Finse kapell

Fra Norges Kirker

(Omdirigert fra FINSE KAPELL)
Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Kapellet på Finse er innreidd i eit rom i første høgda i det gamle skulehuset. Huset vart oppført kring 1920, i 1963 vart skulestova vigsla som kapell. Rommet er nærast kvadratisk med altar i vest, inngang midt på nordsida og vindauge på sørsida med utsyn over Finsevatnet og fjella mot sør.

Bygningen

Huset er oppført i lafteplank i 1 ½ høgd og med støypt kjellar. Kapellet ligg i sørvesthjørnet i hovudetasjen med altaret i vest.

Vegger

Inne i kapellet er veggene kledde med plater og strie. Stria er sida måla lyst grå. I bakre hjørne på nordsida er det brannmur i samband med omn. Veggen bak altaret er kledd med ståande, smalt faspanel. På denne veggen vart det, i samband med at rommet vart omgjort til kapell, festa ein ny vegg av ståande bord i ulik breidde og i tre nivå frå veggen, festa ved hjelp av klossar. Borda er avslutta 12 cm frå golv og tak. Under ytste nivå er det lagt inn tre horisontale bord, eitt over altaret og eit lægre på kvar side. Desse kan tolkast som tre krossar og såleis fungera som altartavle.

Dører

Hovudinngangen til det gamle skulehuset er gjennom eit sekundært tilsett vindfang på nordsida. Frå vindfanget kjem ein inn i ein gang med oppgang, nedgang og dører til ulike rom. Inngangsdøra til kapellet er den opphavlege fyllingsdøra som er sekundært kledd med plater på begge sider. Døra til eit lagerrom nord for kapellrommet har truleg same inndeling med fire fyllingar, liggjande oppe og nede og to høge, smale mellom. Enkle gerikter.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip er berre markert ved nivåskilnad i golvet, der midtre del er forma som knefall framfor altarskranken.

Vindauge

Veggen har merke etter tidlegare vindauge. Rommet har no tre vindauge i sørveggen. Noverande vindauge har isolerglas i to rammer med to glas i kvar, skilde med horisontal post. Saman minner dei om eit krysspostvindauga.

Golv og fundament

Golvet er truleg det opphavleg bordgolvet. Det er no kledd med vinyl. Den fremste delen av rommet, altarpartiet, ligg eit høgt steg over resten av golvet. Denne delen er av tverrlagde, smale bord.

Tak

Bygningen har valma tak tekt med lappheller.

Himlingar

Himling av smal, langsgåande faspanel.

Interiør

Altar ved vestveggen med rett altarskranke og knefall , døypefont sør for altaret, preikestol nord for altaret. Orgel søraust i rommet, omn i nordaustre hjørne. Lause jærstolar.

Fargar

Lyst gråmåla strie på sør-, aust- og nordveggen, blågrå panel på vestveggen, bordveggen som dekkar denne står umåla. Kvit himling og dør, umåla vindauge. Golvet i altarpartiet gråmåla, blågrå vinyl på golvet elles. Liturgiske møblar har trefarge, smijarn er svartlakka.

Inventar

Altar

Altaret er 191,5 cm breitt, 48,5 cm djupt og 89 cm høgt. Det har fire jarnføter med kvadratisk snitt som ber altarplate av limtre og som under midten er avstiva ved ein krans av bord, sinkelafta i hjørna.

Altartavle

Sjå ovafor under Vegger.

Altarskranke

Enkel, rett skranke ved overgangen mellom altarplatået og golvet. Skranken er ein planke boren oppe av fire jarnføter med kvadratisk snitt. Framfor skranken er ei knelepute felt ned i steget mellom dei to golvnivåa. Puta er stoppa og trekt med grågrønt ull-lerret festa med saum.

Døypefont

Døypefonten er forma som eit stativ av tre jarnføter med kvadratisk snitt som øvst samlast i ein spiss boge. Ein mindre, omvend, tredelt boge, med to sprosser på kvar av dei tre sidene, går ned i og er festa til øvre del av stativet. Øvst held han ein ring som ber dåpsfatet.

