Arbeidsmal1

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er under publisering.
Artikkelen kan mangle noen avsnitt eller inneholde ufullstendig informasjon.

Jostedal kyrkje

Anne Marta Hoff

Kyrkja og kyrkjegarden ligg om lag tre mils veg inn i Jostedalen i ein innersving på vestsida av elva som fører vatn frå fjell og brear sørover mot Lustrafjorden der denne går inn mot kommunesenteret Gaupne.


Vel hundre år attende i tid låg prestegarden med sine hus like vest for kyrkjegarden. Denne vart nedlagt og den siste prestegarden vart oppført sørvest for kyrkja høgre opp i sida.


Kyrkja som står her i dag vart bygt i 1660, men er endra opp gjennom tida. Presten i Jostedalen, Atle, er nemnd i Jostedalen i 1318-19 (DN …), truleg den same presten, no Asle, er nemnd att i 1322-23 (DN …). Også i Bergen Kalvskinn er det nemnt prest i Jostedalen (BK …).


Om ein ut frå dette kan slutta at det også stod ei kyrkje i Jostedalen før svartedauden, noko som tykkjest rimeleg, har dette mest sannsynleg vore ei trekyrkje, og då helst ei stavkyrkje. Det er tradisjon for at Jostedal kyrkje låg aude i 300 år – knytt til innskrifta på eit bogefragment som er oppbevart i våpenhset og til det historiske faktum at Jostedalen gjennomgjekk ei audetid i perioden frå ca. 1350 fram til eit stykke ut på 1500-talet.


Det er ikkje nøyaktig tidfest når dalen vart nyrydda og heller ikkje når kyrkja kom i funksjon att, men 200 år ligg truleg nærare dei faktiske forholda. Kyrkjerekneskapane er bevarte frå 1631, og kyrkja er då i full drift. Det er ikkje slått fast om den kyrkja som vart teken i bruk etter audetida var ei istandsett mellomalderkyrkje eller ei ny kyrkje. Alt på 1630-talet er det snakk om at kyrkja er i forfall, og det tydar på at kyrkja enten har vore gammal, eller ikkje kan ha hatt høg kvalitet.


Som mange stader elles er det knytt segner til kyrkjereisinga. Den eine er ei segn som gjeld uforklarleg flytting av kyrkjematerialen og dei tilhogne syllstokkane til noverande kyrkjestad. Den andre gjeld kyrkjeklokka.


Det skal ha vore ei smal mellomalderklokke i kyrkja heilt fram til 1856 då ho vart øydelagd under innringinga av påske.[1] Segna fortel at denne klokka vart funnen i ein hatlerunne under arbeidet med kyrkjetomten. Dersom den forrige kyrkja var ei istandsett mellomalderkyrkje, kan det vera at kyrkjeklokka var bevart på staden.

Kyrkja frå 1656

Bygningen

Seks menn reiste i 1656 ”den lange wey fra søen och op i dallen, den gl. Kierche att affsige”. Maten deira er utgiftsført i rekneskapen frå 1653 – 1660. I same rekneskapsperiode reiste seks menn saman med ”proffstens och stiftschriffuerens fuldmegtige” den same ”lange wey op och need, […] den ny kierche att besichtige”. I synfaringsdokumentet for den siste reisa er det gjort greie for materialane som vart nytta til den nye kyrkja (tilvising).


Ved ferdigstillinga av kyrkja heiter det i synfaringa frå 1660: ”Och efftersom woris gl. Welbyrdige her candstler haffuer beuilget, att der en ny kirkche i Justerdalen, istedenfor den førige som war forraadnit och aff 6 mend afflagt motte bygges, saa er det och aff presten dersammesteds her Thøger Jenssen scheed, och effterkomit, med stoer besuerlighed, och er same kierche och thaarn som gandsche aff ny er opbygt med boertag och suetagh aff huggen boer af 6 mend wurderit, effter deris wurderings breffs indhold den 2 Septbr.(?) 1660 for …(ta med sum) Lemmen i kyrkja vart utgiftsført i 1664 – 69, koret vart også bordtekt då. Ein del av materialane og konstruksjonane i kyrkja er mest sannsynleg brukte sekundært i kyrkja frå 1660.


I grunnhøgd står det no tre par stolpar vest i kyrkja, to par innafor tømmerveggen og eitt par utafor. Desse er sentrale for forståing av bygningssoga (sjå nedafor under Tårn). Våpenhuset er påbygt, seinast i 1907 – 10 under ei omfattande istandsetjing av kyrkja leia av arkitekt Johannes Kløften. Koret vart også utvida i lengda i samband med dette arbeidet. Etter Kløften sine planar skulle det då også lagast tilbygg til kyrkja på nordsida med konfirmantrom og sakristi, dette vart ikkje gjennomført.

Vegger

Veggene i skipet er det tømmerrektangelet som vart oppført i 1660. Det har 10 omfar av kraftige furustokkar synlege over den innebygde syllstokken. Kvar av langsidene er avstiva med ei opplengje festa med jarnbolt med kile innvendes og med ein tverrlagd, gjennomgåande bjelke festa mellom dei to øvre stokke-omfara.


Utvendes er veggene kledde med sulagde bord. Truleg i samband med flytting av tårnet vestover, har den ytre veggen vorte trekt ut frå tømmerkjernen mot vest som bindingsverksvegg, slik at tårnet utafrå framleis skulle framstå som ein takryttar vest i skipet.

På vestsida av vestveggen i tømmerkjernen er det på kvar side av inngangsdøra hol og dels restar etter bygningselement som har gått/går vestetter.


Dei inste er for losholtar mellom tømmerveggen og det vestre tårnstolpeparet og er ein del av den ståande tårnkonstruksjonen.


Utafor desse losholtane er det på sørsida merke etter to vestgåande stolpar som har gått ut frå tømmerveggen. Dei er plasserte over einannan nær etasjeskiljet. Desse hola er tilnærma kvadratiske og kan ha vore feste for eit våpenhus i bindingsverk før tårnet vart flytta. På nordsida er denne delen av veggen dekt med isolasjon og ikkje tilgjengeleg for undersøking.

Austveggen i skipet er ein tilsvarande tømmervegg, men med ulike opningar (sjå nærare under Korskilje). Langveggene har merke etter tidlegare benkeordning.


