Vangsnes kyrkje

Fra Norges Kirker

Hopp til: navigasjon, søk
Vangsnes kyrkje
FylkeSogn og Fjordane
KommuneVik
ProstiYtre Sogn
BispedømmeBjørgvin
Koordinater61.16983884,6.641646623
FellesrådVik kyrkjelege fellesråd
Kirke-id141800301
Soknekatalognr7100202
BygningsgruppeKirke etter kirkeloven (§ 17)
VernestatusListeført (etter 1850)


Denne artikkelen er hentet fra bokprosjektet «Norges kirker». Artikkelen blir derfor ikke oppdatert eller endret. Enkelte artikler er ikke fullført. Referanse til artikler som er publisert i bokform, finnes nederst på siden.



Anne Marta Hoff

Bakgrunn

Stavkyrkja

Stavkyrkja på Vangsnes stod på same kyrkjestaden som dagens kyrkje og vart ståande fram til 1861. Det var ei kyrkje av den enkle typen, med fire hjørnestavar i skipet og fire i koret. Etter planskisse av kyrkja var veststolpane i koret sette inn i austveggen i skipet.[1] Våpenhuset var bygt opp framfor sørdøra i skipet. Koret hadde også dør mot sør og i skipet var det, truleg sekundært, laga ei vestdør. Kyrkja hadde svaler på alle sider, i austsvalen var det plassert eit skriftekammer.

Kjeldene fortel om eit støpultårn i vest som var oppbygd frå grunnen av. Dette er ikkje dokumentert i teikningsmaterialet, og det er noko uvisst korleis tårnet har vore plassert. Rekneskapane fortel fleire gonger at vestsida av tårnet og kyrkja under tårnet er tjørebredd, noko som kan tyda på at tårnet stod vest i skipet med vestveggen synleg.

Ved synfaringa i 1686 heiter det om Vangsnes kyrkje at ho er ein liten stavbygning, 13 alner lang og 9 ½ alen brei, koret er 6 alen i kvadrat. Kyrkja har våpenhus på sørsida og det er tårn «paa Kirchen». I austsvalen er det skriftekammer.[2]

I 1709-notatane om kyrkja står det at kyrkja er ein gammal, liten stavbygning, med eit lite tårn bygt opp frå grunnen av. Utvendes er kyrkja velhalden, sameleis innvendes der ho er måla og «hielpelig flyd».[3]

Ved synfaringa i 1721 heiter det om kyrkja at ho er ei gammal stavkyrkje med eit tårn oppbygt frå grunnen av. Kyrkja har svale på sørsida, og eit våpenhus av stavbygning. Innvendes er ho velhalden og måla. Koret er seks alner i kvadrat. Skipet er 12 alner langt utanom svalane, og breidda er ni alner. Våpenhuset er fire alner i kvadrat.[4]

Bygningen

Kyrkja vart oppskrudd 1680-81.

Vegger. Både kor og skip har hatt stavbyggde vegger med rammer av syllstokk, hjørnestolpar og stavlegjer utfylte med ståande veggplank. I alle fall i skipet var veggene avstiva innvendes med kryssband. I 1690-92 vart skipet og koret samanbundne med to krokete lektebjelkar, kvar på 12 alner.

Vindauge. Ved synfaringa i 1661-65 er det notert at det er laga to nye luker framfor «Kirchens Winduer». Nytt vindauge i 1674 (1-0-8). Luker framfor vindauga. I 1684 eller 85 er det etter synfaring 1686 laga eit vindauge i koret. I 1696 vart det hogge inn to store vindauge ved preikestolen.

Golv. Det vart lagt nytt golv i heile kyrkja i 1702-04

Tak. Ved synfaringa i 1661-65 er det påvist alvorlege manglar ved taket på sørsida av kyrkja. Fire sperrer må skiftast ut og sameleis «Aalstokken … som sperrene staar udj», truleg «aoladstokken» eller øvre stavlegje, på sørsida. Bordtak. 3x12 bord til tak på koret 1675-77. Sutaket var forfalle på begge sider av skipet. 1693-95 vart det etter stiftsskrivarens ordre lagt nytt tak både på skipet og koret av 22 tylfter kjøpmannsbord, 5 ½ alner lange. (fire menn i seks dagar. I 1711-13 vart det lagt nye kjølar over taket på skip og kor, 14 og 7 alner lange.

