Strusshamn kyrkje

Fra Norges Kirker

(Omdirigert fra 124700501)
Hopp til: navigasjon, søk
Strusshamn kyrkje
FylkeHordaland fylke
KommuneAskøy kommune
ProstiVesthordland
BispedømmeBjørgvin bispedømme
Koordinater60.401532,5.189728
FellesrådAskøy kirkelige fellesråd
Kirke-id124700501
Soknekatalognr02040502
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusIngen


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Den første kyrkja i Strusshamn vart oppført i 1741 eller kort etter på nordsida av hamna mellom Kyrkjefjellet i aust og elva frå Kleppavatnet i vest. Søndag den 8. september 1861 tok det fyr i mølla ved elva, elden spreidde seg til kyrkja og berre einskilde inventarstykke vart redda ut. Enno er det kyrkjegard på den gamle kyrkjestaden. Ny kyrkje vart oppført på Strusshamnneset som stikk ut på sørsida av hamna. Kyrkja vart vigsla i 1864. I 1966 brann ho ned og den tredje kyrkja i Strusshamn vart reist på branntomten.

Kyrkja frå 1741

I brev til Kirke-Inspeksjonen dagsett 18.10.1740 støttar biskop Bornemann innbyggjarane på Askøy sin suplikk frå 28. mars same året om ei eiga kyrkje. Han peikar på at folk på Askøy "fra de gamle indtil de unge ere sær vankundige saa vidt deres Saligheds Sag betræffer", noko som skuldast at prestane i domkyrkjesoknet har så mykje arbeid i byen at dei knappast vitjar denne delen av soknet, "saa at Præsternes huusbesøg, Catechisation og undervisning i Christendommens stycker har fast været gandske fremmed for disse Folck". Tilsvarande peikar han på at bøndene på Askøy har lang sjøveg til byen og at dei heller ikkje har faste plassar i Domkyrkja "hvor der desuden er trangt nock for byens folck". (SAB. Stiftsamtmannen i Bergen, L.nr. 60, Kopibok utanstifts, 1740-42, ss 66-68.) 13.1.1741 kom det kongelege reskriptet om "Askøens Kirkes Opbyggelse.." (Wessel Berg s. 771). Kyrkja vart truleg reist snart etter dette, seinast i 1742.

Kyrkja var i kongen si eige fram til 1766 då ho ved auksjon vart selt til Claus Lampe som eigde Strusshamn gard. Enkja hans tok over eigedomen omkring 1790. Etter henne var det Ernst Meyer, hennar neste mann, som eigde garden og kyrkja fram til 1804. Eigedomen kom så i hendene på nære venner av Hans Nielsen Hauge som utvikla møllebruket i Strusshamn, først Ole Simensen Berg og frå 1806 Johan Loose og Peder Olsen Aalderust. Etter at dei to var døde fekk Frantz Pütter i Sandviken skjøte på Strusshamn i 1811. Han eigde kyrkja fram til 1849 då ho vart kjøpt av Askøy formannskap. (A.Skeie)

Bygning †

Kyrkjebygningen er kjend frå Dreyers prospekt frå omkring 1820, frå ei branntaksasjonsforretning frå 1851 og ei synfaring frå 1764. Kyrkja var orientert tilnærma nord - sør med inngang i nord og kor i sør. Ho var ei tømmerkyrkje der kor og skip var like breie og dekte av eitt saltak, med tårn over nordenden av taket, og med våpenhus framfor nordgavlen. Under kyrkja i sør var ein likkjellar. Kyrkja var 29 ½ alen lang, 14 ½ alen brei, 7 ½ alen høg under sperrene og frå desse til takryggen 8 alen høg.

Fundament. Fundamentet var ein gråsteinsmur, ¼ til 2 alen høg.

Vegger. Tømmerveggene var utvendes kledde med bord og tjørebredde, sameleis veggene i tårnet.

Dører. Det er nemnt tre dører i 1851, ut frå Dreyers prospekt har det truleg vore ei dør mot vest i koret, inngangsdøra har vore i nord. Den tredje døra kan ha vore kjellardøra.

Vindauge. I synfaringa frå 1764 vart det peikt på at det måtte lagast eit vindauge "paa den Vestre side af Kirken i den indlugte Stoel, ligesom det er paa den höyre side, efter di Man Kand i mörkt Vejr ej betiene sig af Bog der til at læse og synge udi". I 1851 var det "13 fag" vindauge i kyrkja, etter prospektet har dei vore ettermåten små og plasserte høgt oppe på langveggene.

Golv. Golvet var mykje skadd før synfaringa i 1764. Det vart klaga over at fundamentet var dårleg, med fundament er då meint golvbjelkane. Desse var dels øydelagde i samband med nedsetjing av kister ettersom dei låg slik at dei måtte hoggast av om ein skulle få kistene ned, dels var materialane som var nytta for spinkle: "..i steden for Bielker har der mest vært nedlagt Sperer, saa at det er öjensiunligt at Kirken med störste Sparsommelighed er oppbygget og ej til nogen Bestandighed. Derover staar alteret og bæver, naar nogen gaar derom, Stoelene i Kirken ere beskadiget og Gulvet i Stolene ganske Casseret". Det vart sett fram krav om eit nytt golv som tok omsyn til at kister skulle kunna setjast ned utan å skada bygningen. Golvet skulle no leggjast "i flak" som kunne takast opp og leggjast ned ved gravlegging utan skade for kyrkja.

Tak. Kyrkja var tekt med sutak og teglstein. I 1764 vart det peikt på at taket måtte forsynast med nye skrå kjølar og nye lekter og panner. Materiallista syner at det er bruk for 100 lekter og 200 panner, noko som viser at det gjeld eit vølingsarbeid. Kyrkja har såleis truleg vore tekt med panner frå oppføringa i 1740-åra.

Tårn. Over nordenden av tømmerbygningen var det oppført eit tårn. Det var bygt som ei "Kiste, opfört af Standerværk og tjæret", 4 alen breitt og langt og 7 alen høgt (1851). Den høge pyramideforma hjelmen var tekt med bly. I 1764 fann ein det naudsynt at "Tornet bekom en nye Spids, Nyt Blye at lægges paa Spidsen med videre Reparation". Framfor tårndøra var det bygt til ein inngang av standerverk, 4 ¼ Alen lang, 8 ¼ alen brei og 9 alen høg.

