Dale kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Dale kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneVaksdal kommune
ProstiHardanger og Voss
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Laster kart...
Koordinater60.590231,5.823944
FellesrådVaksdal kyrkjelege fellesråd
Kirke-id125100701
Soknekatalognr07090102
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen

Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Dale i Vaksdal er eit etter måten nytt bygdesamfunn. Før Dale Fabrikker vaks fram under leiing av familien

Jebsen frå 1878-79, var det knapt for ei bygd å rekna, men med fabrikkverksemda vaks Dale snøgt til ein

viktig industristad.

Førststundes sokna dei som budde på Dale til Bruvik kyrkje på Osterøy. Etter at Vossebana vart opna i

1883, vart det lettare å komma til Evanger, og dette vart den vanlege staden for dåp og vigsle.

Eit bedehus vart planlagt på Dale, og bygningskjernen var ferdig opptømra, men etter innspel frå

fabrikkeigarane Peter og Jens Jebsen vart huset gjort om til kapellkyrkje. Dale vart eige sokn ved kgl.

res. av 16. mai 1911.[1] Ny kyrkje vart planlagt frå 1930-talet, men stod ikkje

ferdig før i 1954.

Etter at kapellkyrkja hadde gjort teneste i vel 30 år, kom det fram ynskje om å få eit større, varmare og

meir høgtidleg kyrkjebygg, og det vart arbeidd med planar om å byggja om kyrkja til ei langkyrkje med

kor-tilbygg i (nord)aust og ”myndugt” tårn i (sør)vest etter teikningar av arkitekt Landmark.[2] Ombyggingsplanane vart godkjende av departementet 3. november 1934, men i

etterkant snudde meiningane og ein kom fram til at bygda ville vore betre tent med ei heilt ny kyrkje. Ei

arkitekttevling mellom tre arkitektar resulterte i at oppdraget vart gjeve til arkitekt Arnstein Arneberg

april 1936.[3]

Arneberg leverte teikningar til kyrkja i 1947. Byggjeløyve vart gjeve ved kgl. res. frå 25. september

1953.[4] Johannes Skarstein var byggjeleiar då kyrkja vart oppført under

Kvamstoberget på ein tomt som var ei gåve frå Dale fabrikker. Kyrkja har sitjeplass til om lag 600

personar.[5]

Kapellkyrkja frå 1896

Kapellkyrkja på Dale vart vigsla 15. nov. 1896 av biskop Hvoslef. Entrepenør for bygginga var byggmeister

Johannes Haldorsen. Etter Bendixen var ho oppført ”efter tegning af fabrikeier Peter Jebsen”,[6] men dette er lite sannsynleg, sjølv om Jebsen kan ha hatt innverknad på den

endelege utforminga som gjorde bygningen til ei kyrkje. Kyrkja vart venteleg merkt av at ho var tenkt som

bedehus i utgangspunktet. Ho låg på Fagerhaugen. Bygningen hadde rektangulær plan med grunnflate 15 x ca

10 m og høge, spissboga vindauge i gavlvegger og langvegger.[7] Sørveggen låg

til ferdslevegen, men med ein opphøgd gangveg til inngangspartiet mellom vegen og kyrkja.[8] Kyrkja fekk tårn, for ein stor del innafor rektangelet, med inngangsparti

sentralt på sørveggen, og ein valde å laga altarpartiet vis a vis inngangen, sentralt på den nordre

langveggen. På utsida av rektanglet, bak altarpartiet, vart det laga sakristi flankert av to enklare

inngangar med vindfang. Innafor desse dørene var det trapper til tverrgalleri i gavlsidene mot aust og

vest. Bygningen hadde saltak over rektangelet og tverrstilte saltak over tilbygga i nord, eitt over

sakristiet og to små over dei to inngangane. Kapellkyrkja fekk lagt inn elektrisk lys i 1916. Medrekna

galleria hadde bygningen sitjeplass for 380 personar.