Galleri. Kyrkja hadde eit pulpitur ved synfaringa i 1661-65. Her skulle det då lagast ein benk, og setjast noko «tralwerk» for. I 1684-86 vart det laga eit pulpitur over døra. Ein snekkar i ei veke. I synfarniga 1686 er det påpeikt at det skal lagast «traller» kring pulpituret. Det er også nemnt at det er laga «begyndelsen till eet pulpetuer med bencher paa som iche endnu er ferdig».

Tårn. Bjelkar og bindingar inne i tårnet 1680-81. I 1684-86 vart det brukt 1 tønne tjøre til «spissen av tårnet». 1 wog jarn til spikar og 9 kne til bindingar i tårnet vart innkjøpt i 1687-89. Dei gamle borda frå nordre svaltak vart brukte til nytt golv «under taarnet». Klokkeopphenget har vore mangelfullt. I 1693-95 vart det brukt tre kne og fire bjelkar til klokkebinding og ei kåpe av heilt tre til spissen (av tårnet?). Klokkene vart tekne ned under arbeidet. Når ein etter arbeidet skal tjørebre tårnet, er det formulert i rekneskapsposten som «taarnet, staapelen och det ny tag». Dette kan forståast slik at taarnet er det som stikk opp gjennom taket, medan staapelen er den delen av tårnet som er synleg utvendes vest i kyrkja. Tilsvarande breing av «taarnet, stoppelen och …» vert gjennomført i 1698. Tårnet var også avstiva med kryssband, desse hadd løsna og vart festa med eikenaglar og spikar i 1717-19

Skriftekammer. Det finst fleire opplysningar om korleis kyrkja var utforma i austenden av koret. Ein gong nemner kjeldene at skriftekammeret, som elles er nemnt ofte, ligg i svalen i aust. Den austre svalen, både sutak og stavlegjer, er etter synfaringa i 1661-65 forfallen. I rekneskapen for 1671 er det nemnt både eit gammalt skur i austenden av kyrkja og eit skriftekammer. Elles er sval i aust nemnt. Skriftekammeret fekk nytt tak i 1696-98 av 2 ½ tylfter bord med åtte sperrer under. Nytt overtak på skriftekammeret i 1720-22

Svaler. I 1687-89 rei dei ned taket av svalen på nordsida og la så opp eit nytt tak. I 1687-89 vart det kjøpt ei ny dør til svalen med beslag til og eit lås til døra. Rekneskapane frå 1720-22 fortel at stormen har teke den nordre kyrkjesvalen. Til oppattbygginga er det brukt to store kne for å binda svalen saman med tårnstøpulen. (!) Etter materiallista har den nye svalen vore 16 alner lang, hatt åtte nye stolpar og ni nye sperrer

Våpenhus. Kyrkja hadde våpenhus ved sørinngangen i skipet. I synfaringa frå 1661-65 er det notert at ombodsmannen etter siste rekneskap har bygt eit nytt våpenhus til kyrkja på sørsida av fem tylfter samfengs bord. Det går ikkje fram om dette er ei fornying eller om det er eit heilt nytt tilbygg.[5] I 1699-1701 vart det utført arbeid ved våpenhuset. Det vart oppvoge, og det vart sett inn nye opplengjer, sutak og sperrer.

Interiøret

Koret, kyrkja og galleriet vart måla innvendes i 1696-98. I 1702-04 vart alle stolane i kyrkja måla

Inventaret

Altaret vart oppvoge i 1702-04 og det vart lagt nye trestokkar under det.

Altartavle. I 1680 var det betalt for måling av altartavla (10 Rdr), og for schiderens kost och dug til schilderiet.

Preikestolen vart måla i 1684-86

Sitjeplassar. 1684-86 vart det laga ein benk framfor kvinnestolane for ungdommen at sidde paa. Ein stol i koret vart måla i 1684-86. I 1690-92 vart det panelt i 3 av kvinnestolane. Arbeidet her og med golvet i våpenhuset vart utført av Oluff snedcher. I 1702-04 vart det laga nokre nye stolar på sørsida i kyrkja.

Fontehus og døypefont. Funten vart måla i 1684-86. Alt i 1687-89, samstundes som nordsvalen fekk nytt tak, laga dei ein ny font, og desse to arbeida er oppførte i same post i rekneskapen. Jarnhengsler til funten i 1687-89.