Likkjellar. Likkjellaren under koret hadde eigen "udbygget Indgang" på sørsida av kyrkja som var oppført i "Standerværk" og tjørebredd. Utbygget er omtalt i 1851, men viser ikkje på Dreyers prospekt. Det vart oppført av Pütter til bruk for kister. Utbygget var 3 ½ alen langt og breitt og 4 alen høgt.

Interiør

Innvendes var kyrkja delt i kor og skip. I koret var det utanom altar og altartavle ein prestestol og to andre stolestader, i skipet var preikestolen og 25 stolestader. Kyrkja har hatt galleri med stolestader.

Inventar

Altartavle . Etasjetavle i to høgder eller "afdelinger". To figurar frå tavla, truleg læresveinar, vart redda i brannen i 1861, men brann opp i 1966. a) Kort, krølla hår, halvlangt, todelt skjegg. Armane hang ned langs sidene, store, opne hender. Berrføtt. Fotsid kappe med tverrlagde foldar over og under magen. b) Langt, bølja hår, kort skjegg. Høgre underarm retta framover med open handflate. Venstre armen ned etter sida. Berrføtt. Kjortelen samla i livet. Kappe over skuldrene og ned i ein fold framme. Figurane var omlag 90 cm høge. Fargar: Brunt og grønt.

Altarring . "Ved Alteret 1 liden Skamel med Læder betrækket." (Inventarliste 1766).

Korstolar . I 1851 var det prestestol og to andre stolestader i koret.

Benker og faste stolar . I 1764 er nemnt ein innelaten stol på "den Venstre side af Kirken", truleg rett innafor inngangsdøra under lemmen. I 1766 var det 4 lange benker på golvet i kyrkja. I 1851 er det nemnt 25 stolestader i skipet. På lemmen var det då fire stolestader, to på kvar side.

Galleri . I 1851 er nemnt "1 Trappegang der fører op til Lemmen".

Skulptur . Inventarlista frå 1766 nemner "1 Crucifix med Ramme over Skrifte Stoelen".

Rituelle kar. Kalk †. Øydelagd ved brannen i 1966. Sølv kalk, innvendes gylt. Høg skrånande kupa, med riller under forsterka kant. Flattrykt nodus mellom øvre og nedre del av rett skaft med riller. Svakt skrånande fot som nedst er utsvinga i to avdelingar og avslutta med standkant og fotplate. Tidlegare mest halvkuleforma kupa. Ifølje A. Skeie vart det omkring 1950 sett eit laust beger oppi kalken. Begeret var festa med ein strammar. (A. Skeie manus, s.7.) Stempel: Tre tårn over 1741. P.N. /

Disk †. Sølv disk med gylt oppside. Nemnt i inventarlista frå 1766. Stempel under: I.P.K./

Oblatøskje †. Inventarlista frå 1766 nemner "1 rund Laqueret Daase til Oblater".

Dåpsfat †?. I 1766 hadde kyrkja eit stort fundtebekken av massing. Det vart redda ut då kyrkja brann, men auksjonert vekk.

Kanne †. "1 Tin Kande at bære Vand udi." (1766)

Parament. Altarduk †. 1 altarduk av fint lerret. (1766) Altarklede †. Eit raudt kledes altarklede. (1766) Kalkduk †. "1 Dexel over Kalken af sort Fløyel, foered med grøn Damask og med sølv Kniplinger om" (1766). Messehakel †. Messehakel av raud fløyel med sølv kniplingar. (1766). Messeskjorte †. Ei messeskjorte (1766). Døypefontklede †. "1 liden Funt Dug med Kniblinger om" (1766). Preikestolsklede †. "1 røed Skarlages Overtræksel paa Prædikke Stoelen." Brudeklede †. Eit raudt skarlagens brudeklede, eit vanleg ditto og eit ditto til golvet (1766).

Lysstell. Altarstakar. Eit par store lysestakar av massing er nemnde i 1766. Det er truleg ikkje dei same som vart redda gjennom to brannar og som står i dagens kyrkje.

Lysekroner. a) †, øydelagd ved brannen i 1966. I 1766: Ei lita massingkrone i koret. Balusterforma skaft avslutta nede ved kule og oppe ved flekt ørn. Fire S-forma lysarmar med lyskragar. Gravert på kula: "Giert Kramer - Margrethe ne Schultz". Omlag 45 cm høg. (A. Skeie s.20.) b) Ei stor massing lysekrone i skipet †, øydelagd ved brannen i 1966. Balusterforma skaft avslutta nede ved ei stor kule og oppe ved ei lita kule som bar toreguden ridande på ein griff (A. Skeie). Under denne ein krans av snodde figurar, over den store kula ein krans med 9 s-forma lysarmar med vide skålforma lyskragar. Gravert på kula i tre rader: "Corona hæc Strudshaviano Templo benevolo animo est data. Aatche Erichsdatter Hind. Hans Corneliussen Schultz 1749, d. 24 May".

Lysarm †, øydelagd ved brannen i 1966. Massing. S-forma, hengsla lysarm med tverrstilt ytre ledd som bar tre lyspiper over skålforma lyskragar. Over den indre bogen var festa eit skjold med innskrift: "Til Guds ære haver givet Matias Larsen Müller, Engelce Gundersdatter til Strudshavns kirke Anno 1744". (Etter Bendixen.)

Klokker †. "I Taarnet en liden og en mindre Malm Klokke". 1851: "indeni dette Taarn er opphængt 2de Metalklokker".

Bøker †. "1 liden Alter Bog." "1 Psalmebog med stoer Stiil."

Møblar †. "1 Lang Kiste at hjömme Kjærkens Klæder i." "J Eege Skab at giemme Kalk og Disk med videre udi." "J Choret, 2de Skammeler til Brude-Folk." Skriftestol. "1 Bord staar paa Giulvet."

Almissesamlarar †. "1 Fattiges tavle." "1 Skoele Tavle." "1 besyed Kirke Pung med Stang." "1 Blok for de Fattige, fastnaglet." "1 nye Tavle Blok til Viin og Brød."

Skip †. "1 lidet Skib, hængende ved Pulpituret."

I tillegg til dette nemner lista frå 1766 ei lita trekt, ei lykt og ein lysesløkkjar i blekk og ulike arbeidsreiskapar.