Altarløysinga i kapellkyrkja likna på den som ein finn døme på i Nykirken i Bergen med preikestolaltar og

ei markering av altarrommet med ein skranke utafor altarringen.

Bilete frå interiøret viser eit nygotisk altaroppbygg. Altaret stod eit stykke frå veggen og mellomrommet

mellom altartavla og veggen var overbygt. Altartavla hadde tre spissboga nisjer mellom søyler avslutta med

fialar. Midtnisja var breiast og høgst og i biletfeltet stod Niels Bergsliens framstilling av Kvinnene ved

grava (sjå nedafor). På overbygget bak midtnisjen stod preikestolen som også var flankert av søyler med

fialar og bak denne hadde veggen ei stor spissboga opning med oppgang frå sakristiet. Mellom

altaroppbygget og dørene i nordveggen var det eit høgt, spissboga vindauge med glasmåleri på kvar

side.[9] Det eine glasmåleriet er no i bedehuset på Dale, det andre i

bedehuset på Stanghelle. Orgelet vart levert av orgelbyggjar Kvarme og var plassert på eit nygotisk

orgelgalleri vis a vis altarpartiet. Dei rituelle kara var etter Bendixen frå Franz Reinecke i Hannover,

og var gåve frå huslyden Jebsen.[10] (Sjå nedafor under Rituelle kar.) Dei

to kyrkjeklokkene frå Bochum heng no i kyrkja i Tulear på Vest-Madagaskar.[11]

Kyrkja frå 1954

Bygningen

Dale kyrkje er ei langkyrkje av mur med smalare kor, med hovudinngang gjennom dels inntrekt tårn i vest,

inngang, sakristi og dåpsventerom sør for koret og austenden av skipet, og inngang og trapp til kjellar

nord for koret. Over inngangen vest i skipet går eit tverrgalleri med orgel. Kyrkja er dominert av ein

spissboge der sjølve bogen startar ved basen. Denne bogeforma går att i kyrkjerom, kor og vindauge.

Murar

Veggene er oppmurte i armert betong med rette yttervegger og boga vegger innvendes. Eldre foto viser

forskalingsarbeidet der heile det indre bygningsvolumet er bygt opp i forskalingsmateriale i tre. Murane

er pussa og kvitkalka utvendes og innvendes. I sakristiet har nedre del av muren brystvern av panel.

Vindaugsnisjene i langmurane, som har den same bogeforma som kyrkjerommet, bryt gjennom veggene med svakt

boga bogespiss, skrå sidesmiger og flat sålbenk, fem på kvar side i skipet. Langveggene i koret har tre

nærast kvadratiske nisjer i nordmuren og eit rektangulært felt med vindauge som går frå golvnivå opp mest

i full høgd lengst aust i sørmuren. I tillegg er det rektangulære opningar i muren ved utgangsdøra vest i

skipet, døra til dåpsventerommet aust i sørmuren i skipet, til utgang nord i austmuren i skipet og til

sakristi sør i koret. I gallerihøgd har kyrkjerommet tre spissboga opningar, ei stor sentralt og to mindre

for dører på kvar side.

Portalar og dører

Dørene i kyrkja er i eik, leverte av A/S Treindustri, Breistein. Dei fleste av dei innvendige dørene er

fyllingsdører med ramme og ei stor fylling og ei smal, liggjande fylling nedst på døra. Blyglas i dører er

leverte av G. Rognaldsen, Bergen.

Hovudportalen i vest har innramming av granitt utvendes, og i spissbogen over døra er det eit

klebersteinsrelieff i tympanonfeltet, hogge av Emma Mathiassen. Relieffet viser Jesus som signar

borna.[12] Steinarbeidet er levert av Vestlandske Stenhuggeri.[13] Fløydørene i vestportalen har koparbeslag utvendes, festa med naglar. I tillegg

til dørvridar har dei ein dørring på kvar fløy og eit symbol / ornament, på nordfløyen ei krone og på

sørfløyen to fuglar som flankerer ein fontene. Naglar og ornament er gylte. Dørblada er av eik og har 3 x

3 ståande, rektangulære fyllingar.