Av rituelle kar hadde kyrkja ein liten sølv kalk og disk på 17 lodd og eit massingbekken til dåpen.[6]

Parament: Ved synfaringa i 1661-65 er det notert at messehakelen er heilt utsliten. Ein ny altarduk, ein ny messehakel av «røtt flos med fiolen fløyell till kaars» og ein gammal messeserk finst i 1670.[7] I 1693 er det også nemnt eit stripete altarklede. Dette går att i seinare lister, og er av lin.

To lysestakar er nemnde, ein stor og ein liten.[8] Desse stakane vart støypte om i 1701 til «itt par ny fuldkommen dito huer med 2 armer og pig thill woxlius».skifta ut med eit par lysestakar, kvar med to armar, i 1701.[9] Kyrkja fekk ei stor lysekrone med 12 armar i gåve frå «hr. Justitzraad Blix».[10]

I tårnet hang det to klokker.[11] Seinare inventarlister tek også med ei lita, ubrukeleg handklokke.

Diverse: Timeglas nemnt i 1680-81. Timeglas. Dette vart fornya i 1723.[12]

Kyrkja frå 1861

Bygningen

Vangsnes kyrkje er ein enkel, einskipa tømmerbygning med rett avslutta kor i same høgde og breidde som skipet og med tårn sett inn til vestveggen. Det er sett til eit sakristitilbygg i to ledd nord for koret med gavl mot nord.

Vegger

Veggene i skip og kore er lafta opp med lafteplank i eitt rektangel. På kvar av langsidene er det tre opplengjer. Opplengjene lengst aust markerer skiljet mellom kor og skip. Visuelt fungerer veggstolpar under gallerifronten som eit ekstra opplengjepar, og saman deler stolpane langveggene i skipet framfor galleriet i tre fag med eit stort vindauge i kvart.

I koret er det eit tilsvarande vindauge i sørveggen. I nordveggen er det dør til sakristiet. Her er det merke etter ei attspunsa opning, truleg ei tidlegare dør, vest for dagens dør. Gavlane er i bindingsverk, panelte innvendes. Nedre del av veggene i skipet, ved benkene, har brystning av ståande panel av same slag som er brukt i tårnfoten.

I raftehøgd går det to kraftige bindbjelkar på tvers over kyrkjerommet. Dei korresponderer med det austre og det vestre opplengjeparet.

Veggene er kledde utvendes med breie, glattkanta, sulagde vord som endar oppe mot eit kort takskjegg kledd med eit horisontalt bord. Nede er veggene avslutta med vatnbord over grunnmuren.

Sakristitilbygget er truleg i bindingsverk kledd utvendes med sulagde, glattkanta bord, innvendes med ståande skuggepanel.

Dører

Kyrkja har opphavlege dører i inngangspartiet med fløydører tinn til våpenhuset og fløydører vidare inn i skipet. På nordsida i tårnfoten er det dør ut mot rullestolrampe. Det er dør nord i koret til sakristitilbygget. Desse dørene har rammeverk med to andreaskrossar sett inn i ytterramma og med fyllingar. Nokre av dei går opp i ein gavl sentralt. Hengslene er i smijarn og dørvridar og nøkkelhol er sette inn i spissovale massingskilt.

Frå sakristiet ut mot kyrkjegarden i vest er det ei fyllingsdør med fem fyllingar kledd utvendes med panel i fiskebeinsmønster. I sakristiet er det elles nye fyllingsdører.

[...]

Korskiljet

Koret ligg to steg høgre enn skipet, og skipet, og skiljet er i tillegg markert ved sidebrystningar i form av rekkverk med dreia balustrar, midttrapp med to steg og det austre opplengjeparet som i raftehøgd korresponderer med den austre bindbjelken.

Vindauge

Yttervindauga er dei opphavlege. Dei har gavlforma øvre avslutting, midtpost som går ut i Y oppe og to gavlforma rammer med 2x6 ruter i kvar ramme der dei to øvste rutene er skrådde i overkant. Felte mellom rammene oppe har fire liggjande, farga småruter. Både indre og ytre gerikter har flater lister med karnissprofil mot den tjukkaste, indre sida og staff i yttersida. Nokre av dei indre geriktene er fornya og har noko slankare profilar.

Sekundært er det sett til vareglass innvendes, festa til list i karmen. Desse har to rammer i gavlform, der svikelen oppe har eit felt som også gjev det heile gavlform. Kvar ramme er styrkt med ein horisontal post midt på. Inndelinga er 2x6 ruter som i originalvindauga, runene har svakt farga katedralglas i bly.