Kyrkja frå 1864

Den nye kyrkja i Strusshamn vart oppført på Neset sør for hamna. Her hadde det vore kyrkjegard frå 1848. Arkitekt G.A. Bull leverte teikningar til kyrkja som vart oppført under leiing av kyrkjebyggjar Askild Aase. Kyrkja vart vigsla av biskop Birkeland 30.9.1864. Ho brann ned til grunnen 29.1.1966.

Bygning †

Kyrkja frå 1864 var ein krosskyrkje i tre, orientert aust-vest med koret i aust og inngangen i vest. Skipet hadde nærast kvadratisk grunnplan, var tredelt ved søylerekkjer og dekt av eit saltak. Vest i skipet var det tverrgalleri. Aust i skipet var tilsett korte, breie krossarmar under tverrstilte saltak på kvar side. Desse inneheldt trapper til galleri som fylte tverrarmane. Koret i aust var smalare enn vestdelen av skipet og hadde lægre saltak avslutta med valma tak over den polygonale koravsluttinga. I hjørna mellom skip og kor var det opphaveleg rektangulære sidebygningar for dåpsborn og for prest. Vest for skipet sto eit firkanta tårn med våpenhus i første høgda. Målt utvendes var kyrkja 29 m lang med tårn og kor, av dette utgjorde skipet 15,5 m. Skipet var 14 m breitt, med tverrarmane 20 m. Koret var 7 m langt. Tårnet hadde ei grunnflate på 6,5 x 6,25 m. Kortilbygga var 2,5 m breie og 3,45 m lange. Ei større endring ved takkonstruksjonen vart utført i 1877. Rommet for dåpsborn på nordsida av koret vart utvida i 1899. Prestesakristiet på sørsida av koret sto uendra til 1939. Då vart det reve, og i staden vart det ført opp ein møtesal ut frå søre langveggen i koret. Møtesalen var 9 x 4,60m. Kyrkja hadde sitjeplass til 726. Etter endring av benkene vart talet minka til 500 plassar + 50. (Mål og andre opplysningar om kyrkja er tekne frå A. Skeie, 1964 og frå A. Skeie, oversyn i NK arkiv.)

Fundament/grunnmur. Kyrkja hadde gråsteinsfundament frå 1 til 3 alner høgt.

Vegger. Bygningen var oppført i bindingsverk, innvendes panelt, utvendes bordkledd. Ho var måla innvendes og utvendes. Utvendes var kyrkja kvit frå ho var ny.

Dører. Etter teikningar hadde kyrkja tofløya dører med fyllingar, overdekte av trekanta, helletekte gavlar mot vest og sentralt på tverrarmane. Det var murt opp steintrapper framfor dei tre inngangane og framfor inngangar til kortilbygga. Takutbygga over dei tre dørene vart tekne vekk i 1950 samstundes med at hovudtrappa framfor tårnfoten vart ombygd. I branntakst frå 1877 er det nemnt ti dører.

Korskilje. Kyrkja hadde eit ope korskilje med to etter måten tynne stolpar og låg skranke. (Brev frå Riksantikvaren til kyrkjedep. 28.8.1961.) I 1962 vart søylene i koropninga tekne vekk og opninga vart ramma inn av kraftige bord.

Vindauge. I gallerihøgd hadde kyrkja høge, smale, trekantdekte vindauge oppdelte i ruter ved sprosseverk. Tilsvarande vindauge i same høgd i kor og tårn. Skipet hadde i tillegg kvadratiske, sprossedelte vindauge under galleriet og under dei større vindauga. I 1877 er det nemnt 16 store og 8 små vindauge. Vindauga i skipet hadde frå først av klart glas. I 1920 vart dei skifte ut med "katedralglas" samstundes med at koret fekk glasmåleri.

Himling. Skipet hadde open takstol medan det var flat himling over galleria i tverrarmane. Koret hadde flat himling og synlege takbjelkar.

Tak. Skipet, dei tverrstilte krossarmane og koret hadde helletekte saltak. Kortaket var valma mot aust. I 1877 vart taket styrkt ved at sperreverket vart auka til det doble og bindingsverket vart gjort sterkare. I skipet vart ført opp svære søyler av "amerikanske trematerialer" (A. Skeie), for å styrka fundamentet for taket. Alt ved prostens visitas i 1873 har det vore sett inn nye søyler: "..., og til den Tid ville og de nye søiler inde i Kirken blive at male.-" Kortilbygga vart først tekte med sinkplater, i prostens visitasprotokoll er det i 1882 meldt at sinkplatene var erstatta av koparplater.

Tårn. Tårnet hadde nærast kvadratisk grunnplan. I høgd med kyrkjemønet var det dekt med pyramideforma, hellekledd hjelm som bar ei åttekanta lanterne dekt av åttekanta, sinkkledd spir avslutta med kule og kross. Sinken vart seinare skift ut med kopar.

Tilbygg. Dei opphavelege tilbygga til koret på nord og sørsida hadde rektangulær plan, breidda var 2,5 m og lengda 3,45 m. Dei var i bindingsverk, bordkledde, måla og tekte først med sinkplater, i 1880-1882 med koparplater. Omkring 1900 vart rommet for dåpsborn utvida i breidda og fekk femkanta form. Sakristiet vart ståande i si gamle form til 1939 då det vart reve og ein møtesal, 9 x 4,6 m, vart bygd sør for koret.