Veggene i koret er også tømmervegger. Langveggene er feste til austveggen ved at halve øvre og nedre stokk er felte inn og gjennom veggen. Dei mellomliggjande stokkane er bolta fast, truleg til ei ytre opplengje som er festa til austveggen i skipet.


I 1907-10 vart veggene skøytte i lengderetning, i det koret vart løyst frå skipet og flytta lengre aust. Nye tømmerstokkar vart tilpassa og sette inn i mellomrommet. Skøyten i veggene på nord- og sørsida er loddbein opp til dei tre øvre omfara, desse er om lag 50 cm lengre. Den øvste stokken har i tillegg den halve delen som har vore fest til tømmerveggen.


Oppmålingsteikninga av Kløften frå 1900, før koret vart gjort 120 cm lengre, viser ein situasjon som truleg går attende til oppføringa av kyrkja i 1660. Dei tre øvre omfara går her inn til austveggen i skipet, medan mellomrommet mellom denne veggen og den loddbeine skøyten er utfylt av ein om lag 50 cm brei ståande planke. Ved utvidinga av koret i 1907-10 er planken fjerna og dei nye tømmerstokkane går heilt inn til den loddbeine skøyten.


I synfaringa frå 1660 er det som nemnt ovafor sagt at ”kierche och thaarn … gandsche af ny er oppbygt”. Med ’kirche’ er oftast meint berre skipet, og at dette gjeld her, vert godtgjort ved at materiallista i synfaringa eksplisitt nemner at det til koret er kjøpt inn tre omfar tømmer. Det er rimeleg å tolka dette slik at den nedre og austre delen av koret kan vera eldre enn 1660, og då gjerne koret som var i bruk før denne kyrkja vart oppført. Ved oppføringa har ein ynskt eit noko større kor. Dei nye omfara er difor kjøpte 50 cm lengre, og mellomrommet under er utfylt med ståande plankar.


Koret var heller ikkje før arbeida tidleg på 1900-talet lafta saman med skipet, men festa på tilsvarande måte som no. Koret i den tidlegare kyrkja har, om dette stemmer, vore om lag 350 cm langt, i kyrkja frå 1660 400 cm, og no 520 cm.


Veggene fekk ny bordkledning som vart måla med kvit oljefarge i 1862.[2]


Veggene i våpenhuset frå 1907-1910 er av bindingsverk kledde med ståande, glattkanta bord utvendes og med ståande staffpanel innvendes. Gavlen er kledd utvendes med sulagde bord.


Det er eit lite bislag med inngang på sørsida i hjørnet mellom skip og kor. Bislaget er av bindingsverk, kledd utvendes med sulagde bord.

Dører

Skipet har dør mot vest i begge høgder. Koret har dører mot sør gjennom bislag. Våpenhuset har dør mot vest.


Vestdøra i skipet er ei fløydør med to fyllingar i kvart dørblad. Dør, dørvridar og nøkkelskilt frå tidleg 1900-tal.


Døra mellom galleri og gallerigang har opphavleg opning med beitskier i tømmerveggen og nordre beitski har merke etter hengsler for ei tidlegare dør. Dørbladet som no står i opninga er sekundært sett inn her og har truleg frå først av stått som inngangsdør i første høgda. Det er snudd opp-ned og den opphavlege utsida vender innover. Døra er tilskoren for å passa inn i opninga, og har fått ein fals etter kanten på innsida. Dørvridar og nøkkelskilt tydar på at ho er montert her samstundes med at fløydøra vart sett inn som hovudinngang til skipet tidleg på 1900-talet.


Dørbladet er sett saman av to plankar samla med to labankar på det som no er yttersida og med to dørjarn i full breidde.


Den opphavlege yttersida har innskorne initialar av den typen som ofte finst på dører og som skriv seg frå 16- og 1700-talet. Her står AOS, PMS, Sifer : iohans sen og rett under AID, om det no er han eller ho som har rissa det inn. ANDRIS KNVD SEN har også sett namnet sit her og HHR. På same sida er det bevart ein del av eit jarnbeslag der dørringen tidlegare har vore festa, og ringen har sett merke i treet under beslaget.


Sjølve ringen er no festa på den opphavlege innsida som no vender ut. På denne sida er det også skava ut plass for eit tidlegare lås, venteleg låset som no heng i våpenhuset. Den opphavlege innsida av døra har dekorativ rankemåling på raudbrun botn av same slag som på vestveggen nede i skipet.


Vestdøra i våpenhuset er ei fløydør av same slag som vest i skipet, men med nyare vridar og lås.


Døra sør i koret vart laga i samband med arbeida i 1907-10. Før dette var det berre dør vest i kyrkja. Det er ei fyllingsdør av same slag og med same type dørvridar og nøkkelskilt som på vestdøra i skipet. Ho har to ståande fyllingar mellom to liggjande. Ytterdøra i bislaget er ny, glatt og med nytt beslag.

Korskiljet

Korskiljet i kyrkja er sett saman av fleire delar frå ulike samanhengar. Tømmerveggen aust i skipet er gjennombroten i mest heile korets breidde og til den nest øvste tømmerstokken under himlingen i koret. Korskiljet er tredelt med midtopning og smalare sideopningar med brystningar og spileverk.


Midtopninga er avslutta oppe med flat boge skoren inn i underkant av tømmerstokken. Bogen har eit breitt, handskore rettvinkla profil ved kanten mot vest. Golvet i koret ligg eit godt steg over golvet i skipet. Syllstokken er dekt nedst mot golvet av 15 cm breitt listverk. Over lista er han vel 40 cm høg. I midtopninga er det skore ned 20 cm av syllstokken og her ligg han no i flog med korgolvet. I avskjeringa viser not der stolpane som flankerer midtopninga er sette ned. Det er tre stolpar på kvar side av midtbogen. Stolpane nærast opninga er ca 6 x 10 cm på sørsida og 7,5 x 9,5 cm på nordsida og står med flata inn mot opninga. Utafor desse, mot dei to sideopningane i korskiljet, står det kraftigare stolpar, ca 16 x 8 cm med flatsida mot skip og kor. Mellom dei to stolpane står det ein stolpe, ca 5 x 4 cm med opning på kvar side. I halv og i full høgd er det sett på sekundært brukte, profilerte bordbitar med trapesforma flate på tvers av dei tre stolpane på vestsida på begge sider av midtopninga. Bordbitane som står i halv høgd har tre djupe rettvinkla profil etter begge sider. Dei tre bogane er markerte med måling som er eldre enn rankemålinga i skipet.


