Mellomalderkyrkje på Ask

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Det er tradisjon for at det har stått ei kyrkje på Ask frå mellomalderen og fram til 1741 då Askøy fekk ei ny kyrkje i Strusshamn. I Bergens Kalvskinn frå omkring 1380 står det at presten tek (tiende) på Ask. (S. 54: "Prester tækiur a. aske") Sjølve kyrkja er ikkje nemnd i Bergens Kalvskinn. Samanhengen der Ask er nemnd er uvanleg ved at det ikkje er gjeve opplysingar om kva for inntekter prest og kyrkje hadde, likevel må opplysinga om prestetaka forståast slik at det mest sannsynleg har stått ei kyrkje eller eit kapell på Ask i mellomalderen. Kanskje var kyrkja identisk med "Capella de Hope" som er nemnd i pavelige nuntiers rekneskapar og som ikkje er identifisert. Det er uvisst når denne kyrkja kom bort. Ho skal ha lege til Ask gard som var unnateke rekneskapsplikt, dette kan for ein del forklara at ho ikkje er nemnd i dei skriftlege kjeldene.

I den eldste jordeboka på Statsarkivet i Bergen (Jordebok 1 a, 1585, fol.7b) er Ask rekna mellom dei "Bøndergaarde som ligger thill domkierken sogne" og som gjev tiende til soknepresten i domkyrkja, Brügels Lauritzøn. I jordebøkene frå 1585, 1598 og 1694 og i synfaring frå 1686 finst det oversyn over kyrkjene i Bergen Stift. Ask kyrkje er ikkje nemnd i desse kjeldene. Kyrkjebøkene for domkyrkja viser at dei kyrkjelege forretningane for Askøy vart utførte her før Askøy fekk eiga kyrkje i 1741. Kyrkjebøkene for Askøy går attende til 1742. Kongebrev av 24. april 1741 omtalar "-en ny Kirkes Oppbyggelse udenfor Vor Kiøbsted Bergen paa Aschøen, og hvortil skulde henlegges den deromkring boende Almue, som tilforn fra Landet haver søgt Byens Domkirke, ...". Askøy må såleis i lang tid ha vore utan eiga kyrkje.

Ved undersøkingar i "Kirkevigen" ved Ask i 1900 fann ikkje Bendixen nokon lageleg plass for ei kyrkje, men han meinte å finna kyrkjetomten på parsellen Mindet under garden Hop. Der kom han over restane av ein mur som i 14 meters lengde kunne føljast i nordvestleg-søraustleg retning som han tolka som anten grunnmuren i kyrkja eller kyrkjegardsmuren. (Aarsb. 1900, s 170-171.) På denne staden reiste ungdomslaget Askestrilen ein kross i 1936 med innskrifta "Her stod kirkia á Aske".

I tillegg til Kirkevigen, som kan ha vore landingsplass for båtane til og frå domkyrkja, er det to namn som er knytte til Ask som kyrkjestad, nemleg Offerfjellet, som neppe har kristen bakgrunn, og Vespeskåpet, tolka som vesperskåpet, ein naturformasjon.