Interiør

Kyrkja hadde døypefont plassert nord i koret ved koropninga, preikestolen stod ved det sørlege hjørnet mellom kor og skip. Benkene var plasserte på sidene av ein midtgang i krossform. Orgel på galleriet i vest. I samband med arbeid i 1920 vart det installert elektrisk lys i kyrkja. (Kallsbok, fol. 19b.) Hausten 1887 vart det montert to kakkelomnar i kyrkja og ein omn i kvart av kortilbygga. Omnane og pipene vart fjerna i 1951 då bygningen fekk elektrisk varmeanlegg. Då kyrkja var ny, var ho i hovudsak kvitmåla også innvendes. Galleria var gule og søyler og takbjelkar var brune. Interiøret vart nymåla i 1920, eit arbeid som vart kosta av fabrikkeigar Arne Johannesen og kona. Veggene i skipet vart måla lyst grå-blå. I koret vart veggene lyseblå øvst. Frå nedkant av vindauga og ned vart korveggene måla i rutemønster med ornamentering. Gallerifrontane vart lysegrå, i vest med teikna: Alfa, IHS, kross-anker-hjarta, IXP og Omega. Benkene vart måla raudbrune. Målararbeidet vart utført av dansken Godtfred Hansen. I samband med 100-årsjubileet i 1964 vart dekoren i koret fjerna. Ny fargeplan vart utarbeidd i samarbeid med arkitektfirmaet Alvsaker & Vaardahl-Lunde. Kyrkjeveggene og søylene vart no måla gule, taket kvitt. Vindauga i koret hadde farga glas. "To av dei hadde øvst oppe ei blå stjerne og nedanfor denne strålar i gule felt. Dei to andre hadde ei raud stjerne med blå strålar i gule felt." (A. Skeie, s. 39.) Vindauga i dei skråstilte veggene i koret fekk glasmåleri i 1920. Måleria framstilte evangelistane Markus og Johannes og var laga av Rognaldsen, Bergen. Gåve frå Arne Johannesen og kona. Om tekstilar heiter det i Kallsboka (fol. 18b): "Tillige var denne Kirke bleven udstyret med Tæpper i Trappeoppgangene, Forhæng for de 3 Udgangsdøre samt nye, lyddæmpende Draperier for Korvinduerne."

Inventar

Altar †. Lågt altar av tre.

Altartavle †. Tavle i ei høgd med predella. Både predella og hovuddel var tredelte med breit midtfelt og smalare sidefelt flankerte av fialar. Sidefelta gjekk opp i spisse bogar, midtfeltet i eselryggboge, toppa med kross og utfylt med skore rankeverk med drueklasar. Midtfeltet på predellaen hadde føljande innskrift i gotisk fraktur: "Saa har Gud elsket Verden/ at Han gav sin Søn Den Enbaarne/ for at vi ikke skulle fortabes/ men have et Evigt Liv". Sidefelta i hovudhøgda hadde føljande innskrifter. Til venstre: "Min Sjæl er bedrøvet indtil Døden. Bliv her og vaag med mig. Bed at I ikke maa komme i Fristelse". Til Høgre: "Og Han kom i Dødsangst og Hans Sved blev som Blodsdraaber der faldt til Jorden". På skriftfelt under måleriet i midtfeltet var skrive: "Skje ikke min men din Villie". I samsvar med innskriftene hadde tavla eit måleri som framstilte Jesus i Getsemane med ein engel til venstre og dei sovande læresveinane til høgre for den knelande Jesus. Måleriet var utført av Johan Ludvig Losting (1810-1876). Bendixen omtalar sidefelta som nisjer. "I hver av disse er opstillet 1 statuet, af Johannes og Petrus, kopier efter Thorvaldsen i bronseret gibs(?)". Arne Skeie fortel at figurane seinare vart flytta til møtesalen. Det er uklart om dette er dei same figurane som vart redda frå kyrkja frå 1741 og som før 1966 var plasserte i våpenhuset.

Altarring †. Altarringen var åttekanta med altaret som den eine sida. Inngangen til altarringen gjekk opphaveleg gjennom port i fronten. I 1950 vart denne porten stengd og ny inngang laga ved sørsida av altaret. Altarringen hadde handlist boren av dreia balustrar over knelebenken som utvendes hadde liggjande rektangulære fyllingar. Handlist og knelepute var stoppa og trekt, truleg først med raudt ullstoff, sidan med skinn. Ved altaret sto ifølje inventarlista frå 1880 "1 Bedeskammel med rødt Klædes Betræk".

Døypefont †. Døypefonten frå 1864 var ein enkel trefont. Han vart teken ut av bruk i 1953. Ny døypefont vart laga av Knut Utne etter arkitekt Alvsaker si teikning.

Preikestol †. Preikestolen var fleirkanta med fag med to kvadratiske fyllingar i ramverk. Oppe avslutta ved handlist trekt med fløyel, nede ved profilert listverk. Botnen skrådde innover i rette trekanta felt skilde ved konturerte hengeplater. Stolen kvilte på ein fleirkanta stolpe. Oppgang frå koret.

Benker og faste stolar †. I kyrkja har det etter branntakst 1877 frå først av vore 54 benker med dører. I tillegg var det i 1880 12 lause benker. I 1919 fekk kyrkja nye benker utan dører (Kallsbok, fol. 19). Dei nye benkene hadde rette vangar med oval gjennombryting ved setefjøla og med rettvinkla innskjering i armlenehøgd. Øvst på vangen var det skore inn hjulkross, markert med måling. Benkene hadde heil rygg av liggjande bord.

Galleri †. Kyrkja hadde tre galleri, eit tverrgalleri i vest og galleri som fylte tverrarmane. I tillegg var det frå først av ein ekstra orgellem over galleriet i vest. Denne vart teken ned i samband med installering av nytt orgel. Gallerifrontane i tverrarmane var støtta opp av to stolpar på kvar side. Det gjekk trapper opp til galleria i dei austlege hjørna i tverrarmane. I 1959 vart det sett opp vegger under gallerifrontane slik at trappene ikkje vart synlege frå skipet. Galleribjelken for vestgalleriet var lagd opp i fire stolpar og i langveggene. Fronten hadde framspring over midtgangen. Han var konstruert som ei brystning med rektangulære fyllingar i ramverk. Oppå brystninga sto eit rekkverk av små balustrar som bar ei handlist. Orgellemmen er omtala slik i branntaksten frå 1877: "1 Orgellem med Trappe og Lem fra Vaabenhuset med 1 Orgel, 1 Galleri. Orgellemmen af Standerværk og malet, er 6 Alen 5’’ lang (= met. 3.90), 4 Alen (= m 2.51) bred med Rækværk, 1 Alen 18’’me høi samt staaende paa 4 Træpillarer 9 Alen 15’’ (= met 6,12) høi."

Orgel. a)†. Lemme. I bruk frå 1864 til 1874. b)†. Kvarme. I bruk frå 1874 til 1914. c)†. Olsen & Jørgensen. I bruk frå 1914 til 1964. Prospektet var tredelt med eselryggbogar over pedalverk og hovudverk. Bogane hadde innskrevne firpassmotiv og var toppa av og flankert av fialar. Orgelet hadde 15 stemmer fordelte på to manualar og pedal. Mekanisk overføring. Overført til Ask kyrkje. d)†. Jørgensen. I bruk frå 1964 til 1966. Orgelpipene var plasserte i to avdelingar, ei på kvar side av galleriet, medan spelepulten sto midt på. Orgelet hadde 21 stemmer pluss 4 unitstemmer, fordelte på 3 manualar og pedal. (Kolnes: 21+23tr.) Elektro-pneumatisk overføring. (A. Skeie, 1964 og S.J. Kolnes, 1993.)