Sideopningane har brystningsfelt under spileverk. Brystningsfeltet på nordsida er sett saman av to bord som truleg stammar frå mellomalderen. Bordet nærast midten er 11 x 80 cm, det andre ca 50 x 80. Borda har tjørespor og smal holkil med v-snitt på begge sider. Det breiaste bordet har profil etter begge kantar på austsida og etter eine kanten på vestsida. Borda går ned i not i syllstokken og opp i not i ein losholt. Spileverket over brystninga er av dreia pillarar i to høgder, skilde ved losholt med rankeskurd på begge sider og med karnissprofil. Pillarane, som dels står opp-ned, og kanskje også losholten, er truleg sekundært brukte her. For å få plass i høgda har ein måtta skjæra eit hakk opp i tømmerstokken i overkant. Sør for midtopninga er det vanskeleg å seia noko om den opphavlege situasjonen. No er det oppgang til preikestolen gjennom søropninga, og i overkant er denne skoren høgre i to omgangar. På austsida av opninga er det festa ei dør som også kan vera sekundært brukt. Borda i brystninga her er 34 og 26 cm breie og er avsaga i 45 cms høgde for preikestoloppgangen. Også desse borda har profil med holkil med v-snitt og tjørespor.


Eit uvanleg trekk er at austveggen over bogane har ei mengd spikarhol diffust fordelte over veggflata.

Vindauge

I 1664-69 vart det sett inn to store vindauge i koret, truleg eitt på kvar side. Desse vart kjøpte i Bergen. Eit nytt vindauge er også kjøpt inn i 1693-95, og i 1708-10 vart det igjen kjøpt tre vindauge til koret, også desse kom frå Bergen. Det skjedde ein del endringar i kyrkja i 1858-62, mellom anna med vindauga. Eitt vindauge vart flytta frå koret til nordveggen i skipet, eit anna vart attbrukt i våpenhuset. Det vart også laga nye vindauge på sørsida i skipet i denne perioden.[3] Vindauga vart også fornya ved istandsetjingane tidleg på 1900-talet.


Vindauga i kyrkja er etter måten nye, men er venteleg plasserte på same stad som eldre vindauge. I sørveggen i skipet er det eitt torams vindauge i vest og eitt i aust, sentralt er det to eirams vindauge som flankerer opplengja. Nord i skipet er det eit eiramsvindauge i aust framfor gallerifronten.


I koret er det eitt toramsvindauge i sørveggen og eitt i nordveggen. I austveggen er det spunsa att eit hol for eit tidlegare vindauge. Denne opninga er smalare oppe enn nede, høgda er større enn breidda. Attspunsinga er måla med interiørmåling.


I vindauga i skipet er sjølve karmen og midtposten eldre enn rammene. Karmen har lett skrådde smiger og rammene er feste i ytterkant i karmen. Kvar ramme er inndelt med sprosser i 2 x 5 ruter. Innvendes i karmen er det sett til ei heildekkande ramme med udelt glas. Vindauget i nordveggen skil seg i form frå dei i sørveggen, det er meir kvadratisk og midtpost, sprosser og hengsler er annleis.


Dei to vindauga i koret har nyare karmar og to rammer med glas, begge feste i ytterkant av karmen. Dei ytste rammene har heile, glatte, glas, innerrammene har lett farga og ujamnt glas i små, rektangulære ruter lagde i bly.


Våpenhuset har vindauge i nord og sør, eirams med 3 x 2 ruter og med ramme med heilt innerglas.

Golv og fundament

I 1696-98 vart det laga ny steinmur under heile kyrkja. I 1708 – 1710 var det igjen nødvendig å skru opp koret og laga ny steinmur under, i det koret seig frå kyrkja. Kyrkjegolvet vart lagt nytt og heva ¾ alen i 1859.[4] Nytt golv vart også lagt under istandsetjinga i 1907-10 og ved 300-årsjubileet i 1960. Kyrkja har også no fornya bordgolv i alle rom.

Tak

Kyrkja som vart oppført i 1660 fekk alt i 1686-89 nytt tak av 10 tylfter hogne bord, 7 alner lange. Nokre av sperrene vart også oppattnya den gongen. I neste rekneskapsbolk, 1691-93, vart det lagt nytt tak på sørsida av kyrkja, truleg eit framhald av den same fornyinga. Alt i 1720-22 vart det igjen ”opplagt eet nyt tag paa kirchens søre side”. På koret vart det lagt nytt tak i 1702-04. Om det stemmer at tårnet frå først av stod vest i skipet, har taket truleg då vore tilsvarande kortare og berre dekt tømmerkjernen. Det finst ikkje kjelder for vedlikehaldet av taket etter 1722, men eit udatert foto i Jubiléumsboka viser kyrkja med sulagt, tjørebredd tak etter at sjølve kyrkja var kvitmåla.


No ligg det saltak over skipet og austre del av forrommet eller våpenhuset. Taket er brote av tårnet ved vestgavlen. Også kor og våpenhus har saltak, taket over våpenhuset er lægst og smalast. Over bislaget på sørsida av koret er det pulttak. Taka er sperretak.


Over skipet er takkonstruksjonen noko ulikt utforma i aust og i vest. Den austre delen av taket, frå dei austre tårnstolpane (sjå nedafor under Tårn), har sperrer som er kløfta saman i mønet, saksesperrer som oppe står med tapp inn i sperrene og korte, spinkle hanebjelkar over krysset mellom saksesperrene og sperrene. Skøytane er sikra med trenaglar. Dei nedre bindbjelkane/takbjelkane i raftehøgd er avsaga. Dette skjedde etter Kløftens plan frå tidleg 1900-tal. ”Dei gamle takåsane (himlingsbjelkane) vart skorne av, forsterka og bundne saman med taksperrene”.[5] Sekundært er konstruksjonen styrkt ved at det er sett inn ekstra sakser av saga plank. Desse er feste nede til sperrene og oppe til motsett sperre med skrue og mutter. Ved dei austre stolpane er det to tettstilte sperrepar medan det elles er enkle sperreband, og vest for desse manglar hanebjelkane som finst i sperrebanda aust for fundamentet.


Det finst ein del oppattbrukte materialar i takkonstruksjonen, mellom anna har to av dei slanke hanebjelkane profil med holrenne og geisfuss på begge kantar på den sida som vender opp.