Golv og fundament

Skipet og koret har bordgolv av smale golvbord lagde i lengderetning, truleg nyare enn kyrkja.

Kyrkja ligg i skråning ned mot vest og fundamentet er knapt synleg under austveggen. Det er murt opp med stein og pussa utvendes. Under tårnet er det støypt på sement utvendes.

Tak

Det ligg eitt saltak over kor og skip. Taket er eit sperretak med ettermåten tettstilte sperreband som alle har sperrer, saksesperrer og hanebjelke. I hjørna mellom hanebjelken og sperrene er det lagt inn langsgåande dragarar. Tønnehimlinga er isolert på oversida, og sperrefesta er ikkje tilgjengelege, men det er lagt på laskar som gjev taket ein svai i nedre del. Denne svaien er også teken opp att på saltaka over den ytste delen av tilbygget. Sperreverket ber nyare sutak som underlag for ruteheller.

Himlingar

Samanhengande tønnehimling av panelbord i lengderetning i kor og skip. Himlinga, som må vera fornya, er festa til gamle bogar festa til takverket.

Tårn

Vesttårnet har fire sider og same snittflate opp mønet over kyrkja. Der er tårnet dekt av eit skjørt som formidlar overgangen til den smalare, øvre delen av klokkerommet. Denne er dekt med inntrekt åttekanta hjelm avslutta med spir med kule og hane.

Veggene opptil raftehøgd er lafta gjennom vestveggen i skipet. Veggene er kledde utvendes med liggjande sulagde glattkanta bord. Skjørtet og hjelmen er dekte med (kopar)plater. Det er eit sirkulært vindauge oppe i tårnet på vestsida Ei gavlforma vindauge med ti ruter på sørsida og eit lite, gavlforma vindauge på nordsida over inngangsdøra frå rullestolrampen.

Tårnet er lafta opp til raftehøgd, men hjørnestolpane for tårnet går heilt ned til grunnen inne i hjørna. Innvendes er vegger og himlingar her kledde med (…)panel, noko som må ha skjedd ved eit omfattande arbeid i tårnet på 1960?-talet. Over tømmerdelen er konstruksjonen synleg og viser vanleg tårnkonstruksjon med ytre og indre hjørnestolpar, to mellomstolpar på kvar side, bjelkerammer i skiljet mellom høgdene og kryssband på sidene. Under det sirkulære vindauget i vest ligg golvet i klokkerommet. Det ligg på eit fundament av to kraftige tverrgåande bjelkar som ber klokkestolen og ein langsgåande som ber kongestolpen i hjelmen. Her kviler også hjørnestolpane i den øvre, smalare delen av klokkerommet. Denne har lydluker mot sør og nord. Sutaket i hjelmen og skjørtet er av nyare materiale.

Det har også skjedd endringar inne i tårnet dei seinaste åra. Det har vorte lettare å komma fram ved at det er sett opp handstøtter ved trappene og laga nye trapp opp frå gallerihøgd. Golvet i klokkerommet er også laga sikrare.

Tilbygg

Nord for koret er det eit sakristitilbygg i to delar. Den ytste delen er noko kortare, lægre og smalare enn den inste, og høyrer truleg til det opphavlege bygget.

Dette vart flytta ut då det vart naudsynt å utvida tilbygget i …, og ein ny, større bygningslekk vart sett mellom koret og det gamle sakristiet. Den nye delen inneheld gang og toalett, medan sakristiet fyller den gamle delen og går noko inn i den nye. Begge delane har saltak med gavl mot nord. Veggene, truleg bindingsverk (?), er kledde utvendes med liggjande sulagde glattkanta bord. Då den nye delen kom til, vart alle vegger og himlingar kledde innvendes med ståande, umåla skuggepanel. Golva er truleg plategolv med teppe i sakristi og gang og vinyl på toalettet. Dørene er nye fyllingsdører. Ytterdøra i vest kan vera den gamle som er oppattbrukt.

Golvet i tilbygget er kledd med teppe i gang og sakristi og med vinyl på toalettet. Det er truleg eit plategolv på golvbjelkar. Grunnmuren er støypt.

Interiør

Tradisjonelt interiør med altar, altartavle og altarring sentralt aust i koret. Døypefonten står nordvest i koret, men kan flyttast. Preikestolen er på hjørnet nordaust i skipet med oppgang frå koret og døra til sakristiet. Piano på sørsida vest i koret. I skipet er det benkerader på begge sider av midtgangen som går frå inngangsdøra i vest til kortrappa. Over inngangen er det tverrgalleri. Elektrisk lys og oppvarming.