Skulptur †. To figurar frå gamlekyrkja. Sjå kyrkja frå 1741 under altartavle.

Rituelle kar. Kalk †. Sjå kyrkja frå 1741. Disk †. Sjå kyrkja frå 1741.

Oblatøskje †. Bendixen nemner at "Brødæsken, aflang med kløverbladformet kors paa laaget synes at være af plet". Dette er truleg den same som er nemnd i inventarliste frå 1880: "1 Æske af Sølvplet, indvendig forgylt, til Alterbrødets Opbevaring".

Vinkanne †. "1 Vinkande af sølvplet, indvendig forgylt." (1880)

Dåpsfat. I 1880 hadde kyrkja "1 Døbebekken af Sølvplet". Sjå kyrkja frå 1969.

Kanne. I 1880 heiter det at kyrkja hadde 1 kanne til dåpsvatnet † og 6 Rebekkakrukker †. Kyrkja fekk ei ny sølvkanne til 100-års jubileet i 1964. Sjå kyrkja frå 1969.

Parament. Altarduk. a) †. "1 fin broderet Lærrets Alterdug" (1880). b) †. 1951. Ny altarduk gjeven av Alma Berntsen.

Altarklede. a) †. "1 fint rødt Klædes Altertæppe" (1880). b) †. Rundt 1900 hadde altaret klede av fiolett fløiel med kross og kantar av gulltråd (Bendixen). c) †. Etter 1920 har antependiet vore i raud fløyel. d) †. 1964. Nytt antependium til jubileet.

Døypefontduk. "1 fint brodert Døbefonte Dug" og "1 Haandklæde" (1880).

Messehaklar. a) †. Frå kyrkja frå 1741. Hakelen er nemnd i 1880, men kom seinare vekk. Han var av raud fløyel med sølv kniplingar. b) †. 1864. I bruk til 1914. Raud fløyel med gullkross på ryggen. c) †. 1914. I bruk til 1962. Raud fløyel med gullkross på ryggen. d) †. Teikna av arkitekt T. Alvsaker. 1962. Arbeidet utført av Jørgina Strusshamn. Raud brokade med kross i kvit silke. På krosstammen og krossarmane var brodert ulike symbol: due, XP, alfa og omega, kornband, m.v. e)†. Vanpoulle, London, 1963. Grøn brokade med Y-kross i fløyel. Messekjorte †. "1 Mæsseskjorte" (1880).

Lysstell. Altarstakar. To massing lysestakar. Sjå kyrkja frå 1969. Dette er truleg dei same som i 1880 er oppførte som "2 Messing lysestager med Lampelys".

Lysekroner. a) †. Sjå kyrkja frå 1741 - a. b) †. Sjå kyrkja frå 1741 - b. c) †. 1920. Vanleg massinglysekrone. Gåve frå Sivert Endresen. d) †. I kyrkja frå 1920. Prismelysekrone, kjøpt i Hamburg. Gåve frå Jens og Martin Almstad og Einar Joranger.

Lysarm †. Lysarm for tre lys ved preikestolen. Sjå Kyrkja frå 1741.

Annan lysarmatur. I 1920 vart det i samband med installering av elektrisk lys i kyrkja plassert lampekuplar og lampettar på søyler og gallerivegger.

Klokker. a) †. Haagensen, Laksevåg, 1864. Vekta var 18 voger. I bruk til 1929. b) †. Nauens klokkestøyperi, Tønsberg, 1929. Inskripsjon: Land, Land, Land, Hør Herrens Ord. Klokka var ei gåve frå kyrkjelyden. I bruk til 1966. c) †. Nauens klokkestøyperi, Tønsberg, 1948. Inskripsjon: Kling no klokka, ring og lokka. Kalla og helsa med fred Guds born. Klokka var ei gåve frå fabrikkeigar Arne Johannessen og kona. I bruk til 1966.

Bøker. 1880: "1 Bibel, 1 liden Alterbog og 1 Salmebog" †.

Nummertavler. 1880: "3 nummertavler, 20 Sæt Ziffer" †.

Møblar. Brurestolar. a) †. Dei første brurestolane var enkle stolar trekte med skinn. b) †. Teikna av T. Alvsaker og produsert av Knut Utne, 1953. Stolane hadde høg rygg og utskjeringar og var trekte med gyllenlêr. Harmonium i møtesalen. 1939-1957. Seinare brukt i Tveit. Nytt harmonium 1958 †.

Blomstervasar. To sølv blomstervasar †. 1949.

Kyrkja frå 1969

Den kyrkja som står no er oppført etter teikningar av arkitektane T. Alvsaker & E. Vaardal-Lunde og vart vigsla Kristi himmelfartsdag 1969.

Bygningen

Kyrkja er i betong og glas. Den sentrale delen som inneheld kyrkjerommet er i dobbel høgde med kvadratisk plan. Øvre del har vertikal oppspiling i betong, utfylt med glas. Bygningen har rektangulær grunnplan. På austsida av kyrkjerommet ligg sakristi, venterom for dåpsborn og fleire utrom. På vest-sida kyrkjelydssal, kjøkken og inngang og garderobe. Firkanta, slankt tårn i nord-vestre hjørne. Tilfluktsrom i kjellaren. Bårerom i eigen bygning sør-vest for kyrkja bunde saman med kyrkja ved overbygg. Kyrkja har flate tak. Sjølve kyrkjerommet har omlag 350 sittjeplassar, med kyrkjelydssalen er det plass til omlag 500 personar.

Vegger

Veggene er i prikkhamra betong. Over vindauge og dører smale horisontale felt av koparplater med loddbeine skøytar.

Dører

I nord og i sør er det inngangsparti i glas som er lagde utapå bygningskroppen. I tillegg er det inngangsdører i glas i nordvestre og nordaustre hjørne. Glaset er sandblese i nonfigurativt mønster. Alle desse inngangane er i bruk under gudstenester. I tillegg er det inngang til kyrkjelydssalen frå sør gjennom ei tredør. Dei fleste innvendige dørene er i tre. Faldedør i full breidde til kyrkjelydssalen.