I den vestre delen av taket, ved det gamle tårnet, er tre av sperrene av ny material. Her er det berre enkle sperreband. Forholda er noko endra i forhold til framstillinga på Kløftens oppmålingsteikning. På den gamle tårnkonstruksjonen ligg det tre bjelkar på tvers, men dei er ikkje festa i sperrene og er ikkje ein del av takkonstruksjonen.


Over desse tre bjelkane ligg det ein del oppattbrukte bord og stokkar, mellom anna rest av ei sperre med same profil som på nokre av hanebjelkane i aust. (Det ligg også rest av ein veggplanke frå ein stavbygning.)


Sperrene ber lekter, og lappskiferen som taket no er tekt med, ligg direkte på lektene. Taket var tidlegare tekt med bord. I 1907-10 vart det erstatta med bøljeblekk, medan skiferen kom på taket i 1929.[6]

Himlingar

Det er tradisjon for at skipet har stått utan skikkeleg lem fram til arbeida i 1907-10, og at det berre har lege lause fjøler over loftbjelkane. Som nemnt ovafor, vart det lagt lem over skipet alt på 1660-talet. Det låg flat lem over skipet, meir eller mindre velhalden, fram til arbeida i 1907-10. Kvelv over altaret vart laga i 1702-04, denne finst no i faget vest for altaret.


Ved arbeida i 1907-10 vart lemen i skipet endra vesentleg ved at midtre del fekk gavlform etter diskusjon mellom kyrkjetilsynet og arkitekt Kløften som leia arbeida. Kløften argumenterte for å lata den flate himlingen liggja.[7] I koret, som vart forlenga med ca. 120 cm, let ein himlingen liggja slik han var, med kvelven sentralt i den austre delen der altaret hadde stått, men ein flytta altaret til den nye, austre delen av koret, og der la ein flatt loft. Altar med tavle vart då noko for høge, dette skal ha vorte løyst ved at ein saga beina av altarbordet.

Tårn

Jostedalen kyrkje har delar av to ulike tårn og dagens tårn står vest for tømmerkjernen i skipet og vest for ein eldre tårnkonstruksjon. Det har ikkje lukkast å slå fast alderen på nokon av tårna.


Då kyrkja var ny i 1660, vart tårnet beskrive slik:


Item med It Smogt, Zirligt Aatte kantet Thoren, som ei Høyere eller større paa den sted, vel kunde være thienligt.[8]


Dette kan ha vore det første tårnet i dagens kyrkje, eit breiare og kan henda lægre tårn som har hatt tårnstavane ned inne i kyrkja, og som har vore dekt med ein åttekanta hjelm, slik ein finn det på kyrkjene på Joranger og Ornes.


I synfaringsdokumentet frå 1660 er det gjort greie for at tre menn i tre dagar hogg tårnspir og bjelkar til tårnet og køyrde desse frå skogen heim til kyrkjegarden. Sida brukte seks menn fire veker på å byggja kyrkjetårnet, koret og våpenhuset for i alt 42 Riksdalar.[9]


I 1660 då Tøger Jensen sette i gang med nybygging av kyrkja, var tårnet som Otto Ravn bygde i 1649 berre vel 10 år gammalt. Dette gjev grunn til å vurdera om ikkje tårnet vart ståande, men at ein bygde ein ny hjelm.


Sonen til Otto Ravn, Hans Ottosen Ravn som vart ombodsmann for kyrkja, bygde også opp att tårnet etter at det vart øydelagd av ei snøskrede kring 1680.[10] Dette har truleg vore ein reparasjon av skadane tårnet hadde fått.


Dette austlege tårnfundamentet har fire hjørnestolpar i tilnærma kvadratisk plan med ei større grunnflate enn dagens tårn. Dei austre stolpane i dette tårnet har under himlingen eit nygotisk preg med fasa hjørne. I arbeidsrettleiinga frå Kløften er det sagt at stolpane skal høvlast og pussast, og dette kan vera forklaringa. Dei vestre hjørnestolpane i det gamle tårnet står like innafor vestre tømmervegg, og utafor dei austre stolpane i dagens tårn. Indre avstand mellom nye hjørnestolpar er 157 cm, indre avstand mellom dei gamle hjørnestolpane er 240 cm. Under himlingsnivå er det attspunsingar i dei fire stolpane som viser tidlegare samanbindingar.


Det er dei gamle stolpane som er avteikna på Kløftens plan som midtre stolpepar. Dei er førde gjennom himlingane og er skrått avsaga/hogne like under takflatene. Det finst framleis samanbindande losholtar mellom stolpane i lengderetning, to på kvar side. At dette har vore tårnfundamentet i kyrkja frå 1660 vert vidare underbygt ved takkonstruksjonen (sjå ovafor).


Dagens tårn har fire hjørnestolpar i tilnærma kvadrat. Dei to vestre stolpane kviler i våpenhuset eller svåli som det heiter lokalt. Dei to austre kviler på ein tverrlagd bjelke like innafor austveggen i skipet, i raftehøgd. Dei vestre stolpane, som går heilt ned til golvet, er avstiva mot tømmerveggen med losholtar i lengderetning. Mellomromma har i tillegg høge kryssband på begge sider.


Av losholtane står det to att på nordsida, ein som dørstokk under døra til tavlerommet, ein tilsvarande i himlingsnivå, best synleg ovafrå. På sørsida er det no berre hol etter losholtane.

Hjørnestavane skrår lett innetter oppover. I tillegg til losholtar og rammer og dei høge kryssbanda har dei mindre kryssband i øvre del. Kongen, midtstolpen i hjelmen, kviler på ein tverrlagd bjelke over golvramma for klokkerommet. Den øvre avsluttinga er frå 1907-10 og har kort skjørt og inntrekt sekskanta hjelm som endar oppe i spir med vimpel og kross i smijarn. Vimpelen har flagrande frynser og er gjennombroten med HOR, symmetrisk ramn med to hovud og årstalet 1649 (eller -8). Ein tidlegare hjelm hadde fire små hjørnespir, truleg etter inspirasjon frå den tidlegare tårnhjelmen i Dale kyrkje.


Tårnet utanom hjelmen er eldre enn 1907-10, det er alt på plass på eldre bilete og ber også preg av å vera eldre. Etter tradisjonen skal tårnet ha vorte flytta lengre vest i 1720-åra, men det er ikkje funne dokumentasjon på dette, det er t.d. ikkje nemnt noko om tårnbygging i denne perioden i dei gamle kyrkjerekneskapane som går fram til 1722.