Andre ytterdører er også fyllingsdører med tre smale ståande fyllingar over den nedre. Utvendes er dei

kledde med ståande bord og nedre del er dekt av koparplate.

Frå tårnfoten inn i kyrkjerommet står ei fløydør. Kvar fløy har ei smal nedre fylling, elles er det sett

inn 3 x 3 blyglas med åtte ruter i kvart glas. Vertikalt delt med to postar, horisontalt med sprosser.

Dei to dørene vest på galleriet er også glasdører. Her har sjølve dørene 3 x 3 heile ruter inndelte med

postar, medan sidefelta og toppfeltet i den spissboga muropninga har mindre blyglasruter.

Korskiljet

Skiljet mellom kor og skip er markert ved at koret er smalare og lægre enn skipet. Koret opnar seg i full

breidde og høgde mot vest, med unntak av golvnivået som ligg tre steg høgre i koret. I overgangen er det

laga ei trapp kledd med kvit marmor. På kvar side er det øvste steget bygt fram over det midtre, og ber

eit smijarnsbrystvern i ytterkant, utført av Push & Wendelstad, Oslo. Sentralt på kvart av brystverna er

det ein måla medaljong. Målinga skal vera utført av arkitekten.

Vindauge

Kyrkja har fem spissboga vindauge i kvar av langmurane og eit stort vindauge sør i koret. Sideromma i sør

har firkanta vindauge, elles har kyrkja smale, vertikale lysinnslepp. Blyglas i vindauge er leverte av G.

Rognaldsen, Bergen.

Dei spissboga vindauga i skipet har ytre og indre vindauge som begge er inndelte med to vertikale postar

og midtdelen er delt i to horisontalt. Vindauga har såleis fire rammer i ytterglas og fire i innerglas.

Rammene er dels av tre, dels av metall. Alle ytre rammer har glatt, klårt glas og det nedste i midten er

hengsla. I innerglasa er dei to sentrale rammene hengsla. Innerglasa har farga katedralglas i små,

rektangulære ruter lagt i bly.

Vindauget i koret har fire rammer over einannan. I andre ramma nedafrå i ytterglaset er det eit hengsla

vindauge i nedkant. I indre rammer er alle rammer hengsla og kvar ramme har 5 x 4 ruter i bly. Blyglassa

har ufarga katedralglas.

Golv og fundament

Kyrkja har støypt fundament med kryperom under skipet og bårekapell, gang og tavlerom under koret.

Golvet i kyrkja er støypt. På golva i skipet, på galleriet og i sakristiet vart det opphavleg lagt blågrå,

marmorert linoleum. I skipet er denne på grunn av vatnskade skifta ut med linoleum i ein noko lysare og

jamnare farge. Koret har gråblått teppegolv.

Trapp og golv i våpenhuset og i gangane aust i kyrkja er i terasso, dels som fliser, dels som heilt

arbeid.[14] Trappa mellom kor og skip er mura opp og kledd med kvite

marmorfliser.

Tak

Kyrkja har eitt saltak som dekkar skip og kor. Det er tekt med små, rektangulære lappheller. Taket er

trekt fram på sidene av tårnet og held fram som pulttak over romma sør for koret.

Himlingar

Den støypte bogen som formar rommet går utan avbrot frå golvet til toppunktet i himlingane i kor og skip.

Tårn

Vesttårnet er dels framtrekt frå vestfasaden i kyrkja. Det reiser seg i fem høgder med kvadratisk snitt og

lik høgde og breidde i heile høgda. I våpenhuset i første høgd og på sidene i første og andre høgd utgjer

vestre del av skipet siderom til tårnet med toalett, oppgang og rom for kantor. Etasjeskilja er støypte og

det er opning for trapp opp i tårnet på nordsida. I søraustre hjørne er det luker i etasjeskilja for ev

nedtaking av klokker.