Vindauge

Veggene i øvre høgda over kyrkjerommet er gjennombrotne av høge, smale vindauge, skilde ved tverstilte betong-lamellar. Mellom lamellane er det innvendes festa betongornament med nonfigurativt mønsteret som tilsvarar ornamenta på glasdørene. I sørveggen i første høgd er det tre felt med gjennombrotne, nonfigurative opningar i muren, fylte med farga glas. Av desse er det største i kyrkjerommet, eit mindre i kyrkjelydssalen og det minste i sakristigangen. I sidefløyane er det enklare vindauge i trerammer.

Golv

Golv i kvadratiske, gråsvarte terrassofliser.

Tak

Kyrkja har flate tak med plater lagde i rutemønster som himling innvendes.

Interiør

Kyrkjerommet har diagonal midtgang med benker i V-form og altaret i søraustre hjørne på eit podium tre steg over golvet. Preikestol ved austveggen ved enden av podiet. Døypefont på golvet framfor podiet, på vestsida. Orgel på galleriet over nordre del av kyrkjerommet.

Fargar

Mørk grå betong, grå-svarte golvfliser og glas dominerer. Raudt teppe på altar-podiet. Grøn løpar i midtgangen og grønt trekk på benkene. Noko lyst treverk i benker og andre stader. Dei gjennombrotne rektangulære felta i sørveggen har farga glas i ulike gule og grøne tonar.

Lys og varme

Elektrisk lys og oppvarming.

Inventar

Altar

Stein-altar. Altaret er sett saman av to 14.7 cm tjukke svarte terassoplater, den eine kantstilt som fot, den andre lagd over som bord. Foten er 141 cm brei og 68 cm høg, bordplata 162 cm brei og 72 cm djup. Framme på foten er inngravert eit stort kristogram. Altarbordet er sekundært påbygd med ein kasse av finerte plater. Kassen er 193 cm brei, 75,5 cm djup og 30,4 cm høg og går ned til nedkant av steinbordplata. Noverande høgde på altaret: 100 cm, før ca 83 cm.

Altartavle

Tre høge betongplater er stilte opp som eit triptykon med skråstilte fløyar bak altaret. Den høgste i midten er 121 cm bak altaret, er 196 cm brei og går mest opp til taket. Sidefløyane er noko legre, alle tre er rett avslutta. Midtfeltet har ein gjennombroten latinsk kross med farga glas i mindre, skilde ruter. Glaset er raudt og gult og vert opplyst frå baksida. Platene står eit stykke frå hjørnet og skjuler døra til sakristi-gangen.

Altarring

Altarringen er tresida som ein pendant til altartavla. Kneleputa er flat og brei, stoppa og trekt med naturfarga skinn. Sameleis handlista som vert boren oppe av fem terraossostøtter.

Døypefont

Grå-svart terrasso. Kulesegmentforma kum med fordjuping for dåpsfatet på fot med kvadratisk snitt. Fonten står fast i golvet. H. 82,4 cm, diam. 59,4 cm.

Preikestol

Stolen har vegger i limtre på tre sider med lesebrett mot vest. På utsida har stolen dekor i form av klossar plasserte i rute- eller krossform. Rektangelforma sokkel kledd med terassofliser med oppgang på sørsida i form av tre steg frå podiet.

Lesepult. I smijarn. Kristogram i smijarn over brystning av tre.

Benker

Kantstilte terassoplater som ber to gjennomgåande boksar. På desse er nedfelt enkeltsete av to vinklar i furu som ber krumma, stoppa sete og ryggputer. Setene er haldne saman på baksida ved ei gjennomgåande, fastskrudd fjøl. Fargar: Svarte plater, lakka furu, vårgrønt toskafts ullstoff.

Galleri

Galleriet går tvers over norddelen av kyrkjerommet med golv i betong og med trapper frå begge sider over kott ved nordveggen i kyrkja. Brystning av klårt glas på metallrammer slepper inn lyset frå dei gjennombrotne veggene i andre høgda. Også glasbrystning ved trappene.

Orgel

Jørgensens Orgelfabrikk, 1969. Pipene er plasserte i kubiske kassar, ein på kvar side av galleriet, med lydopning og synlege piper ut mot kyrkjerommet. Spelepulten står på tvers innafor kassen i vest slik at organisten sit vend mot songargalleri og kyrkjerom/altar. Orgelet har 3 manualar og pedal, 23 stemmer samt unit, tilsaman 54 register, 6 settjekombinasjonar og elektrisk overføring (A. Skeie).

Rituelle kar

Kalkar. a) Plett, innvendes gylt. Kupa forma som ei djup halvkule med forsterka kant. Påsett nebb. Inngravert latinsk kross på kupa. Rett hals med ring under kupa og over og under kuleforma nodus. Foten jamnt utsvinga over rett standkant. Stpl: MA, GP, M. AASE. H. 18,6 cm, diam. 12 cm. b) Sølv, innvendes eloksert/oksydert (svart). Brei flat kupa som smalnar av oppe mot forsterka kant som går ut rundt nebbet. Firskoren nodus under svakt skrådd hals. Kjegleforma fot over vulstforma sterkt konveks standkant. Stpl: 830 S, MÅ. H. 20,5 cm, diam. 14 cm. Særkalkar. 115+3 særkalkar av plett. Flat kupa over rund nodus og utsvinga fot.

Disk. Sølv. Tallerkforma. Stpl: 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN. Diam. 16,8 cm.

Oblatøskjer. a) Plett. Både underdel og lok er gylte innvendes. Sylinderforma. Svakt krumma lok med gravert latinsk kross. Loket har indre kant som går ned i underdelen. Stpl: tårn, N i kvadrat, 12, TH. Marthinsen. Diam. 10,8 cm, h. 4,5 cm. b) Sølv, innvendes gylt. Sylindrisk underdel, svakt krumma lok der veggen skrår inn før han går ut over kanten på underdelen. Gravert latinsk kross på loket. Stpl: 830 S, kalk i oval, TH. MARTHINSEN, 3. Diam. 10,7 cm, h. 4,7 cm.