Oversyn over viktige endringar i interiøret

[...]

Fargar

[...]

Kyrkja har no følgjande fargar: Veggene er kremgule eller lyst beige. Den panelte imlinga i kor og skip står umåla. Bordgolvet er lakka. I skipet har veggene ei panelt brystning som er måla mørk olivengrøn. Denne fargen og den djupe raudbrune fargen som finst på opplengjer og listverk, går også att i inventardelar som benker, galleribrystning, preikestol, altarring og korskilje, då staffert med gull. Vindauga er kvite. I midtgangen ligg ein sisalløpar med fiskebeinsmønster fram til altarringen. Inne i altarringen er det også sisalteppe.

Glasmåleri

Vindauga har farga småruter i raudt og grønt oppe i gavlen.

Inventar

Altar

Altaret er eit nytt kassealtar av sponplater med hylle av limtre og skyvedører av sponplater på baksida. Kortsiden og framsida er kledd med stoff. Altaret er 97 cm høgt, 217 cm breitt og 87 cm djupt.

Altartavle

a) Ein gullfarga altarkross er oppbevart i kyrkja.

b) I kyrkja er det også ei eldre altartavle som har hatt det same biletet som dagens altartavle. Tavla er rektangulær med listemarkeringar oppe og nede. Ho har to hengsla fløyer som tilsaman dekkar det rundboga midtfeltet. Alle flater er måla i matt svart. Listverket er gullfarga. Det tredelte skriftfeltet nede på tavla har innskrifta: Herre, frels mig! Math. 14.30.

c) Enkel nygotisk tavle med sidesøyler med fas og kapitel av listverk. Over det rundboga biletfeltet mellom søylene er tavla avslutta med vimperg. Vimpergen og søylene er toppa med latinske kløverbladkrossar. Under biletfeltet er det eit skriftfelt med innskrifta: Herre, frels mig! Math. 14.30. Måleriet i biletfeltet er ei framstilling av Peter som går på sjøen. Det er signert i nedre høgre hjørne: C. Brun, kopi efter Plockhorst [18]90.

Altarring

Altarringen er også fornya. På golvet under sørsida av altaret er namna på dei som har gjort dette og truleg anna arbeid i kyrkja måla.

Altarringen går rett ut med port frå bakhjørna på altaret og har rette stykke på nord- og sørsida. Framsida er sirkelsegmentforma. Kneleputa er trekt med raudbrunt skinn, balusterrekkverket er truleg kopi av eldre rekkverk, handlista er flat. Kneleskammel i same for og materiale. Ein eldre kneleskammel trekt med fløyel er oppbevart.

Døypefont

Åttekanta døypefont med kum og fot av listverk med holkilar, sprang og vulstar og med fordjuping for dåpsfat i kummen. Farga som interiøret elles.

Preikestol med oppgang

Preikestolen har sekssider av ein åttekant. Kvar side har ei rektangulær fylling og enkle smalfelt oppe og nede avgrensa av list. Under handlista er det ei gesimslist med sprang, holkil og vulst, og nede er stolen avslutta mot detaljert listverk som skrår inn mot åttekanta fot på vidare åttekanta sokkel. Fargar som i interiøret elles.

Oppgangen er via ei enkel trapp med tre steg ved nordveggen i koret. Det er eit merke i veggen som tydar på at preikestolen tidlegare har stått høgre og noko lengre vest.

Lesepult

Lesepulten er laga av smijarn. Stanga som ber lesebrettet har eit påmontert kristogram i form av chi og jota. På foten er det festa ei innskriftsplate: Minnegåve frå 1997. Marie og Kristian Raunehaug.

Benker

Det er benker på begge sider av midtgangen heilt bak til vestveggen. Saman med brystning i høgd med handlistene på benkene, og dei rette vangane som vart laga i …, gjev benkene eit heilskapleg inntrykk av slutta benkeparti.

Benkene har runda benkefjøler som i tillegg til gavlane er støtta av tre bukkar, den eine ved veggen. Desse går opp bak ryggane og ber salmebokhylle under handlista. Ryggane er heile med fyllingar av finerplater i ramme. Måla som interiøret elles.