Tårnet har vestportal (sjå ovafor), eit rundt vindauge over denne og elles smale lysgluggar. I femte høgd

der klokkestolen står, er det lydluker i form av, høge, tofløya kopardører sentralt i kvar vegg. Tårnet er

avslutta oppe med pyramideforma hjelm som går over i åttekanta skjørt under åttekanta lanterne. Lanterna

har åttekanta hjelm som går over i spir. Hjelmane er tekte med koparplater.

Tilbygg

I utgangspunktet var anlegget tenkt oppført i to steg, først kyrkja og sidan kyrkjelydssenter på nordsida.

Det andre byggjesteget var også teke med på Arneberg sine teikingar frå først av, men dette vart utsett av

økonomiske årsaker. No ligg det ein barnehage på den aktuelle tomten.

Interiør

Koret har sentralt, frittståande altar ved fondveggen med altarring i forkant. Fondveggen er dekt av

måleri over altarhøgd. (Sjå nedafor under altartavle.) Nordmuren i koret har tre nisjer der det er

plassert stolar i dei austre og døypefont og altarmåleriet frå gamle Dale kyrkje i den vestre. Sørsida har

stor nisje med glasvegg for lysinnslepp aust ved fondveggen og dør til sakristi. Elles er det plassert

stolar ved sørmuren.

Mellom koret og skipet er det ei brei, sentral trapp i tre steg, flankert av gitter-brystvern.

Preikestolen er plassert på sørsida av korbogen aust i skipet med oppgang frå sakristiet. Kyrkja har

benkeparti på nord- og sørsida av midtgang og sidepassasjar med veggbenker. Orgel på tverrgalleriet i

vest.

Det har ikkje skjedd store endringar i interiøret. Ein del benker er tekne vekk både framme og bak i

skipet for å gje meir disponibelt rom. Framme på nordsida står flygel, på sørsida piano og bak mellom anna

lysglobe.

Fargar

Rommet er halde i ein balansert og roleg fargeskala med kvitt murverk, gråblått golv og brunlege innslag,

primært som treverk.

Glasmåleri

Kyrkja har ikkje glasmåleri, men vindauge med blyglas i ulike fargenyansar i ein lys brunleg og grønleg

skala.

Lys og varme

Kyrkja har elektrisk lys og vert oppvarma gjennom sentralvarmeanlegg frå heradshuset supplert med

panelomnar.

Inventar

Altar

Kassealtar av eikefinerte, mørkbeisa, glatte plater. Bordplata stikk noko fram frå korpus. Altaret er

levert av Chr. Hanssen, Oslo.[15] Det er 250 cm breitt, 110 / 93 cm djupt og 109

/ 119 cm høgt.

Altartavle

Måleriet frå altartavla i den første kyrkja heng på muren ved døypefonten. Måleriet har spissboga ramme og

form og viser Kvinnene ved grava. Måla i olje på lerret og signert nede til venstre av N(iels) Bergslien.

Altartavle i form av måleri på plater som er monterte med list og fyller øvre del av fondveggen bak

altaret. Måleriet er utført av Hugo Lous Mohr og viser Nattverden under ei framstilling av Oppstoda med

tornegreiner i bakgrunnen.[16] I nattverdsscena viser Jesu høgre hand signingsgest og er

omfatta av lysglansen frå kalken som står åleine på nattverdbordet og som også viser til altaret og

kyrkjas nattverd i dag. Jesus er framstilt med heva hovud og attlatne auge, medan læresveinane ber utrykk

for spørjande fortviling framfor det som skal skje.