Vinkanne. Sølv. Kjegleforma korpus som ved eit vendepunkt over midten skrår noko ut som hals. Djupt nebb. Skrå øvre kant, høgst framme. 7-tal-forma sølvband som hank. Hengsla lok som dekkjer nebbet. Loket er opphøgd sentralt og toppa med ei rund plate. Stpl: månesigd, krune, 835, LC. H. 26,5 cm, diam. 11,5 cm.

Dåpsfat. Plett. Stort djupt fat med flat botn og rand. Veggen mellom er trappa ut i tre konvekse ledd (sett utafrå). Gravert på randa: Reddet fra Strusshamn kirke som brente den 29-1-66. Ustpl. Diam. 42 cm, h. 10,5 cm, rand 3 cm, botn 15 cm.

Kanne. Plett. Rund korpus med duemotiv, over utsvinga fot og med traktforma hals med opphøgd hellekant. S-forma hank. Gravert under foten: STRUSSHAMN KIRKE 1964, FRA STRUSSHAMN HUSMORLAG. Stpl: tårn, N i kvadrat, TH. MARTHINSEN.

Parament

Altardukar. a) Kvit toskafts lin med brodert bord i kvit lintråd i teljesaum og samantrekkssaum på tre sider. Formgjeving: Vaardal-Lunde, saum: Jørgina Strusshamn. Motiv: Ulike kross- og hjulmotiv. Duken vart for liten då altaret vart utvida.

b) Kvit toskafts lin. Omlag 15 cm brei bord i svartsaum rundt heile duken som heng ned på alle fire sider av altaret. Vekselvis krossar og kalkar skilde med aksmotiv. Over ligg ein enkel kvit linduk som dekkar plata. Saum: Jørgina Strusshamn.

Antependium og preikestolsklede er sydde i same stoff og med same design og motiv som dei fire messehaklane. 4 sett, grønt og kvitt frå kyrkja var ny, raudt og violett seinare. Det grøne antependiet har eit påsydd gullband, preikestolkledet har gullband og kristogram som chi og jota med alfa og omega. Brodert motiv på det kvite preikestolsklede: XP. Det raude preikestolkledet har nedovervend due som messehakelen.

Messehaklar. a) Grøn. Design Vaardal-Lunde, saum: Esther B. Eide. Vid form. Kypertvevd ullfilt. Grøn fôrsilke. Motiv framme: kristogram som kombinasjon av chi og jota med alfa og omega på sidene. Ryggen har brei stolpe av grønt dreielstoff i lin og ull med silkeband/gulltråd som kant. Tilsvarande krage. Brodert motiv på stolpen: tre sjuarma lysestakar i gullgul og beige silke.

b) Kvit. Alvsaker & Vaardal-Lunde. Brodert av Esther B. Eide. Vid form. Fin, ubleika ull, fantasibinding. Lys gul fôrsilke. Framme: Kristogram (XP). Rygg: Stor latinsk kross brodert i silketråd i ulike teknikkar i gule og gulbrune fargar. Innslag av glasperler.

c) Raud. Saum: Esther B. Eide. Vid form. Lys raud ull, spisskypert. Raud fôrsilke. Applikert band i djupare raud natursilke, med broderte variasjonar over hjulmotiv. Bandet ligg som stola framme og over skuldrane, avslutta sentralt bak mot stjerten til ei stor gull og perlebrodert nedovervend due. Fargar på broderiet: gul, gulbrunt.

d) Lilla. Nyare. Vid form. Toskafts lilla ullstoff, svart bomullsfôr. Motiv framme: JNC i sølv, bak: brodert sølvkross i plattsaum. 2 messeskjorter.

Lysstell

Altarstakar. To lysestakar i massing. Klassisistisk form. Vaseforma lyshylse. Kannelert søyle med voluttkapitél. Vid profilert fot med flattrykt kule under søylebasen. Stakane har tidlegare vore monterte for elektrisk lys, men ber no smale kubbelys. H. 58 cm, diam. 26,5 cm.

7-arma lysestake. Smijarn. Midtstong og tre bogar med kvadratisk snitt og knopp med naglar under bogane. Midtstonga står på halvkuleforma fot av fire føter, haldne saman av ein ring. H. 141,5 cm, br. 67 cm.

Den allmenne opplysinga av kyrkjerommet skjer ved hjelp av pendlar frå taket, plasserte i diagonale rekker sentralt i dei kvadratiske himlingsplatene. Kvar pendel har lysskjerm av seks aluminiumsplater med spalter mellom. Elles ordinær armatur.

Klokker

Tre mindre klokker frå Olsen og Nauen heng over einannan i stigande storleik øvst i tårnet som er ope mot nord og sør.

Bøker

Ei gjestebok er bevart etter brannen i 1966, der det m.a. er skreve ned namna til nokre av dei som var tilstades ved 100-årsjubiléet i 1964. Boka er skinntrekt og var ei gåve til 100-års-jubiléet frå Askøy Misjonsforening NMS. Nyare bøker.

Nummertavler

Aluminiumstal direkte på veggen.

Møblar

Piano, Grotian-Steinweg, i kyrkjelydssalen. Gåve frå misjonsforeninga Vårvon. Elektronisk orgel i venterommet for dåpsborn.

Offerkar

Moderne blokk i våpenhuset, av tre med metallbeslag og hankar. Gravert på skilt på loket: Strusshamn kyrkje 1977. Offerposar i vinraudt ullstoff, femkanta form med tvinna snor og to hankar av tre.

Diverse

Kyrkjemodellar. I glasmonter i sakristigangen står modellar av dei to vekkomne kyrkjene i Strusshamn.