Galleri

Galleriet er bore ope av fire stolpar under galleribjelken og er elles festa til veggene. To av stolpane flankerer midtgangen og to er veggstolpar. Gallerifronten har eit kort framspring frå det frittståande stolpeparet. Fronten har enkle, nærast kvadratiske fyllingar, tre på kvar side av orgelets ryggpositiv som bryt gallerifronten. Under galleriet er det flat himling av den same panelen som er brukt i tårnfoten. Golvet på galleriet er flatt og dekt av teppe. Mot vest har brystninga eit tidstypisk panel, truleg frå 1960-åra. Nord på galleriet står det fire enkle benker. Orgelet står sentralt på galleriet.

Skulptur

Kyrkja har eit lite krusifiks av bronse, 39 cm høgt.

Måleri

Nattverden. Kopi av eldre måleri, usignert.

På orgelgangen er det oppbevart tre trykk.

a) Kristus innfor Pilatus efter Muncácsys verdensberömda tafla, Central-Tryckeriet, Stockholm. Fargetrykk.

b) Han er oppstanden! Er ist auferstanden! Ev. Lukas Cap. 16v.5, Mark. 15.6. R. Abels Kunstforlag, Christiania.

c) Kommer hid til migalle, som arbeide og ere besværede, og eg vil give eder hvile. Carl Block Pinx. V Winckel & Magnussen.

Rituelle kar

Kalk

Kalk av sølv med forgylling inne i kupa. Seint 1800-tal. Utsvinga djup kupa med isett nebb under munningskanten. Skaft, nodus og fot er laga i eitt stykke med vulstar og holkilar. Fullstempla: Sju kurler (Bergen),13 Lg (sølv), T. BORS (Børs), 7 M (juli), (18)61. Høgde 19,7 cm, diameter kupa 11,7 cm.

Særkalkar av sølv med innvendes gylt kupa. Flat kupa og høgtstilt nodus på utsvinga fot. Stempel 830 S og kalk i oval. Latinsk kross stempla på foten. Høgde 7,6 cm, diameter fot 5,4 cm.

Disk

Disk med skrådd rand og runda sider ned mot runda botn. Ytst på randa ein dekorert kant med tettstilte krumma tunger. Fullstempla: Sju kuler, 13 1/3, T BÖRS, 7M, (dårleg stempel, truleg 18)61. Diameter 15,9, høgde 1,9 cm.

Oblatøskje

Kyrkja har ei øskje i blekk med påstempla innskrift på loket: Kyrkje-Oblater frå Diakonissehuset Oslo. Øskja er 13,6 x 13,6 cm og 3,2 cm høg.

Vinkanne

Vinkanne i plett, truleg seint 1800-tal. Ikkje i bruk. Ho har runda lok med jekk festa til s-forma hank på korpus. Djup nebbforma tut er sett inn i korpus på motsett side. Korpus er konisk med vidare fot med holkil og vulst. Ustempla. Høgde med jekk 27,5 cm, diameter fot 14,6 cm.

Dåpsfat

Massing dåpsfat, truleg frå kyrkja var ny. Fatet har skrå rand med opphøga kant. Runda sider ned mot runda botn. Umerkt. Diameter 45 cm, høgde 6,5 cm.

Kanne

a) Standar massing kanne til dåpsvatn. Pæreforma korpus med vid hellekant og s-forma hank. Due i stråleglans på korpus. Høgde ved hank 35 cm, diameter fot 14,2 cm.

b) Kanne i kopar, uviss bruk. Korpus er konisk, munningen går opp i ein vid hellekant. Flat hank. Dreve motiv på korpus. Høgde 27,2 cm, diameter fot 12 cm. Stempel: Made in England(?).

Parament

Altarduk

a) Altarduk i aidastoff med hardangersaum med motiv kalkar og krossar. Ikkje i bruk.

b) Som a.

c) Altarduk i lin med broderte, knelande englar på tre sider, alle vende mot ein sentral kross på framsida. Motivet er brodert i moulinégarn i svart, gråbrunt og gyllent. Duken er brodert av … Kyrkja i Vik har tilsvarande duk.

Altarklede

Altaret er kledd med naturfarga kvitt ullstoff med ei tett kypertbinding. Som hovudstoffet i messehakel c.