Altarring

Altarringen er rund med opning på begge sider av altaret. Han er av eik og har vid, låg knelepute trekt

med skinn, og enkel handlist med runda snitt og hylle for særkalkar som kviler på spredtstilte

smijarnsstøtter med svungne ornament og gylte detaljar. Altarringen er levert av Chr. Hanssen, Oslo,

smijarnsarbeidet av Push & Wendelstad, Oslo.[17]

To skinntrekte kneleskamlar ved altaret.

Døypefont

Døypefonten er laga av Os Dørfabrikk og har skorne trerelieff utførte Jakob Hjelle, Søfteland.[18] Grunnforma er firkanta med brotne hjørne. Kummen er dominerande, skrår ut oppover og er

avgrensa oppe og nede med enkel profil. Det korte skaftet er inntrekt og går over i fotplate med korte

skrå øvre sider over standkant. Mot sør har døypefonten ein skoren og måla englefigur som held eit barn i

armane og står over eit drakeliknande vesen. Mot aust ei stjerne, mot vest ei nedvend due. I mellomflatene

mot sør er det stjerne på vestsida og kross på austsida.

I overkant har fonten rundt hol for dåpsfat. Frå dette går det uttappingsrøyr gjennom golvet til grunnen

under kyrkja.

Døypefonten er i mørkbeisa eik med gullstaffering. Engelen har kvite vengjer og blå kjortel med gullblomar

og –belte.

Preikestol med oppgang og himling

Preikestolen og himlinga er av eik med tilsetting av massingelement. Arbeidet er levert av Os Dørfabrikk,

treskjærararbeidet er utført av Jakob Hjelle, Søfteland.[19]

Dei to delane er samanbundne med ramme på austmuren i skipet. Ramma omfattar inngangen til stolen som er

via dør og trapp i fem steg gjennom muren. Opninga ved ramma har forheng av tekstil.

Preikestolen har rund grunnform knytt til veggramma ved to korte, rette stykke. Brei handlist som

skrår ned utetter og er profilert og inndelt i felt i underkant. Lesebrettet mot nordvest kviler på brett

med utskoren ørn som dekkar øvre smalfelt. Under øvre og over nedre smalfelt er preikestolen omkransa av

ein flat massingring som er samanbunden av dreia massingstenger framfor skøyten mellom faga i storfelta.

Øvre smalfelt er glatt, men har to horisontale massinglister utvendes. Inndelinga i felt viser eit breitt

sentralt felt under lesebrettet og fem smalare felt mot nord og sju mot sør frå sentralfeltet. Dei smale

felta er todelte horisontalt med list oppe, i midten og nede. Innvendes har korga bøygde finerplater med

lister over skøytane. I felta, og sentralt framme på nedre smalfelt, er det skorne figurar. Det sentrale

store feltet viser Jesus som Den gode såmannen. Dei smale felta mot nord har vekselvis ornamentale /

symbolske motiv og framstilling av dei Fem kloke brurmøyane i øvre og nedre del, dei sju felta mot sør har

den same vekslinga med dei Fem ukloke brurmøyane og av skålvekt og timeglas.

Nedre smalfelt er glatt mellom profilerte lister og botnen under er etter måten flat med profilerte

avtrappingar. Sentralt på nedre smalfelt er ei skoren framstilling av god grøde og klunger.

Preikestolen er boren av åtte sylindriske søyler omtvinna av skore vinlauv. Søylene kviler på åttekanta

plate over åttekanta sokkel kledd med lys marmor.

Preikestolshimlinga er forma som øvre halvdel av ein klode. Undersida har konsentriske sirklar, dels

profilerte. Midtfeltet har due på rundt felt over strålar i krossform. Over randa nede på himlingen er det

ein rundmur med tårn og portar, truleg bymuren om Det himmelske Jerusalem. Midtveges oppe på halvkloden er

ein ring med framstilling av fire små fuglar. Øvst står Kristus med sigersfana i høgre hand og ein

innbydande gest med venstre. Han står med attlatne auge.

Fargane er haldne i mørk beis, gull og blått. Jerusalems murar er lyst gråblå og Jesu klede og krossen på

fana er raude.