Dei to tårna er samanbundne med langsgåande tømmerstokkar som er nagla til innsida av det austre stolpeparet, går mellom dei nye og dei gamle tårnstolpane innafor tømmerveggen, og er nagla til utsida av det vestre stolpeparet i det noverande tårnet. Dette er truleg gjort for å festa tårnet betre til kyrkja, ettersom konstruksjonen under raftehøgd er etter måten svak.


Tilbygg

Som tilbygg til kyrkja må ein rekna tårnet med opphavlege siderom og tidlegare våpenhus som det eldste, medan den delen av våpenhuset som ligg vest for tårnet vart tilbygt i 1907-10. Bislaget sør for koret vart oppført seinare på 1900-talet.


Våpenhuset

Langveggene i skipet er forlenga vestover slik at hjørna fluktar med dei to vestre tårnstolpane. Vestre del av våpenhuset er smalare og lægre enn skipet. Det har langvegger kort utafor vestre tårnstolpepar, og er dekt med saltak vest for tårnet.


På nordsida av tårnet er det laga eit tavlerom i hjørnet i langhuset. På sørsida går det trapp opp i dette hjørnerommet. Trappa endar på eit galleri eller repos med dør inn til orgelgalleriet i aust og brystning mellom dei to tårnstolpane mot vest.

Bislaget

Få greie på når det vart oppført + kort beskriving

Interiør

Presentasjon av interiøret

Kyrkja har tradisjonell innreiing med altar med altartavle og altarring sentralt aust i koret og midtgang med flankerande benkeparti i skipet. Korskiljet mellom kor og skip har opning for midtgangen sentralt og for preikestolen i sør. Vest i skipet er eit tverrgalleri med orgel. Våpenhuset har ein vestre del med ope røst, og ein austre del med galleri mot vest sentralt, oppgang i sør frå 1907-10, tidlegare oppgang var sørvest i skipet, og tavlerom i nord.


Fargar

1711 – 1713 er det gjort greie for målararbeid i kyrkja, og ettersom det er snakk om limfarge og kyrkja var tjørebredd utvendes, gjeld det interiørmåling. Målaren leigde hest og det er gjort greie for utgifter til stilas. Limen vart kokt av 24 kalveskinn, målaren vart halden med mat i fire veker. Namnet hans er ikkje nemnt i rekneskapen.


Korskiljet har restar av måling av alderdomleg type under rankemålinga. Profilet på midtbogen er dels sverta. Den same, sotfarga målinga er også brukt i ei grov sikksakkforma bord som markerer overkanten over dei tre bogane.


Skipet er måla innvendes med limfarge med rankemåling i felt skilde med søyler og bogar over draperi. Veggene har truleg vore synlege høgre opp då dei vart måla. Annakvart felt har engelsk raud botn, annakvart står no fram som trekvitt, men kan ha hatt eit lyst pigment. På kvar langside er det seks felt, på austsida tre. Vestveggen i skipet har raud botn med ranker. Rankene er måla i raudt, kvitt og med svart kontur og har runda bladformer, kuler, eit par stader enkle blomar og ein drueklase. I andre feltet frå aust på nordveggen er det avgrensa eit ovalt innskriftsfelt, men skrifta kan ikkje lesast, mellom anna av di det har vore vasskade. Sameleis er det restar av innskrift over kordøra med kvite bokstavar på grå grunn innramma i skålforma bladornament. Himlingane i skip og våpenhus er grå med kvitt skymåleri. Denne målinga er utført etter at himlingen i skipet vart endra i 1907-10. Målaren Anders Olsen frå Lærdal utførte målararbeidet etter arbeida tidleg på 1900-talet.[11] Før det fortel kjeldene at det har vore rankemåling av liknande form som på veggene i himlingen. I diskusjonen mellom kyrkjetilsynet og arkitekt Kløften står det slik: ”Det er mulig at det for arkitekten har været afgjørende at bevare den storblomstrede maling”.[12] Gavlane i midtre del av himlingen i skipet har også rankemåling, sameleis dei loddbeine borda som avgrensar midtre del frå sidehimlingane. Rankemålinga i våpenhuset er sekundær, men tilpassa målinga i skipet.


Rankemålinga på veggene i koret, aust for skøyten, kan vera måla av den same som i skipet med smørblomar, kuler og druer. Dei to-tre øvste stokkane, som vart innkjøpte i 1660, har ei måling som skil seg frå målinga under. Den nye vestre delen har meir langstrekte ranker og summarisk måla detaljar.


Himlingen i koret har eit autentisk preg i to av tre fag. I andre og tredje fag frå vest er det stjerner, i andre fag sol og måne og i tredje sol i kvelven. Det austre faget er nytt og måla etter utviding av koret tidleg på 1900-talet. Brystningsmålinga i koret er fornya. Korskiljet på nordsida har brystning med figurmåling, sjå foto.


Målinga på golvet i altarringen er truleg frå arbeida tidleg på 1900-talet.

Lys og varme

Det var ikkje varmeomnar i kyrkja før restaureringa tidleg på 1900-talet. Då vart det sett inn ein stor vedomn i skipet. I 1959 vart det installert lys og elektrisk varme i kyrkja etter plan av arkitekt Kristian Bjerknes.

Inventar

Altar

Frå dei gamle kyrkjerekneskapane er det berre opplysning om eit nytt lås i altarskåpet i 1687-89.


Altaret er sett saman av sekundært nytta materiale. Materialet som er brukt på vestsida har profil med parallelle riller. Sørsida er raudmåla. Her står det ei skåpdør hengsla i austre vange, det kan vera den opphavlege døra inn i altaret. Det er laga ny dør på austsida og ny bordplate som er breiare enn altaret. Sjølve altarkassen er ca. 95 cm brei, 69 cm djup og 72 cm over golvet i altarringen, men det går ned i golvet. Sjølve bordplata er 64 cm djup, 150 cm brei og 5 cm tjukk.

Altartavle

I rekneskapsperioden 1635 – 1642 skaffa presten ei måla altartavle til kyrkja. Dette er mest sannsynleg den tavla som er i kyrkja i dag og som er kommen frå Kaupanger.