Messehaklar

a) Raud, skjoldforma fløyels messehakel, truleg frå 1800-talet. Hovudstoffet er i ein kortlugga (bomulls)fløyel som no er i bleikt raudt sentralt og har bleika mot gulbrunt på sidene. Fôret er av eit glatta, tynt lerretsstoff som også er bleikraudt sentralt og lyst gyllent mot kantane. Hovudstoffet er bretta inn på sidene og festa med eit smalt gullband som kantar hakelen utvendes. Fôret er sytt til med korte, tette sting over denne saumen på ranga. Ryggsida har kross av eit 5 cm breitt gullband. Krossendane av bandet er bretta i spiss og knekt innover som dekor, som sokkel er bandet lagt på tvers under krossen og dei øvre hjørna er bretta inn. Hakelen er sydd saman på høgre skulder og er festa med to hekter på venstre skulder. Han er 87 og 95 cm høg og 67 cm brei ved skuldrene.

b) Raud messehakel, 1950-åra. Hovudstoffet er truleg i ull og viskose med mørkraud renning og lysare raud innslagstråd i ein gåsaugevariant. Fôret er i viskose i lerretsbinding i ein gyldenbrun farge. På stoffet er brodert ei kantbord med brunsvarte konturar og gylte krossar. På framsida er sigerslammet med fane brodert i ein krossglorie. På ryggsida er det brodert ein dekkande kross med innsette hjarte og krossmotiv. I krossmidten er det applikert ei kvit due på brodert glorie og krossmidten er innkransa av ein strålering . Hakelen er ikkje merkt, men er mest sannsynleg levert av Den norske Husflidsforening. Høgde 95 og 105 cm, breidde ved skuldrene 64 cm.

c) Kvit messehakel 1986. Hovudstoffet er eit tettvove, naturfarga ullstoff i kypertbinding, fôret er naturkvit fôrsilke. Den øvre delen av hakelen har eit mellomfôr. Begge sider har ein applikert y-kross og krossarmane møtest på skuldrene. Både hakelen og krossane er kanta med ein smal silkekant i burgunder. På framsida er det i krossmidten sett inn eit trapesforma grønt felt med ein liten latinsk kross av smale gullband. På ryggsida er det med gullband og gullbroderi forma ein latinsk kross over krossmidten. Krossmidten er her markert med eit burgunder felt som bakgrunn for krossen. Under denne er applikert eit druemotiv og på stolpen under aksmotiv. Hakelen er merkt på ranga nede på kanten: Vangsnes kyrkje, Utforming Magne Vangsnes, Saum Janne Nes, 1986. Høgde 103 og 108 cm, breidde ved skuldrene 77 cm.

Lysstell

Altarstakar

To massing altarstakar med vid lysskål, balusterforma skaft og vid flat fot. Profilane er noko ulike på dei to stakane, særleg på foten. Begge er merkte med innskrift på foten: N(Y?)KIERCKE Ao 1657. Stakane har truleg hatt pigg tidlegare, no ei låg lyspipe. Høgde 58 cm, diameter fot 27,3 cm.

Andre stakar

To massing stakar, nyare. Utsvinga lyspipe. Glatt skaft over og under rilla nodus. Skaftet står på ein vulst på flat fot som via holkil går over i standkant. Stempel TH. MARTHINSEN. Høgde 28,5 cm, diameter fot 15,7 cm.

Lysekroner

Tre lysekroner i barokk form over midtgangen, den største i midten. Dei to minste er truleg frå kyrkja var ny, medan den største er eldre, 16- eller helst 1700-talet.

a) Lysekrone truleg frå 1700-talet. Krona har oppheng i form av ring, balusterforma skaft med eit vaseforma ledd og to plater med feste for lysarmar. Avslutta nede med kule og knopp. Til kvar av platene er festa seks s-forma lysarmar . Ein tapp går inn i plata og er sikra ovafrå med knopp. Lysskåler og rette lyspiper. Stearinlys.

b) Mindre krone. Ringforma oppheng, kort balusterforma skaft med ei plate med seks s-forma lysarmar festa med skruar til plata, avslutta nede med kule med knopp og ring gjennom knoppen. Lysskåler og balusterforma lyspiper. Stearinlys.

c) Som b.

Lampettar

Nyare lampettar i barokk form med tre lysarmar med elektrisk lys.

Klokke

Klokka er frå det året kyrkja vart teken i bruk, 1861. Ho har krone av midtstong og fire runda bøylar. Halsen er markert med to kraftige riller, sameleis overgangen mellom den utskrådde nedre delen av korpus og den nedbøygde slagringen. Ei innskrift er støypt inn over og mellom dei to rillene over slagringen: LAXEVAAGS VÆRK DEN 11TE SEPTEMBER 1861 BERGENTIL GUDS ÆRE: / LYT TIL MIN KLANG: EG KALDER DIG FRÅ LIVETS KAMP TIL MIMMERIG. Diameter 59 cm, høgde 51 cm utan og 62 cm med krone.