Lesepult

Lesepult av mørkbeisa eik. Skrått bokbrett over fot med krossforma snitt som svingar ut oppe under

lesebrettet og nede ved golvet.

Benker og faste stolar

Benkene leverte av Gjerde Bruk L/L, Voss, treskjærararbeidet er utført av Lars Hæve.[20]

Benkene har rettsida eikevangar med profil ved kantane og skore motiv i høgd med benkeryggen. Benkene er

vekselvis rettavslutta og har då tulipanmotiv, eller avslutta med gavl og med krossmotiv. Benkene elles er

i furu med fem beinbukkar under formskoren setefjøl. Bukkane skrår ut oppetter, og den bakre delen held

fram som støtte for ryggen som har ramme med fyllingar av kryssfinér. Vangane er mørkbeisa med gylte

motiv, benkene elles er måla gråblå med lys grå fyllingar og gylt staffering.

Galleri

Vestgalleriet hevar seg over den bakre delen av kyrkjerommet, vest for vindauga, og på kvar side svingar

brystvernet fram mot midtpartiet som er rett avslutta over midtgangen og delar av benkepartia. Heile

galleriet er laga i armert betong og er berre bore oppe av veggene. Himlinga under er delt inn i to

sidefelt og eit midtfelt med støypte rammer. Sameleis er gallerifronten inndelt i felt som liknar

liggjande fyllingar, eitt svinga felt på kvar side og tre i det sentrale midtfeltet. Golvet på galleriet

stig i tre steg mot vest med orgelfasaden sentralt på det øvste steget og spelepulten på tvers sør på det

nedste.

Skulptur: Altarkross

Kross av eik med firkanta plate med skoren, kvit due med glorie i krossmidten. Indre del av krossarmane er

gylte med raud firpass og dei tre øvre krossarmane er rett avslutta og tilsett liljeform. Nedre krossarm

kviler på base med liljeform ovr sokkel. Krossen er 86 cm høg og 38,5 cm brei.

Altarkross i bårerommet

Nygotisk altarkross i bårerommet. Krossen høyrer til altarutsyret frå den førre kyrkja. Sølvfarga, men

ustempla, ca 91 cm høg.

Prosesjonskross

Glatt massingkross frå Saville Row. Krossen har medaljong med lam i krossmidten.

Relieff i dåpsventerommet

Skore trerelieff som viser Jesus som signar to kvinner med småborn. Jesus står sentralt og kvinnene

knelar, ei på kvar side. Motivet er omgitt av stålekrans, utafor denne viser tre til venstre og due til

høgre. Ramma er skoren i eik. Relieffet er signert nede i venstre hjørne: A. Småland 1964. Lysmål: 89 x

65.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vises kun for innloggede brukere

Parament

Altarduken er teikna av Birthe Arneberg Quesseveur.[21]

Antependium av kvit silkedamask med livsens tre med kross i toppen. Denne er også teikna av Birthe

Arneberg Quesseveur.[22]

Messehaklar

a) Raud messehakel, 1800-talet. Djup raud fløyel, Fôr av lys rosa/beige bommulskypert. 112 cm høg, 61cm

brei. Forsida har trekanta massingfelt med hebraiske teikn for JAHVE i strålar.

b) Raud messehakel, første halvdel av 1900-talet. Tre hekter på venstre skulder. Fôr: Rosa bomullkypert.

Mål: 102 x 64.

c) Grøn messe hakel av viskosestoff med innvovne krossar og med påstoken vliselin som mellomfôr. Fôr av

kul-kvitt viskoselerret. Brodert v og kross kanta med smale gullband. 109 x 69. Merkt i fôret: DNH 1952 og

Gåva frå Kyrkjeforeininga. Tre hekter.

d) Fiolett messehakel, med grov ullkypert med liggjande stripeeffekt som hovudstoff og fôr av rosa/lilla

bomullslerret. Hakelen er kanta med fiolett fløyelstoff. Festa med fem hekter på venstre skulder. Umerkt.