Tavla er ei enkel, tidleg renessansetavle, med fotsykke, rektangulært biletfelt flankert av søyler og vengjer, og med gavlforma toppstykke. Hovudforma, med vengjer og toppstykke, framstår som rombeforma. Tavla, med fotstykke, er sett saman av ståande, breie bord som er samla på baksida med to profilerte labankar festa til borda med naglar. Den eine labanken ligg bak fotstykket, den andre midt på vengjene.


Overkanten av fotsykket er markert med hylle av eit bord som er bore av tannsnittlist og av fire korte pillarar med base og kapitel som skil mellom smale sidefelt og eit breiare, sentralt skriftfelt. Det rektangulære biletfeltet er sameleis markert med ei hylle i overkant understøtta av tannsnittlist og av to runde søyler med rektangulære basar og kapitel med samanbunta knuppar på svungen base. Toppfeltet er avgrensa i overkant av bord i gavlform understøtta av tannsnittlist og med dreia knuppar i toppen og på kvar side over søylene.


Midtfeltet viser band attende til dei 20 år eldre katekismetavlene ved at delar av Katekisma, her Nattverden og Fader vår, er valde som hovudmotiv. Dei er skrivne med lys frakturskrift på svart botn, og i dei tomme felta er det måla inn sirlege border i den lyse fargen.


På vengjene er det framstilling av to av dei tre teologiske dygdene, Vona til venstre og Trua til høgre, måla som kvinnelege figurar med dei vanlege attributta, den første med anker og den andre med kross. I toppfeltet er det ei framstilling av Oppstoda, med Kristus svevande over sarkofagen med sigersfane i høgre hand og den venstre løfta i signingsgest. Han er kledd i raud kappe samla med brosje over bringa og i lendeklede. Hovudet er omgitt av stråleglans og heile figuren av ein lysande mandorla i sky. To romerske soldatar er framstilte i framgrunnen, bak til venstre Jerusalem og bak til høgre Golgata med tre krossar.


Skriftfeltet midt på fotstykket har følgjande innskrift:


Er Denne Tafle Skenckt oc forærit Koupangers Kircke, Till Gudtzs Nafns æris Ihukommelse, aff Erlig oc Welagtit Mand, Giøde Pederszøn, med sin Hustrou, Kierstin Pedersz Daatter, Anno 1609.


Ikkje uventa har sidefelta på fotstykket framstillingar av våpna til dei to gjevarane, med deira initialar. Til venstre Giøde Pedersens våpen med ei fugleklo, til høgre Kierstin Pedersdatters våpen som har kristussymbolet med pelikanen som gjev av sitt blod til ungane sine ved å pikka hol på brystet.


I tillegg til svart og kvitt, er det mørkt grågrønt, engelsk raudt og gull som er hovudfargar på altartavla.

Altarring

Altarfoten vart vølt eller laga med nye bord 1687-89. På loftet ligg det restar av eit gammalt knefall og to gamle meklarar.


Altaret og altarringen med knefall kviler no på ein altarfot som ligg eitt steg høgre enn korgolvet, han er truleg frå istandsettinga tidleg på 1900-talet. Det er eit smalt mellomrom mellom altarsidene og altarringen, inngangen er gjennom port på nordsida. Ringen har balustrade med flat, enkel handlist og spreidde, dreia balustrar. Knefallet kring balustraden har rett vegg og oversida er stoppa og kledd med grønt ullstoff. Golvet inne i altarringen er måla i eit teppemønster i grønt og engelsk raudt på okergul botn ved hjelp av sjablong. Handlist og knefall er i engelsk raudt, baustrane er kvite med marmorering.

Døypefont

Døypefonten stod tidlegare i eit dels avgrensa rom, oftast i nordvesthjørnet i skipet, nærast eit baptisterium. Ein slik ”font” vart laga i kyrkja i 1702-04. Til fontehuset vart det brukt 32 dreia pillarar og tre knoppar i tillegg til bord, spikar og hengsler.


No står døypefonten i koret. Han er laga av Sjur L. Bakken i 1907, i samband med istandsettinga av kyrkja. Fonten er åttekanta, men har elles ei lite konvensjonell form. Kummen er høg og svakt innskrådd nedetter. I tillegg til at kummen er boren av eit kort, rundt skaft, vert kvart hjørne bore av korte, dreia balustrar. Foten er høg, åttekanta og rettsida og har profilerte fotlister. Dei andre ledda er også markerte med profilerte lister. Oppe på kvar av sidene i kummen er det forma ein signingskross med innfelte sviklar. Hovudfargen er ein broten kvitfarge. Denne er supplert med mintgrøne, lyst raude og gule detaljar. Under krossen er det måla ein blom, og på kvar av sidene på foten ein likearma kross.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har fem opphavlege fag der dei to austre er parallelle og forlenga med nye halve fag mot opninga i korskiljet. Faget i sør manglar dekorativt snikkarverk, flata er måla med ranker. Stolen er ein klassisk renessansestol med øvre smalfelt skilde med konsollar, storfelt med portalfelt skilde med rifla pilastrar, nedre smalfelt skilde med konsollar og hengebord. Felta er som vanleg skilde horisontalt med profilert listverk. På øvre smalfelt finst innskore IHS og årstalet 1626.


Det kan sjå ut som delar av preikestolen som portalfelta i storfelta, dei kannelerte pilastrane og hengjeborda saman med dei profilerte listene kan vera prefabrikkerte og tinga utafrå. Andre delar, som dei øvre og dei nedre smalfelta med konsollar, har eit meir lokalt preg som skil seg frå preikestolane elles i kommunen. Stolen har flat botn og er boren av ein enkel stolpe.

Preikestolen er dominert av engelsk raud farge med innslag av kvitt, svart, grått og blått. I portalfelta er det måla tulipanar og andre blomar og druer.


Nyare oppgang gjennom trapp frå koret i fire steg frå aust sett opp mot korskiljebrystninga. Trappa endar mot ei dør som er hengsla i beitskia i hjørnet i sør med to svungne smijarnshengsler. Døra er sett saman av to siderammer og fire tverrammer, alle med vulst mellom v-snitt etter begge kantar. Tverrammene er falsa inn i siderammene og sikra med trenaglar. I dei to nedre fyllingsfelta står det tre dreia pillarar i kvar, medan øvre felt har fylling av to ståande bord med baksida mot aust og med fire tulipanar måla med svart kontur på flata mot vest.