Kyrkjegardar og minnesmerke

a) Gravplassen rundt kyrkja frå 1741 er framleis i bruk. Plassen er terrassert opp frå sjøkanten. Det er inngang til gravstaden gjennom fabrikkanlegget og ein enkel smijarnsport festa i murte, nyare stolpar. Restar av eldre tørrmur ved inngangen og mot nord. Plassen er trapésforma med eit diagonalt gåande høgdedrag. Ved kortenden i nord er det skog, "Kyrkjefjellet" avgrensar mot aust og fabrikkbygningen mot vest. I sør ligg sjøen og "Prestahuset". Minnesmerke: Ved Kyrkjefjellet er reist eit minnesmerke med plate i bronse på granitt. Plata har innrissa teikning av kyrkja frå 1741 og innskrift: PÅ DENNE STADEN STOD/ DEN FYRSTE KYRKJA/ I STRUSSHAMN/ BYGD 1741 - BRANN 1861. Det er få gamle gravminne på kyrkjegarden. Det eldste er ein støypejarnskross med plate frå 1876.

b) Gravplassen ligg rett vest for den gamle kyrkjegarden. Frå koleraepidemien i 1849 har plassen vorte kalla "Kolerakyrkjegarden". Han er framleis i bruk.

c) †. I 1848 vart eit stykke dyrka jord på 5000 alen2 på Strusshamnsneset kjøpt og sett i stand som gravplass. Stykket var "i en aflang Fiirkant" og "rækker fra Fjældet paa vestre side til imellem de tvende Huuse der staa i Øst...". (SAB Prestearkiva, Askøy I 2 d, Journalsaker 1848.) Her vart kyrkja oppført i 1864. I branntaksten frå 1877 er det nemnt "To Jernporte i et Steengjerde, der omgiver Kirken, af Smedejern og malet". I prostens visitasprotokoll frå 1864 -1880, fol.14 heiter det at "der er 3 Kirkegaarder; alle tilsammen dog for smaa efter Lovens Fordring, og den omkring Kirken lader sig ikke udvide. Det bliver fornødent at et forøget Kirkegaardsrum anskaffes. Hegn og Porte er i forsvarlig Orden saavel omkring Kirken som ved Gravpladsene paa Gaarden Strudshavn". Dei siste gravene på gravplassen ved kyrkja vart sletta omkring 1950.

Krigsminnesmerke av granittblokker på sørsida ved den noverande kyrkja. Laurbærkrans og blomeurne i bronse. Innsrift i kransen: DEI DØYDDE FOR NOREG. 1940 - 1945 i hjørna. Namna til 27 krigsoffer er graverte på minnesmerket.

d) Jacobs kyrkjegard mellom Strusshamnsvegen og Follesevegen. Kjøpt 1869. 7800 alen2. Vert nytta framleis. Ved gravplassen står eit minnesmerke sett saman av gamle kvernsteinar. Plate i bronse med relieff og innskrift: HANS NILSEN HAUGE/ BYGGET MØLLE I STRUSSHAMN/ I 1804./ HAN SATTE ÅND/ OG LEGEME I ARBEID/ REIST AV LIONS CLUB ASKØY 1992.

e) Futebø gravplass. 1904. Plassen ligg rett nord for B og vert framleis nytta.

f) Skjeneflorsbakken. 1912. Omregulert i 1963.

g) Skiftesvik. Den nye gravstaden i Strusshamn ligg på eit høgdedrag over Skiftesvik i skrånande naturterreng. Han vart vigsla i 1989. Gravplassen er lagt i felt i fleire nivå med plass til ialt 1120 graver. Berre ein del av det tilgjengelege området er teke ibruk, i alt vil det vera plass til nær det doble. Gravplassen er ikkje inngjerda, men har tildels naturleg avgrensing. Ned mot tilkomstvegen og parkeringsplassen er det murt opp tørrmur av heller med ein enkel, svartlakka aluminiumsport lagd opp i granittstolpar med kvadratisk snitt og pyramideforma avdekking. På felta er det plassert vatnpostar av granitt og benk med granittvanger og sete av tre. På det øvste nivået med utsyn over dalen står ein klokkestøpul av fire kantstilte limtredragarar på betongsokkel. Dragararne er oppe forma i boge over klokkeopphenget. Klokka heng i seks bøylar og har svakt skrånande korpus over nedbøygd slagring. Mellom to riller øvst på halsen er namnet åt klokkestøyperiet Nauen, på korpus alfa, omega og kristogram over "SOLI DEO GLORIA".

Kjelder

Utrykte kjelder
  1. Statsarkivet i Bergen. Prestearkiva, Askøy I.2., Journalsaker 1851. Branntakst.
  2. Prestearkiva, Askøy I.2.d., Journalsaker 1766. Rentekammerets inventarliste.
  3. Prestearkiva, Askøy, 19. Kyrkjeprotokoll 1827 - 1880. Pütters kyrkjeprotokoll.
  4. Prestearkiva, Fjell, Kallsbok 1839 - 1966.
  5. Stiftsamtmannen i Bergen, L.nr. 2087. Synfaring 1764.
  6. Stiftsamtmannen i Bergen, L.nr. 60, Kopibok utanstifts, 1740-1742.
  7. Bispearkivet IV, 46. Jordebok 1a, 1585.
  8. Bispearkivet. Visitasmeldingar.
  9. Katalog over kyrkjebøker, innleiing.
  10. Askøy sokneprestkontor. Kallsbok for Askøy sokneprestembete.
  11. A. Skeie, Askøens Kirke 1741 - 1861. Manus på Askøy sokneprestkontor. 1960.
  12. Norges kirkers arkiv.A. Skeie, Strusshamn kirke - oversikt.
Trykte kjelder
  1. J. Kraft, Beskrivelse over Norge, 4. del, Chra. 1830.
  2. F.A. Wessel Berg, Reskriptsamling I , 1660 - 1746. Chra. 1841.
  3. P.A. Munch (red.), Pavelige nuntiers regnsk. og dagbøker, ført under tiendeoppkreving i Norden 1285-1334, Chria. 1864.
  4. J.F. Lampe, Bergens stifts biskoper og prester, I, Kra. 1895.
  5. B.E. Bendixen, "Fra Søndre Bergenhus Amt og Bergenhus fæstning", FNFB årsb. 1900.
  6. B.E. Bendixen, Kirkerne i Søndre Bergenhus amt, Bergen 1904.
  7. A. Helland, Norges land og folk, Søndre Bergenhus Amt II, Kra. 1921.
  8. C. Clausen, Askøy herad i hundrad år 1837 - 1937, Bergen 1937.
  9. A. Skeie, Kyrkjehus og kyrkjeliv på Askøy, Festskrift til 100 års jubileet Strusshamn kyrkja 1964.
  10. S. Muri, Norske Kyrkjer, Oslo 1971.
  11. F. Hodnebø (red.), Bergens kalvskinn, Oslo 1989.
  12. S.J. Kolnes, Norsk Orgelregister 1328 - 1992, Førdesfjorden 1993.

Bilete

Bileta er frå Kyrkjebyggdatabasen (2005-2006)