Mål 100 x 62.

e) Kvit messehakel med naturfarga villsilke i kovudstoffet og med applikasjonar av ondre gulkvite stoff og

sennepsgult silkeband. Broderte konturar. Fôr av lyst aprikosfarga silkelerret. Brent innskrift på

klehengaren: Til lukka med 100 års jubileet 1. 12. 1996, og Helsing Sokneråda på den andre sida.128 vid

120 høg.


Messeskjorter

Kyrkja har oppbevart fleire messeskjorter.

Lysstell

Teksten under avsnittet lysstell vises kun for innloggede brukere

Klokker

To klokker leverte av Nauen klokkestøyperi. På den minste: Kalla på gamal og på ung, mest då på sjeli

trøytt og tung, sjuk for den evige kvila. Og på den største: Lova Gud i hans heilagdom, lova han i hans

sterke kvelv.[23]

Orgel og andre instrument

Orgelet har prospekt teikna av Arneberg og er levert av Norsk Orgel- Harmoniumfabrikk A/S.

Pipematerialet med meir er frå Steinmeyer & Co i Tyskland. Orgelet har 36 stemmer 45 register og elektrisk

spelebord med tre manualar og 2500 piper.[24]

Flygel YAMAHA

Piano Classica

Nummertavler

Svarte metallsiffer vert hengde direkte op muren.

Møblar

Brurestolar. Brurestolane har sitt mønster frå Hanseatartida. Stolane er produserte av treskjærar

Knag.[25]

Stolar i koret, tre av type Akershus og åtte av type Schlagen leverte frå A/S Eidsfjord Møbelfabrikk,

Eidslandet.[26]

Offerkar

Offer vert teke opp i korger og i ei treskål med svidd innskrift og motiv, elles i kollekthovar med ring

og motstilte hankar og med pose i raudt stoff.

Blomstervasar

To blomstervasar i sølv, med konisk korpus med utbretta, åttedelt rand og utsvinga fot over vulst. Latinsk

kross med strålar på korpus. Innskrift på foten: Til Dale Kyrkja frå KFUK 1933. Stempel 830 S og kalk i

oval på begge. Den eine har i tillegg talet 90. Høgde 23,6 cm, diameter oppe 10,6 cm. Den eine vasen vart

vølt og oppussa i 2007.

Diverse

Modell av den gamle kyrkja på Dale, laga av Anton Thaule, Oslo, i glasmonter i våpenhuset.

Kyrkjegard og gravminne

Stanghelle kyrkjegard

Stanghelle kyrkjegard vart vigsla 22.05.1882. Til denne kyrkjegarden sokna Vaksdal og Dale.[27]

Kyrkjegarden, som i 2007 vart utvida mot aust og nordaust, ligg på sørsida av elveosen mellom

riksvegen og jarnbanelina. Området skrår opp mot riksvegen og er inndelt i tre ulike nivå skilde med

grusgang. Kyrkjegarden er avgrensa med smijarnsgjerde mot vegen nedafor, med tørrmur i sørvest og nordaust

og tilplanta skråning på oversida. Ein stor stein avgrensar kyrkjegarden i aust. Det er tre inngangar til

kyrkjegarden, ein port i muren i vest, nyare tofløya port ovafor muren i sørvesthjørnet som fungerer som

ny tilkomstveg til ein naboeigedom, og hovudinngang med parkliknade inngangsparti i nordaust. Det finst to

nyare vatnpostar hogne i granitt på kyrkjegarden.

Den eldste delen av kyrkjegarden ligg i det vestre hjørnet i to nivå med klokketårn oppe i sør og er

avgrensa mot resten av kyrkjegarden med nyplanta bøkehekk.