Lesepult

Nyare lesepult med fotbrett på fire bein, svarva stolpe i limtre og skrått bokbrett. Lakka.

Benker og faste stolar

1635-42 vart det laga nye «stoler» (’stoler’ vart brukt om benker) i den forrige kyrkja. Kyrkja frå ca. 1660 fekk nye stolar i skip og kor, i alt 21, i 1664 – 69.


Prestesonen Hans Ottosen Ravn bygde seg ein privat stol i kyrkja i 1661, ”over Daaben”, truleg i nordvestre hjørne i skipet, i gallerihøgd. Det er framleis restar av denne stolen i kyrkja, to bord med utskorne, oppheva bokstavar. Borda heng no i våpenhuset og ber innskriftene GVD VER MIG SYNDER NAADIG OC FRI MIG FRA ALT ONT, og [Gud være sto] rlige lofuit | Hans Ottesen Raun Anno 1661. Orda i klamme er ikkje bevarte, men er kjende frå Presten Mathias Foss (prest i Jostedalen 1742-92) sine nedteikningar.


Kyrkja har i dag benker med rette vangar avslutta oppe med krabbeform og dekorert med mi-relieff og skolpesnitt. Vangane er felte ned i fotstykke som kan vera delte frå ein tidlegare vangestokk. Til vangane er det festa lett skrådde ryggar i form av rammer med ståande fyllingar. Ved veggene er øvre ramstokk felt inn i tømmeret, medan ryggen nede kviler på ein stokk ved veggen. Benkefjølene kviler på enkle støtter. Ulike spor i vegger, vangar og benkefjøler tydar på at det har skjedd fleire endringar med benkene.


På nordsida er det nokre benkar som skil seg ut. Dette gjeld primært prestkonestolen i skipets nordaustre hjørne. Stolen har heil rygg av fyllingar i ramme, avslutta oppe med utskore mi-relieff med ranker på rammebordet under ei rekke med dreia korte pillarar under handlist. Mot midtgangen har stolen dør og to vangar. Vangane har same form som vangane elles, men har relieff i full høgd. Døra, som er hengsla på vestre vange, har ei fylling i ramme. På øvre rammetre er initialane ACD (Alles eller Anne Christensdatter) utskorne. Fyllinga har portalform med dukatornament på pilastrane og bandslyng i rundbogen og ranker over bogen. Vestsida har fargespor i raudt og kvitt, og på portalfeltet er initialane SODR (Sophia Ottesdatter Ravn) måla med kvitt. Benken bak denne er av nyare dato, men tilpassa dei gamle benkene.


Den tredje benken på nordsida har noko meir forseggjorte vangar enn elles, i det øvre del av den rette delen av vangen har mirelieff mot midtgangen.


I nordaustre hjørne i koret er det ein fast stol med trekanta sete festa i sveifa plater til veggene i hjørnet. Plata mot austveggen er sett saman av to stykke med not og fjør. Tømmerstokkane i nordveggen er skava av noko for tilpassing av stolen. Form og plassering kan tyda på at dette har vore ein skriftestol på 1700-talet.

Galleri

Kyrkja har tverrgalleri i vest. Galleriet har truleg frå først av stått noko lengre framme og vore festa i dei frittståande stolpane i skipet. Alle dei fire austlege stolpane har attspunsingar i gallerihøgd. I tillegg tydar brotet i himlingen ved austre bjelkepar på at det her har vore ein overgang frå skip til tårn/galleri.


Det galleriet som no er i kyrkja er festa til tømmerveggen i vest og kviler på korte bjelkar feste til langveggene i nord og sør og på svakt skrådde bukkar i T-form som flankerer midtgangen og er feste i vestre endevegg. Bukkane vart sette opp i samband med fornying av orgelet i 1981.[13] På bjelkane og bukkane kviler tre golvbjelkar som ber himling i lengderetning under galleriet.


Golvet på galleriet er avtrappa i to steg, det vestre breiast. Galleribrystninga er av bord som er sveifa i balusterform og festa i bjelkar oppe og nede. Golvet er raudbrunt, balustrane gråkvite med marmorering.

Tavler

Nummertavler
  1. På nordveggen heng ei tilnærma kvadratisk tavle, avslutta oppe med eselryggboge. Tavla er sett saman av ståande bord. Ho er måla med svart tavlefarge og delt i to vertikalt med ein kvit strek. På venstre sida Før preiki og på høgre Etter preiki, i kvit fraktur.
  1. Ei nummertavle heng nord for koropninga. Det er ei høg og smal tavle av drivved, innramma med smal list og todelt horisontalt med list. Håkon Hesjevoll har laga tavla. Stiftar til oppheng av siffer.

Rituelle kar

Teksten under avsnittet Rituelle kar vert berre vist for innlogga brukarar.


Parament

Altarduk

Inventarlista frå 1681 nemner tre altardukar, to av dei gode, den tredje ”groff och udslitt”.


  1. Kvit linduk med broderi i to ulike gråbrune fargar og oransje. Etter kanten går ei smal, dekorativ bord sydd med stilkesting og knutar, over desse står med jamne mellomrom likearma krossar over lysande sol, sydd i same teknikk. Jesusmonogrammet IHS er brodert i mellomromma mellom krossane. Teikna av husflidskonsulent ca. 1950. Sydd av Andrea R. Nedrelid.
  1. Kvit bommullsduk (Aida-stoff) med tunga bord i hardangersaum med vekslande kalkar og krossar, sydd av Anna Bøen, ca. 1962.
Antependium

I inventarlista frå 1681 er det nemnt eit stripete altarklede.


Antependiet på altaret er i grønt, kypertvove ullstoff med broderi sentralt framme. Den norske Husflidsforening, ca. 1950. Motivet er eit krona kristogram (chi-rho) omgitt av to olivenkvistar som kryssar einannan under kristogrammet. Mellom blada er det brodert enkle, raude bær. Ubleika kvitt er hovudfarge, konturar og kvistar er i mørkt grått. Broderiet er utført med ulltråd og med plattsaum med konturar i stilkesting og under krona med knutar.


Messehaklar

Ny messehakel 1635-42. I inventarlista frå ca. 1705 er det nemnt ein god messehakel som er kommen frå ”Hofs kirche” (Hove?) i tillegg til den gamle som er ”udslit”.