Preikestol med oppgang

Preikestolen er forma som ein skjerm mot rommet. Framsida eller skjermen er ei kraftig ramme av plankar fylt med ei striekledd sponplate som ber kjeramisk dekor. Denne skjermen er festa til resten av preikestolen som er sett saman av to vangar og ei hylle og eit steg (ramme med sponplate). Golvet i preikestolen er sekundært gjort eitt steg høgre. Stria i fronten er lyst naturfarga. Kjeramikkflisene er glaserte i grøne og blå fargar og skrudde fast i sponplata.

Benker og faste stolar

Lause jærstolar.

Rituelle kar

Kalk, disk eller oblatøskje er ikkje i kapellet, truleg vert desse tekne med når ein treng det. 16 særkalkar av stål med høg konisk fot og brei, rettvegga kupa.

Dåpsfat. Kopar dåpsfat i sein jugendstil. Fatet har runda botn og oppbøygd rand. Dekoren og innskrifta er dreven: I botnen LAD DE SMAA BARN KOMME TIL MIG rundt likearma kross. På randa jugendornament. Under fatet er det tre runda koparknoppar som føter. Diam. 39,4 cm, høgde 6,8 cm, rand 6,5 cm. Umerkt.

Kanne. Koparkanne, innvendes fortinna, med massing hank. Kanna er pæreforma med utskrådd hellekant og fot. Hanken er s-forma. Korpus har drevne riller og utbuklingar og enkle, stempla ornament. Merkt under botnen: x og 002. Høgde 17,5 cm, breidde ved hanken 16 cm.

Parament

Altarduk

a) På altaret: Kvit linduk med innskorne hjørne. Duken heng ned frå altaret på alle fire sider, medan altarhjørna er udekte. Duken er kanta med holfald, og på den delen som heng ned framfor bordet, nærast som eit antependium, er det brodert ulike krossar, dei fleste likearma i smøyg, i ulike blågrøne fargar og i kvitt. Umerkt.

b) Kvit duk i fint lin med dobbel holfald og 16 cm brei hekla bord i tynn tråd med spissar og mønster av krossar og hjarte eller kalkar. Duken er ikkje tilpassa altaret i kapellet og er truleg ei gåve frå ei anna kyrkje. Umerkt.

Lysstell

Altarstakar. To altarstakar med svakt utsvinga lyspipe, sylinderforma skaft med rund nodus med riller, vid flat fot med utsvinga kant mot standkant. Innskrift på foten på begge: INNVIDD 1 STE PÅSKEDAG 1949. GITT AV FINSE KVINNEFORENING. Plett, stempla N i kvadrat, tårn og TH. MARTHINSEN. H. 28,5 cm, diam. 15,9 cm.

Lysekrone. Smijarns hjulkrone sentralt i taket. Flat ring med feste for 40 små elektriske pærer. Fire smale, oppskrådde stag mot lita midtstong.

Orgel

Pipeorgel med eitt manual frå Bruno Christensen & Sønner 1985. Disposisjon: Gedakt 8’, Rørfløyte 4’, Principal 2’, Blokfløjte 2’.

Rektangulær orgelfront i lyst treverk. Øvre del kan opnast og viser pipene.

Bøker

Gudstenestebok del 1 og 2, Verbum 1992, stempla Ulvik kyrkje.

Bibel, nynorsk, omsetjinga frå 1938, Det norske Bibelselskaps forlag, Oslo 1955. Innskrift: Til Finse Kyrkjestova frå Ulvik sokneråd 1-4. 1963.

Bibel, nynorsk omsetjinga frå 1938, Det norske Bibelselskaps forlag, Oslo 1953.

Altarbok for den norske kyrkja, tredje upplaget 1949. Innskrift: ”Finse kapell Teken i bruk ved vigslinga ved biskop Juvkam og sokneprest Johnsen den 31. mars 1963.

Offerutstyr

Treskål. Dreia. Merkt O. Lekve, Ulvik – Norway. Brend innskrift under botnen: Finse Kapell 1982. Diam. 23,2 cm, høgde 7 cm.

Blomstervasar

Standard sølvsmed blomevase med konisk korpus med utsvinga rand og med åttekanta, avtrappa fot på rund standplate. Innskrift på randa: FRA KVINNEFORENINGEN PÅ FINSE 1965. Stempla 830S og Lo. Høgde 23,5 cm, diameter oppe 11,7 cm.

Bilete