Orgel og andre instrument

Orgel

Orgelet frå Vestlandske orgelfabrikk 1977 er det andre i kyrkja.[13] Lite orgel med rette vegger og synlege trepiper i tre tårn. Ryggpositivet har trepiper på sidene og fem metallpiper sentralt. Lyst finér.

Orgelet har følgjande disposisjon med åtte stemmer fordelte på to manualar og pedal:

Hovudverk Brystverk Pedal
Gedakt 8’ Rørfløyte 8 Subbass 16’
Principal 2’ Spissgedackt 4’
Spillfløyte 4 Siffløyte 1’
Cymbel 2-3 fag Tremolo

Piano

Schimmel, svartlakka.

Bøker

Bibel, Kiøbenhavn 1819. Denne har ei lengre innskrift framme i boka som viser at den er del av ei gåve på 1000 biblar til Noreg frå Det engelske bibelselskap. Av desse kom fire til Leikanger prestegjeld og ein av desse til Vangsnes. Bibelen var tenkt å skulle lånast ut etter nærare fastsette reglar. <br\> Bibelen, Christiania 1897.

Nummertavler

a) Ei svart rektangulær tavle, ikkje i bruk.

b) Ei svart nummertavle med boga overside, ikkje i bruk.

c) Nummertavle som er sett saman av to mindre tavler, den eine til salmar før preika, den andre til salmar etter preika. Tavla har rammer med to kryssa palmegreiner i overkant og ein rundbogefrise i underkant. Gullfarga. Botnen er måla raudbrun og har stiftar for siffer.

Møblar

Brurestolar

Den eine stolen er laga som kopi av den andre og er merkt 12.4.96 Tryti. Begge av eik, men den eldste med mørkare beis.

Forlovarstolar

Forlovarstolar i enklare utføring enn brurestolane, men i same stil.

Offerkar

Skål på altaret

Blomstervasar

a) Blomstervase av plett med sylindrisk, utsvinga korpus og flat fot med drevne tunger ut mot kanten. Stempel GP, tårn og A. Høgde 22,7 cm, diameter fot 8,9 cm.

b) To blomstervasar av sølv. Vasane har boga, firesida korpus og nedskrådd, firesida fot over standkant. På innskriftsplate under foten på begge er skrive med versalar: Til minne om vår kjære son Per Arvid. Petra og Johannes Settevik 1982. Stempel 830 S, kalk i oval og A. Høgde 24,5 cm, største breidde fot: 9,5 cm.

Kyrkjegard og gravminne

Kyrkjegard

Gravminne

Bygningar knytte til kyrkjegarden

Bårehus sørvest på den gamle kyrkjegarden. Enkelt hus med saltak med gavlar i aust og vest. Står på betongmur i skrånande terreng, den doble inngangsdøra på austsida ligg i bakkenivå Kledd utvendes med liggjande panel. [...]

Kjelder

Utrykte kjelder <br\> Synfaring 1661-65, Sogn. Riksarkivet, Rentekammeret, rekneskap, A.d. Bergen Stift, 46<br\> Synfaring 1709, Sogn. Riksarkivet, Rentekammeret, Realistisk ordnet avdeling, pk. 3<br\> Synfaring 1686, Sogn. Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, boks 1725, legg 3<br\> Synfaring 1721. Statsarkivet i Bergen, Stiftsamtmannen, nr. 1719, legg 3, Sogn, år 1721

Trykte kjelder <br\> Hauglid, R., Norske stavkirker : Bygningshistorisk bakgrunn og utvikling, Oslo 1976<br\> Kolnes, S.J., Norsk orgelregister 1328-1992, Førdesfjorden 1993

Nettstader

Oppmålingsteikningar og fotografi

Bilete




  1. Attgjeven i Hauglid 1976, pl. 9
  2. Synfaring 1686
  3. Synfaring 1709
  4. Synfaring 1721
  5. Synfaring 1661-1665
  6. Inventarliste 1670 og 1693
  7. Inventarliste 1670
  8. Inventarliste 1670
  9. Inventarliste 1702 og rekneskap 1699-1701
  10. Inventarliste 1702
  11. Inventarliste 1670
  12. Inventarliste 1723
  13. Kolnes 1993, s 375