I tillegg til dei messehaklane som er nemnde nedafor er det planlagt ein fiolett og ein grøn messehakel teikna av tekstilkunstnaren Janne Nes og utført av broderikyndige i kyrkjelyden.


  1. Vinraud, fløyels messehakel, ca. 1900. Hakelen er kanta med vove gullband, 2,3 cm breitt. På ryggsida kross av breiare, tolagt band, bandet er 3,7 cm. Hakelen er festa med tre metallhekter på høgre skulder. Hovudstoffet er av vinraud fløyel. Ryggsida er skøytt sentralt. Forsida er skøytt på eine sida Fôret re satengvoven, beige bomull. Høgde sentralt forsida 71 cm, ryggsida 88,5 cm.
  1. Raud messehakel i dobbelvev, ca 1960. Begge laga er toskafts ullvev, det eine laget raudt, det andre naturkvitt. Ryggsida har gaffelkross med kalk i krossmidten og vinranker på sidearmane, forsida stav med Jesus-monogram i brysthøgd. Dekorative mønster på kantane og i botnen. Høgde sentralt framme 90 cm, ryggsida 100,5 cm.
  1. Kvit messehakel, 2010. Formgitt av Janne Nes og brodert av kvinner i kyrkjelyden.
  1. Grøn messehakel, formgitt av Janne Nes, under arbeid av kvinner i kyrkjelyden.

Messeskjorter

I 1699-1701 vart det laga nye ermer i messeskjorta og ho vart elles vølt. Ei messeskjorte i bomull er teken vare på.

Lysstell

Teksten under avsnittet Lysstell vert berre vist for innlogga brukarar.

Klokke

Inventarlista frå 1681 nemner ei klokke og ei lita handklokke. Klokka vart øydelagt ved kiming i påska 1856, og erstatta med ny klokke.[14] Handklokka finst ikkje i kyrkja.


Klokka har fast kroneplate som er festa til svingbjelken (vogga) med skruar og mutrar. Hua er runda ned mot halsen som har to riller. Korpus har rett øvre del og svinga ut mot tre riller i overgangen mot ut- og nedbøygd slagring som innvendes skrår oppetter. Mellom rillene på halsen: B.V.G. Diameter 57.5 cm, høgde med krone 51 cm, høgde utan krone 45 cm. (1800-talet. Skjekk O & N)

Orgel

Det gamle orgelet som stod i koret vart bytt ut med nytt elektrisk orgel, eit Westre Kapell Spesial, i samband med installeringa av elektrisk straum i kyrkja i 1959. Det nye var større enn det gamle og vart plassert på galleriet. Orgelet vart igjen fornya i 1981 då eit orgel-positiv frå Jørgensen med eitt manual og fire stemmer vart innkjøpt.


Orgelkrakken er laga av Albert Hesjevoll kring 1950. Krakken har høge vangar med skore og måla relieff på utsida av vangane. Motivet nede på vangen er ei kyrkje i nyansar av den blågrå fargen til krakken elles, over denne er ei framstilling av ein engel som spelar på harpe. Engelen har utskoren og gjennombroten glorie om hovudet, og denne fungerer som heva armlene på krakken. Setet er trekt med skinn festa med saum.

Bøker

Altarbok 1889

Bibel 1806

Bibel 1907

Landstad salmebok 1870

Møblar

Brurestolar, 1960, signerte Br. Bakke.

Offerutstyr

”Offerskåler er her to av. Den eine, ei fletta skål antakeleg av bambus, er laga av Kåre Nedrelid, rundt 1970. Den andre har Melchior Stølen laga. Han grov ut og dreia av ein ”riknute” som Kåre Gardshaug og borni hans fann, sist på 1970-talet”.[15]

Blomstervasar

Blomstervase i sølv med flat fot, kuleforma korpus og trektforma, høg hals. Innskrift på korpus med versalar: 300-års jubileum Jostedal kyrkje fra Marie og Mons Benson. Stempel: Drikkekanne, 830 S, N i kvadrat. Høgde 18,6 cm, diameter oppe 9,7 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Det skal vera oppbevart stolpar etter ein gammal kyrkjegardsport i fjøsen i prestegarden. Desse vart undersøkte i 2009 (Stavkirkeprogrammet) og tolka som gjenbruk av materiale frå førre kyrkje.


Kyrkjegarden vart utvida med 200 alen2 i 1859 og det vart sett opp mur kring.[16]

Nytt kyrkjegardsområde vigsla i september 1971 og i samband med denne utvidinga vart kyrkjegardsmuren flytta. Den gamle porten vart teken vekk og ny port oppført. Enno ein ny del av kyrkjegardenmellom bårehuset og elva, vart teken i bruk i september 1985.[17]

Gravminne

Skriv om seinkrossane i våpenhuset og fotografer dei.

Sjå elles AO i J s 134

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Borgstova, ein steinfjøs og eit stabbur vart ståande att vest for kyrkjegarden etter at prestegarden vart flytta, og borgstova fungerte lenge som servicebygg. I 1960 kom det så eit nytt bygg, med to utedo og ei reiskapsbu. I oktober 1972 vart eit nytt hus ferding, med sakristi og bårehus. Det fekk eit tilbygg i 1980. Parkeringsplass vart opparbeid framfor det nye bygget og fekk fast dekke i 1978.[18]


Kjelder

Utrykte kjelder

Kallsbok

Rekneskapar

Synfaringar

Trykte kjelder

Jubileumsboka

Diplomatariet

Bergens kalvskinn

Oppmålingsteikningar og fotografi

Kløftens teikningar



  1. Kallsbok, presten Rasch
  2. Series pastorum, Kallsbok
  3. Jubileumsbok s 57
  4. Etter Kallsbok, Series pastorum loci.
  5. Øvregard i Jubileumsbok, s 60
  6. Øvregard i Jubileumsbok, s 60
  7. Ormberg i Jubileumsbok, s 90
  8. Synfaringsdokument 1660
  9. Synfaringsdokument 1660, punkt 7 og 8
  10. Rekneskap 1678-1681
  11. Etter Ormberg i Jubileumsbok, s 91
  12. Etter Ormberg i Jubileumsbok, s 91
  13. Øvregard i Jubileumsbok s 66
  14. Series pastorum, Kallsbok
  15. Ormberg i Jubileumsbok s 109
  16. Series pastorum, Kallsbok
  17. Ormberg i Jubileumsbok s 134
  18. Ormberg i Jubileumsbok s 132 f