Klokketårnet er i bindingsverk med rektagulær plan. Det har liggjande bordkledning og helletekt,

valma tak. På austsida er det inngang til reiskapsbu, på nordsida inngang til klokketårnet som bryt

takflata i vest. Tårnet har lydopningar i form av lamellar til fire sider og er tekt med pyramideforma,

platetekt hjem som endar i kross. Treverket er kvitmåla. Klokka er ikkje registrert.

Dale kyrkjegard

Dale kyrkjegard ligg på Børjelen på Dalegarden. Den fyrste delen av kyrkjegarden var på 1500m2,

og vart vigsla 23. november 1907. Sidan har han vorte utvida fleire gonger, 1927, 1966 og 1987.

[28] Dei eldste delane ligg på ein høgde, her ligg også klokketårnet på

vestsida og frå dette nivået skrår terrenget sterkt ned mot vest og mot ein flate der dei nyare

utvidingane har funne stad. Det er inngang frå nord til begge desse nivåa, og frå sør til den nyare delen.

Inngangane har støypte portstolpar. Den eldste delen har tofløya smijarnsport med innarbeidd kross i kvar

fløy, den nyare delen har enkle smijarnsportar avslutta oppe med kross. Kyrkjegarden har ulike former for

avgrensing. Den øvre delen har smijarnsstolpar med nettinggjerde i aust, elles er det enklare

nettinggjerde, dels supplert med planter. Nivåskildnaden er dels lagd mot bakkemurar, dels planta til med

tre og busker. Frå klokketårnet går det gangsti med rekkverk ned til den nyare delen.

Gravminne over Spinnerimester Anders J. Kleveland (1861 – 1928) med familie i form av monolitt i kvit

marmor.

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Klokketårnet har kvadratisk plan og inntrekt øvre del med klokkeoppheng. Tårnet er av bindingsverk med

ytre kledning av over- og underliggjande bord. Nedre del er overdekt med skjørt, øvre del med

pyramideforma hjelm avslutta oppe med kross. Skjørt og hjelm er tekt med plater, treverket er kvitmåla.

Inngang mot aust og enkle lydluker med lamellar. Klokka er 55 cm i diameter, og 55 cm høg med krone, 45 cm

utan.

Reiskapsbu, nyare, utafor sørinngangen til den ny delen av kyrkjegarden. Bua har rektagulær plan med

lengdeakse nord-sør, og er bygt i bindingsverk på mura sokkel, kledd utvendes med liggjande panel og

overdekt med saltak tekt med ruteheller. Fløydør mot sør, lite vindauge mot vest. Måla lyst blågrå

utvendes.

Kjelder

Trykte kjelder

Bendixen, B. E.: Kirkerne i Søndre Bergenhus Amt, Bergen 1904 – 1913

Jubileumsbok: Dale sokneråd, Kyrkjestaden Dale 100 år 1896 – 1996 : Jubileumsskrift, Odda 1996

Brosjyre, Dale Kyrke

Bilete













Fotnoter

  1. Jubileumsbok s. 10
  2. Jubileumsbok s 31
  3. Jubileumsbok s. 32 f
  4. Jubileumsbok s. 56 f
  5. Brosjyre
  6. Bendixen 1904-13 s. 607
  7. Jubileumsbok s. 27
  8. Foto, jubileumsbok s. 42
  9. Foto i Juileumsbok s. 29
  10. Bendixen 1904-13, s. 608
  11. Jubileumsbok s. 40 f
  12. Brosjyre
  13. Jubileumsbok s. 59 vedr. produsentar
  14. Jubileumsbok s. 59
  15. Jubileumsbok s. 60
  16. Brosjyre
  17. Jubileumsbok s. 60
  18. Same staden
  19. Jubileumsbok s. 60
  20. Jubileumsbok s. 60
  21. Brosjyre
  22. Jubileumsbok s. 60
  23. Brosjyre
  24. Jubileumsbok s. 59
  25. Brosjyre
  26. Jubileumsbok s. 60
  27. Jubileumsbok s. 12
  28. Jubileumsbok s. 12 f