk med svartsaum. Borda har stiliserte aks i grupper på fem, skilde med åttetagga stjernemotiv med krossblom eller kristogram sentralt.

Antependium for preikestolen

a) Fiolett preikestolklede i ulldamask med applikert jesusmonogram i sølvfarga gyllenlêr og med sølvfarga frynser nede. Truleg 1996.

b) Kvitt preikestolklede i gyllenlêr med kvit botn og gullfarga kross og krone sentralt, flankert av vertikale border i form av ei bøljeline.

c) Grønt preikestolklede i gyllenlêr med grøn botn og kvitt sigerslamm med fane og gylt nimbus sentralt omgitt av stråleglans i form av kvit sirkel med åtte kvite strålar.

Messehaklar

a) Raud messehakel. Hovudstoff av klede. Truleg frå vigslinga av kyrkerommet. Hakelen er kanta med gullband og har jesusmonogram på forsida og kross av gullband på ryggsida.

b) Fiolett messehakel. 1996. Hovudstoffet er ulldamask, hakelen har applikasjonar i gyllelêr. Stolpen på forsida viser jesusmonogram over vinranke, gaffelkrossen på ryggsida har tornekrone i krossmidten, tre av armane har vinranke.

c) Grøn messehakel. Levert av Savile Row 2008. Ull.

Ei messeskjorte, nyare.

Lysstell

Altarstakar

To stakar i plett (?) med renessanseform. Innskrift på foten: GÅVA FRÅ LARS B. BOLSTAD TIL BOLSTADØYRI BEDEHUS 20-11-1931. Høgde 43 cm med pigg, diameter 19,7 cm. Kløverbladkross på foten. Stempel: A/S SAFIR, BERGEN.

Andre stakar

To par eldre, dreia trestakar med massingfarge er oppbevarte på loftet.

Lysekroner og lampettar

Krona i skipet er i antikkfarga massing i barokkform med balusterforma stamme og to høgder s-forma lysarmar, seks i kvar høgd.

To mindre kroner over koret og lampettar på veggene. Alle desse er nye og i patinert massing.

Klokke

Ei klokke i takryttaren. Låg krone, rett hals med to riller, svartfarga mellom rillene. Øvre del av korpus rett, nedre del svingar ut og går via riller over i slagringen som bøyger svakt ned.

Møblar

Brurestolar med stoppa sete og rygg trekt med gyllenlêr. Solane har h-sprosser, og utskorne frambrett og toppbrett.

Blomstervasar

a) Vase i sølv med traktforma korpus og utsvinga fot. På korpus krage med drivne ornament. Høgde 18,5 cm. Stempel: 830 S og S P (?).

b) To vasar i sølv med traktforma korpus og utsvinga, åttekanta fot. Korpus og fot er markert med avtrappingar. Innskrift på korpus: Gåve til Bolstad bedehus Frå Helga Bolstad. Høgde 20,7 cm. Stempel: 830 S, Lo.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegardar

  1. Kyrkjegarden i Teigen på Bolstadøyri. Kyrkjegarden er eit 20 x 50 meters rektangulært jordstykke omkransa av ein tørrmurt steingard med enkel port. Gravplassen vart teken i bruk i 1864 og nytta fram til 1924. Det var då kommen ny gravplass ved Bolstadøyri bedehus, og nokre år var begge gravplassane i bruk.[3]
  2. Gravplass ved bedehuset. Rundt kyrkja er det gravplass med graver aust, vest og nord for kyrkja.

Gravminne

Det står att nokre få gravminne på den gamle kyrkjegarden. Den nye gravplassen har gravminne frå ulike tider, dei fleste vest og nord for bedehuset.

Kjelder

Trykte kjelder
  1. Helland, I., ”Ulike kyrkjehus i og rundt Evanger”, i Øvstedal 2001, s. 83-85
  2. Øvstedal, K. (red.), Evanger kyrkje : Kyrkja, bygda og vegane dei gjekk. Evanger 2001

Bilete



Fotnotar

  1. Helland i Øvstedal 2001, s. 85
  2. Helland i Øvstedal 2001, s. 83 f.
  3. Øvstedal (red.) 2001, s. 158 f.